Prop. 76 L (2015–2016)

Endringar i inndelingslova og kommunelova (behandling av kommunesamanslåingar mv.)

Til innhaldsliste

10 Kven som kan veljast som medlem i fellesnemnda

10.1 Gjeldande rett

Fellesnemnda blir valt av og mellom medlemmene i kommunestyret eller fylkestinget, jf. inndelingslova § 26. Etter gjeldande rett er det uklart om medlemmer av kommuneråd og fylkesråd er valbare til fellesnemnda, sidan dei går ut av kommunestyret eller fylkestinget i perioden dei er medlemmer av kommuneråd eller fylkesråd, jf. kommunelova § 19 nr. 7. For parlamentarisk styrte kommunar eller fylkeskommunar som skal slå seg saman, inneber dette at sentrale folkevalde kanskje ikkje kan sitje i fellesnemnda.

10.2 Framlegget frå departementet

Føremålet med lovendringa er å klargjere at dei som sit i kommunerådet eller fylkesrådet også kan sitje i fellesnemnda som skal «samordne og ta seg av førebuinga av samanslåinga eller delinga», jf. inndelingslova § 26.

Det var i samband med ei konkret sak om samanslåing av ein fylkeskommune med parlamentarisk styreform med ein fylkeskommune med ordinær styreform, at departementet blei merksam på at inndelingslova kunne vere eit hinder for at medlemmer av kommuneråd og fylkesråd kan veljast til fellesnemnda. Framlegget om å gjere endringar i kven som kan veljast til fellesnemnda, var ikkje med i høyringsnotatet. Spørsmålet om kven som kan veljast som medlem i fellesnemnda har mykje å seie i konkrete saker, og det er ønskjeleg at lova blir endra raskt. Lovendringa vil gjelde få kommunar og fylkeskommunar. Departementet meiner at lovendringa legg til rette for å oppfylle føremålet med fellesnemnda, nemleg best mogleg lokalpolitisk representasjon. Dette er grunnlaget for at departementet gjer framlegg om lovendring utan at det har vore med i den alminnelege høyringa.

Fellesnemnda er det sentrale organet i ein samanslåingsprosess. Forarbeida til lova gir ikkje grunnlag for å seie at det var meininga til lovgivar å utelukke sentrale folkevalde, som medlemmer i kommuneråd eller fylkesråd, frå fellesnemnda. Drøftinga i Ot.prp. nr. 41 (2000–2001) punkt 8.2.2 som låg til grunn for inndelingslova, viser at merksemda var retta mot formannskapsmodellen. Det heiter her:

Dei fellesnemndene som har vore i funksjon hittil, har vore samansette av formannskapa. Departementet fann det likevel ikkje formålstenleg å føreslå dette som eit obligatorisk system, sidan storleiken og funksjonen til formannskapet kan variere mykje frå kommune til kommune og uavhengig av storleiken på kommunestyret eller folketalet i kommunen.

Samansetjing av fellesnemnda i kommunar med parlamentarisk styreform er ikkje drøfta i forarbeida. Ifølgje forarbeida og rundskrivet til inndelingslova er det ønskjeleg med ein tett relasjon mellom dei ansvarlege organa i kommunane eller fylkeskommunane og fellesnemnda. Kommunerådet og fylkesrådet vil etter deparementets vurdering vere slike ansvarleg organ som det er tenleg å knyte til fellesnemnda gjennom at dei same personane er representert begge stader.

Det blir understreka i Ot.prp. nr. 41 (2000–2001) «at det er viktig å sikre at nemnda ikkje får innverknad på drifta i dei eksisterande kommunane. Dei valte kommunestyra må vere ansvarlege for den daglege verksemda i kommunane så lenge kommunane består som sjølvstendige einingar.» Medlemmer av kommuneråd og fylkesråd er leiarar for administrasjonen og formelt nærare drifta av dei eksisterende kommunane og fylkeskommunane enn ordførar og andre medlemmer av formannskapet og fylkesutvalet. Sidan alle opererer innanfor rammene som kommunestyret eller fylkestinget set, meiner departementet at dette ikkje er noko argument mot framlegget.

Lovendringa går ut på at det blir klarlagt at også medlemmer av kommunerådet og fylkesrådet kan veljast til fellesnemnda. Dermed får kommunane og fylkeskommunane høve til å setje saman fellesnemnda med også desse personane.

Til forsida