Prop. 76 L (2015–2016)

Endringar i inndelingslova og kommunelova (behandling av kommunesamanslåingar mv.)

Til innhaldsliste

11 Økonomiske og administrative konsekvensar

Lovendringane i inndelingslova vil kunne føre til nokre fleire saker som fylkesmannen og departementet må behandle. Dei økonomiske og administrative konsekvensane av dette er likevel svært avgrensa, og dei blir derfor finansierte innanfor dei gjeldande budsjettrammene. For kommunane, fylkeskommunane og staten elles vil dei økonomiske og administrative konsekvensane av lovendringane vere svært avgrensa.

Slik framlegga i inndelingslova er utforma, blir regelverket tydelegare og meir oversiktleg. Klarare reglar er ein fordel for kommunar og fylkeskommunar som vurderer å endre grensene.

Departementet meiner at framlegga i kommunelova ikkje inneber økonomiske konsekvensar for kommunar og fylkeskommunar. Framlegga vil krevje visse endringar i dei administrative førebuingane til møte i kommunale føretak, men heller ikkje dei administrative konsekvensane er vesentlege.

Departementet legg etter dette til grunn at ingen av framlegga fører til behov for auka overføringar til kommunane eller fylkeskommunane.

Til forsida