Prop. 73 L (2015–2016)

Endringar i valgloven (personval ved stortingsval, frist for godkjenning av førehandsstemmer mv.)

Til innhaldsliste

8 Merknader til dei enkelte føresegnene

Til § 2-7 (3)

Dei som bur i utlandet og er registrerte med opphald i utlandet i meir enn ti år, kan søkje om å bli førte inn i manntalet. Vi føreslår å forskyve fristen frå valdagen kl. 21 til dagen etter valdagen kl. 17.

Dette har samanheng med at vi føreslår å forskyve fristen for når førehandsstemmegjevinga må vere komen inn for å kunne godkjennast, tilsvarande. Dei to fristane heng nøye saman.

Til § 3-4 (2) og (3)

Framlegga fører til at lovteksten blir presisert og forenkla for å klargjere den rettslege realiteten som følgjer av lovendringane av 2011, der lovreglane om nærare oppgjevne fritaksgrunnar blei oppheva. Likevel blei ikkje reglane om retten til å krevje å bli friteken etter at ein kandidat er vald, endra tilsvarande, slik at det kan sjå ut som om kandidaten har ein fritaksrett, sjølv om han eller ho ikkje har kravd å bli stroken av eit listeframlegg.

Framlegga her inneber at den som lèt vere å krevje å bli stroken av eit listeframlegg til kommunestyreval og fylkestingsval innan den fristen valstyret eller fylkesvalstyret set, ikkje kan krevje fritak med heimel i vallova etter å ha blitt vald.

Til § 7-2 (1)

Vi føreslår at veljarane skal ha dei same høva til å gjere endringar på stemmesetlane ved stortingsval som det som gjeld ved fylkestingsval. Veljarane kan gje ei personstemme til kandidatar ved å setje eit merke ved kandidatnamnet. Samtidig fell høvet til å stryke namn og nummerere om kandidatrekkjefølgja bort. Dersom veljaren har gjort slike endringar, fører ikkje det til at stemmesetelen skal forkastast. Ein skal sjå bort frå endringane ved oppteljing og valoppgjer.

Til § 8-1 (3)

Framlegget er ein konsekvens av framlegget om å forskyve fristen for når førehandsstemmegjevinga må vere komen inn til valstyret.

Til § 9-5 a

Paragrafen er ny og regulerer korleis stemmegjevinga og oppteljinga skal gjennomførast dersom kommunen vedtek å nytte ei ordning med elektronisk avkryssing i manntalet.

Til nr. 1:

Kommunen kan vedta å ta i bruk ei ordning med elektronisk avkryssing i manntalet på valdagen. Ordninga vil vere frivillig for kommunen. Dersom kommunen vedtek å ta i bruk ordninga, må ho gjennomførast i alle stemmelokala i kommunen.

Ved ei ordning med elektronisk avkryssing i manntalet gjeld reglane om stemmegjeving i vallokalet på valdagen, med unntak av reglane om korleis stemmegjevingar frå veljarar som er manntalsførte i andre delar av manntalet («framande stemmer»), skal behandlast.

Dette inneber at prosedyrane i vallova skal følgjast når det gjeld

  • retten veljarane har til å stemme etter kvart som dei møter fram

  • plikta veljarane har til å legitimere seg dersom dei er ukjende for stemmemottakaren

  • kravet om at veljarane i einerom og usett brettar saman stemmesetelen, leverer han til stemmemottakaren for stempling og sjølve legg stemmesetelen ned i urna

  • retten veljarane har til naudsynt hjelp når dei har behov for det

  • forsegling av urner

Til nr. 2:

Stemmestyret skal krysse av i manntalet for alle med stemmerett i kommunen, uansett om dei er førte inn i den gjeldande delen av manntalet.

Til nr. 3:

Det gjeld ingen særlege reglar for stemmegjevingar frå veljarar som ikkje er manntalsførte i den gjeldande delen av manntalet. Når stemmesetelen er stempla, skal veljaren leggje han ned i urna. Alle stemmesetlar som ligg i urna, skal teljast opp samla, uavhengig av om veljaren er manntalsført i den gjeldande delen av manntalet eller ikkje. Dette fordi det ikkje vil vere mogleg å fordele dei stemmesetlane som ligg i urna, til dei ulike delane av manntalet. Avkryssinga i manntalet vil likevel vise veljaroppslutninga i dei ulike kretsane i kommunen.

Til nr. 4:

Det skal fastsetjast beredskapsrutinar som skal setjast i verk dersom det oppstår straumbrot eller kommunikasjonsbrot mot manntalet i ein kommune som har teke i bruk elektronisk avkryssing. Veljarar som stemmer i periodar med straumbrot, kan ikkje leggje stemmesetelen i urna. Slike stemmer skal behandlast som beredskapsstemmer. Veljaren skal leggje stemmesetelen, etter at han er stempla, i ein stemmesetelkonvolutt. Deretter skal stemmesetelen leggjast saman med valkortet i ein beredskapskonvolutt. Valstyret skal kontrollere og godkjenne beredskapsstemmene. Dersom kommunen har todagarsval, må eventuelle beredskapsstemmer som er komne inn på søndag, behandlast og kryssast av i det elektroniske manntalet før vallokala opnar på måndag.

Til § 10-1 (1) bokstav g

Vi føreslår at førehandsstemmegjevingane må vere komne inn til valstyret innan kl. 17 dagen etter valdagen for at dei skal kunne godkjennast. Framlegget inneber at fristen blir forskoven frå kl. 21 på valdagen.

Til § 11-5 (1)

Framlegget inneber at veljarane får høve til å påverke personvalet ved stortingsval.

Vi føreslår – som ved fylkestingsval – at kandidatar må oppnå eit tal på personstemmer som svarer til minst åtte prosent av stemmetalet til lista for at personstemmene kan få noko å seie for kandidatkåringa. Dersom fleire kandidatar får meir enn åtte prosent, skal dei rangerast etter talet på personstemmer. Dette kan vi illustrere med følgjande eksempel:

Ei liste får vald tre representantar til Stortinget. Dei tre øvste kandidatane på lista får følgjande tal personstemmer – i prosent av stemmetalet til lista:

Kandidat A, som er nr. 1, får 8 prosent

Kandidat B, som er nr. 2, får 9 prosent

Kandidat C, som er nr. 3, får 10 prosent

Ved valoppgjeret blir rekkjefølgja slik:

1. Kandidat C

2. Kandidat B

3. Kandidat A

Til § 11-11

Framlegget inneber at den plikta fylkesvalstyret har til å varsle dei valde representantane og vararepresentantane om retten til å krevje seg fritekne, blir oppheva. Dette heng saman med at vallova ikkje lenger har reglar om rett til fritak etter at ein representant er blitt vald.

Til § 11-13

Framlegget inneber at den plikta valstyret har til å varsle dei valde representantane og vararepresentantane om retten til å krevje seg fritekne, blir oppheva. Dette heng saman med at vallova ikkje lenger har reglar om rett til fritak etter at ein representant er blitt vald.

Til forsida