Prop. 76 L (2015–2016)

Endringar i inndelingslova og kommunelova (behandling av kommunesamanslåingar mv.)

Til innhaldsliste

12 Merknader til dei einskilde føresegnene

Merknader til kommunelova

Til § 29 nr. 4

Lovendringa er omtala i punkt 9 ovanfor. Føresegna gjer plikta til å kunngjere møte i folkevalde organ gjeldande også for styret i kommunale og fylkeskommunale føretak. Kravet til kunngjering er dei same som krava til kunngjering av møte i dei folkevalde organa i kommunen elles. Det vil seie at det ikkje er krav om ei fast kunngjeringsform, men at kunngjering skal skje på ein slik måte at det er grunn til å tru at meldinga vil nå ut til innbyggjarane i samfunnet i rimeleg tid før møtet.

Til § 32 nr. 3

Lovendringa er omtala i punkt 9 ovanfor. Endringa klargjer at det òg er plikt til å kunngjere møte som truleg blir haldne for lukka dører. Slik blir innbyggjarane kjende med at det folkevalde organet skal ha eit møte, og dei kan i det minste vere til stades på den opne avstemminga om at møtet skal lukkast.

Til § 62 nr. 2

Lovendringa er omtala i punkt 8 ovanfor. Føresegna opnar for ei særleg ordning for styring av kommunale føretak i parlamentarisk styrde kommunar og fylkeskommunar. Her kan kommunestyret eller fylkestinget sjølv velje å delegere styringa av føretaka til kommunerådet eller fylkesrådet, og rådet kan delegere dette myndet vidare til den enkelte kommune- eller fylkesråden, så framt ikkje kommunestyret eller fylkestinget sjølv har fastsatt at myndet ikkje kan delegerast vidare til dei enkelte kommunerådane eller fylkesrådane. Mynde hos kommuneråd eller fylkesråd eller den enkelte råden avheng av at kommunestyret vel å delegere myndet. Kommunestyret eller fylkestinget står fritt til å trekkje tilbake dette myndet når som helst, eller eventuelt til å instruere rådet eller råden i utøvinga av myndet. Kommunestyret eller fylkestinget sjølv må opprette og leggje ned kommunale føretak, dette myndet kan ikkje delegerast.

Til § 68 nr. 2

Lovendringa heng saman med endringa av § 29 nr 4, om krav til å kunngjere møte i styret i kommunale og fylkeskommunale føretak. Prinsippet om møteoffentlegheit tilseier at det også bør vere openheit om kva som skal behandlast under møtet, ved at det ligg føre ei saksliste. I samband med at det blir stilt krav til at møte i folkevalde organ i kommunale føretak skal kunngjerast, blir det derfor også stilt krav til at innkallinga til møte skal innehalde ei saksliste. Det blir framleis mogleg å gjere vedtak i ei sak som ikkje er oppført på saklista, dersom vilkåra for det er oppfylte, jf. § 68 nr. 7. Vidare skal sakslista utformast slik at ho ikkje kjem i konflikt med den plikta føretaket har til ikkje å gi innsyn i opplysningar som er omfatta av teieplikta.

Til § 70

Lovendringa heng saman med endringa av § 62 nr 2, om adgangen til å kunne delegere myndet til å styre kommunale og fylkeskommunale føretak til kommune- eller fylkesrådet og vidare til dei enkelte rådane. Ny siste setning i § 70 gir kommune- eller fylkesrådet i kommunar eller fylkeskommunar med parlamentarisk styreform høve til å videredelegere myndet til å tilsetje dagleg leiar i kommunale føretak til enkeltmedlemmer av rådet, dersom ikkje kommunestyret eller fylkestinget sjølv har bestemt noko anna.

Merknader til inndelingslova

Til § 3

Lovendringa er omtala i punkt 5 ovanfor. Nytt tredje punktum i § 3 tredje ledd opnar for større fleksibilitet i prosessen etter inndelingslova når fleire endringar blir vurderte samtidig.

Departementet kan fastsetje at ei grenseendring i sak om deling etter andre ledd bokstav b skal behandlast som ei grensejustering dersom den aktuelle delen av ein kommune eller eit fylke skal leggjast til ein annan kommune eller eit anna fylke, har ein mindre del av innbyggjarane.

Dei skjønnsmessige vurderingane knytt til kva som er ein «mindre del» etter lovendringa i § 3 tredje ledd, er ikkje samanfallande med vurderinga av kva som er «mindre saker» etter forskrift 19. april 2007 nr. 422 om delegering av mynde til fylkesmennene etter inndelingslova. Dei første vurderingane gjeld val av avgjerdsprosess etter inndelingslova knytt til talet på innbyggjarar, medan vurderingane etter forskrifta gjeld om mynde til å ta ei avgjerd om grensejustering er delegert frå departementet til fylkesmannen. I punkt 5 har departementet peika på ulike relative storleikar og kva utfallet normalt vil vere. Desse gjeld berre for vurderinga etter inndelingslova § 3 tredje ledd. Departementet har ikkje set tilsvarande rammer for vurderinga etter delegeringsforskrifta.

Til § 16 a

Lovendringa er omtala i punkt 3 ovanfor. Føresegna byggjer på at dersom éin eller fleire av kommunane eller fylkeskommunane skal slåast saman, og éin eller fleire av desse er registrerte i ROBEK, blir den nye kommunen eller fylkeskommunen etter samanslåinga ikkje automatisk registrert i ROBEK etter kommunelova § 60.

Fyrste punktum inneber at departementet fram til samanslåinga blir sett i verk, kan bestemme om den nye kommunen eller fylkeskommunen skal registrerast i ROBEK eller ikkje. Føresegna rettar seg mot tilfelle der kommunar eller fylkeskommunar før ei samanslåing er innmelde etter kriterium c eller d i § 60 nr. 1. Dersom éin eller fleire av kommunane eller fylkeskommunane før samanslåinga er innmelde etter kriterium c eller d, kviler spørsmålet om den nye kommunen eller fylkeskommunen skal inn i ROBEK, på ei skjønnsvurdering frå staten si side (subjektiv vurdering). Dersom ein eller fleire av kommunane eller fylkeskommunane før samanslåinga er innmelde etter kriterium a eller b i § 60 nr. 1, kviler spørsmålet om den nye kommunen eller fylkeskommunen skal inn i ROBEK derimot på om økonomiplanen eller årsbudsjettet for den nye kommunen eller fylkeskommunen er vedteken i balanse (objektiv vurdering).

Etter andre punktum er det eit vilkår at departementet berre kan bestemme innmelding i ROBEK dersom ein ikkje kan vente at den nye kommunen eller fylkeskommunen klarer å dekkje inn eit meirforbruk innan to år, og det er behov for økonomisk kontroll av kommunen. Vurderinga av om det er behov for kontroll må byggje på kor stort meirforbruket er, sett opp mot økonomien til den nye kommunen eller fylkeskommunen.

Til 16 b

Lovendringa er omtala i punkt 4 ovanfor. Føresegna slår fast at reglane om forkjøpsrett i aksjelova ikkje gjeld når aksjar skiftar eigar frå ein kommune til ein annan kommune som følgje av kommunesamanslåing eller kommunedeling. Det same gjeld viss aksjar skiftar eigar frå ein fylkeskommune til ein annan fylkeskommune. Verken private, statlege eller (andre) kommunale aksjeeigarar vil kunne gjere forkjøpsrett gjeldande når aksjar skiftar eigar på den måten som føresegna beskriv. Føresegna tek mellom anna sikte på å klargjere rettstilstanden og gjere han føreseieleg for dei aktørane som han gjeld. Føresegna skal òg leggje til rette for kommunereformprosessen og gi kommunane eit tydelegare avgjerdsgrunnlag i samband med han.

Føresegna gjer òg unntak frå kravet i aksjelova om at selskapet i utgangspunktet må samtykke når aksjar skiftar eigar som følgje av kommunesamanslåing eller kommunedeling. Denne delen av føresegna byggjer på dei same omsyna som den delen som gjeld forkjøpsrett. Det er eit viktig moment at ingenting skal vere uklart når aksjar skiftar eigar som følgje av kommunesamanslåing. Då er det behov for å gjere unntak frå kravet om at selskapet i utgangspunktet skal samtykke når aksjar skiftar eigar.

Til § 17

Lovendringa er omtala i punkt 7 ovanfor. Ny bokstav e i § 17 andre ledd lovfestar ein etablert praksis for å setje saman kommunestyret eller fylkestinget etter ei samanslåing. Med lovendringa gir inndelingslova uttrykkjeleg heimel til å forkorte kommunestyreperioden for ein del av kommunestyremedlemmene og la kommunestyret for den nye kommunen dei første åra etter samanslåinga vere samansett av medlemmer som er valde av og mellom medlemmene i dei tidlegare kommunestyra. Dette er eit alternativ til å halde ekstraordinært val før ei samanslåing. Heimelen kan ikkje nyttast dersom samanslåinga tek til å gjelde ved årsskiftet etter eit ordinært kommunestyre- og fylkestingsval. Det kan gjerast unntak knytt til både val til og samansetjing av kommunestyre og fylkesting.

Dersom kommunane eller fylkeskommunane ønskjer at det nye kommunestyret eller fylkestinget skal setjast saman på denne måten fram til det neste ordinære kommunestyre- og fylkestingsvalet, kan Kongen nytte den nye heimelen i bokstav e til å fastsetje dette i den kongelege resolusjonen om samanslåinga. Det er mogleg for kommunane å la den mindre av kommunane få relativt fleire representantar enn det som er matematisk likt. Kommunane kan òg avtale at den politiske balansen i den eine kommunen ikkje blir fullt ut spegla av i medlemmene som blir valde til det nye kommunestyret fram til neste ordinære kommunestyreval. Etter eit ordinært eller ekstraordinært kommunestyre- eller fylkestingsval vil det igjen stå like mange innbyggjarar bak kvart medlem.

Valet av medlemmer til det nye kommunestyret eller fylkestinget må gjerast av kommunestyret eller fylkestinget sjølv. Valet kan ikkje delegerast.

Til § 25

Lovendringa er omtala i punkt 6 ovanfor. Etter systemet i inndelingslova skal det gjennomførast to nasjonale vedtak ved samanslåing. Ny fjerde setning i § 25 første ledd opnar for at departementet kan gjere unntak frå kravet om felles kommunestyremøte. Lovendringa lovfester ein praksis om ikkje å halde felles kommunestyremøte etter det nasjonale vedtaket om samanslåing. Ordninga med å halde eit felles kommunestyremøte før lokale vedtak om samanslåing der alle spørsmål i lova blir behandla, byggjer på ein lang og samanhengande praksis under skiftande regjeringar. Lovframlegget stiller ikkje uttrykkjelege vilkår for når departementet kan gjere unntak frå kravet om felles kommunestyremøte, men føresetnaden er at alle nødvendige avgjerder som normalt blir drøfta i det felles kommunestyremøtet går fram av likelydande avgjerder i kommunestyra. Lovteksten er endra etter høyringa for å få fram at departementet også kan gjere unntak frå kravet om felles fylkestingsmøte.

I tilfelle der kommunane før søknaden om samanslåing er blitt samde om alle dei praktiske tilhøva (namn og anna), vil det ikkje lenger vere behov for eit etterfølgjande felles kommunestyremøte.

Dersom Kongen eller Stortinget tek ei avgjerd som ikkje er i tråd med løysinga kommunane var samde om, må dei likevel halde felles kommunestyremøte etter det nasjonale vedtaket.

Til § 26

Lovendringa er omtala i punkt 10 ovanfor.Føremålet med lovendringa er å klargjere at dei som sit i kommunerådet eller fylkesrådet også kan sitje i fellesnemnda som skal «samordne og ta seg av førebuinga av samanslåinga eller delinga».

Nytt femte punktum i § 26 første ledd knyter seg til fjerde punktum, som seier at fellesnemnda blir «valt av og blant medlemmene i kommunestyret eller fylkestinget». Den nye føresegna slår fast at også medlemmer av kommuneråd og fylkesråd kan veljast til fellesnemnda. Etter gjeldande rett er det uklart om medlemmer av kommuneråd og fylkesråd er valbare til fellesnemnda, sidan dei går ut av kommunestyret eller fylkestinget i perioden dei er medlemmer av kommuneråd eller fylkeråd, jf. kommunelova § 19 nr. 7. Forarbeida til inndelingslova gir ikkje haldepunkt for at det var meininga å halde desse utanfor fellesnemnda. § 26 er ein regel om val av einskildmedlemmer til fellesnemnda. Lova legg ikkje opp til at kommunerådet eller formannskap blir vald som kollegium.

Ordlyden i det som no blir sjette punktum er forbetra utan å endre det rettslege innhaldet.

Til forsida