Prop. 76 L (2015–2016)

Endringar i inndelingslova og kommunelova (behandling av kommunesamanslåingar mv.)

Til innhaldsliste

4 Kommunesamanslåing og forkjøpsrett til aksjar

4.1 Gjeldande rett

Aksjelova § 4-15 (3) og 4-19 (1) bestemmer at aksjeeigarane har rett til å ta over ein aksje som har skifta eigar, med mindre noko anna er fastsett i vedtektene. Etter aksjelova § 4-21 (1) utløyser alle former for eigarskifte denne forkjøpsretten. Forarbeida omtaler derimot ikkje ein situasjon der aksjar blir overførte frå éin kommune til ein annan kommune som følgje av at kommunar blir slått saman eller delte. Verken lovteksten eller forarbeida gir såleis klare indikasjonar på om ei slik overføring av aksjar skal vurderast som «eigarskifte». Departementet kjenner heller ikkje til at denne forma for overføring av aksjar er kommentert i juridisk teori.

Likevel finst det fråsegner knytte til forkjøpsrett i samband med fusjon og fisjon av aksjeeigande aksjeselskap. Det ser ut til å vere brei semje i den juridiske teorien om at fusjon ikkje utløyser forkjøpsrett (sjå t.d. Andenæs i Aksjeselskaper og allmenn-aksjeselskaper (1. utg.), s. 171). Ein selskapsfusjon eller selskapsfisjon har klare likskapstrekk med ei kommunesamanslåing eller kommunedeling. Rettskjeldebiletet knytt til fusjonar og fisjonar av aksjeeigande aksjeselskap er derfor relevant når det gjeld kommunar.

Spørsmålet om fusjon av aksjeeigande aksjeselskap er også omtalt i ein dom frå Borgarting lagmannsrett frå 2009 (LB-2009-009559). Lagmannsretten legg til grunn at fisjon eller fusjon i utgangspunktet ikkje utløyser forkjøpsrett, og peiker på kontinuitets-prinsippet som hovudgrunngiving for dette. Fusjon og fisjon føreset ei samla overføring av rettar, eigedelar og forpliktingar. Det er altså føresett at verksemda skal halde fram i det fusjonerte selskapet. At verksemda held fram, er kjernen i kontinuitetsprinsippet.

Formålet med forkjøpsretten er å ta vare på det behovet for kontroll som aksjonærane har når det gjeld nye aksjonærar i selskapet. Departementet meiner at dette formålet ikkje gjer seg like sterkt gjeldande ved fusjonar som ved meir vanlege former for eigarskifte.

Vurderinga til departementet er at det samla rettskjeldebiletet tilseier at aksjelova § 4-21 ikkje heimlar forkjøpsrett som følgje av ein fusjon.

Departementet meiner det same må gjelde for det eigarskiftet til aksjane som skjer ved kommunesamanslåing. Det er klare likskapstrekk mellom ein selskapsrettsleg fusjon og ei kommunesamanslåing.

Også når kommunar slår seg saman, gjeld det eit kontinuitetsprinsipp: Den kommunale verksemda skal halde fram i den samanslåtte verksemda.

4.2 Høyringsnotatet

Departementet foreslo ei lovføresegn som skal slå fast at når aksjar går frå ein kommune til ein annan som følgje av samanslåing eller deling, blir ikkje forkjøpsretten etter aksjelova utløyst. Departementet la til grunn at føresegna berre inneber ei klargjering av gjeldande rett. Det blei peikt på at det er viktig å klargjere rettstilstanden og gjere han føreseieleg for både kommunale aksjeeigarar og andre aksjeeigarar. Ein klar rettstilstand er særleg viktig i samband med kommunereforma som er i gang, men også uavhengig av reforma bør uklare rettslege spørsmål knytte til samanslåing og deling av kommunar i størst mogleg grad klargjerast.

Lovframlegget byggjer også på eit behov for å leggje til rette for kommunereforma. Ein klar og tydeleg regel som slår fast at aksjar følgjer med over i den nye kommunen, gir kommunane eit klarare avgjerdsgrunnlag i kommunereformprosessen.

Departementet stilte også spørsmål om reglane knytte til samtykke frå selskapet ved eigarskifte av aksjar bør endrast. Det følgjer av aksjelova § 4-15 (2) at samtykke frå selskapet er eit vilkår for erverv av aksjar, med mindre det er fastsett i vedtektene at det ikkje er krav om samtykke. Etter § 4-16 (1) er det i utgangspunktet styret som avgjer dette, og samtykke kan berre nektast når det er ein sakleg grunn for det.

Når det gjeld argument for og mot dette framlegget, meinte departementet at dei langt på veg er dei same som argumenta for og mot framlegget om at forkjøpsrett ikkje skal kunne gjerast gjeldande.

4.3 Høyringa

Av dei som uttalar seg om spørsmålet om forkjøpsrett i høyringa, går 34 høyringsinstansar inn for framlegget, medan ingen går imot. Dei som støttar framlegget, peiker i det vesentlege på dei same argumenta som departementet gjorde i høyringsnotatet.

Haugesund kommune uttaler:

«Haugesund kommune støtter dette forslaget, og mener det er viktig med en klar og tydelig regel på området. Dette gir kommunene et klarere avgjørelsesgrunnlag i den pågående kommunereformen.»

Tysnes kommune uttaler:

«Framlegget til ny § 16 b i inndelingslova avklarar på naudsynt vis at når aksjar går frå ein kommune til ein annan gjennom samanslåings- eller delingsprosessar, vert ikkje forkjøpsretten utløyst. Endringa eller presiseringa er klargjerande i det føreståande kommunereformarbeidet. Framlegget borgar for god flyt og kontinuitet frå separate kommunale verksemder til den samanslåtte verksemda.»

Også KS støttar framlegget.

Departementet stilte også spørsmålet om reglane knytte til samtykke frå selskapet ved eigarskifte av aksjar bør endrast (jf. aksjelova § 4-15 (2) og § 4-16 (1)).

14 høyringsinstansar meiner det er behov for å endre desse reglane. Berre Fylkesmannen i Oppland meiner det ikkje er behov for å lovfeste unntak frå kravet om samtykke frå selskapet, fordi aksjeovergangen etter deira oppfatning reelt sett ikkje er eit eigarskifte.

KS uttaler:

«Slik KS ser det, følger det logisk at når forkjøpsretten ikke skal utløses ved sammenslåinger, må det også gjøres unntak fra aksjelovens krav om samtykke. Om en kommune opphører å eksistere, og aksjer overføres til en ny kommune uten at det utløser forkjøpsrett, så er det ikke et reelt alternativ at selskapet skal ha mulighet til ikke å gi samtykke. Konsekvensen kan i så fall bli at aksjene må selges til andre, hvilket i realiteten skaper samme type problem som man ønsker å unngå ved å slå fast at forkjøpsretten ikke gjelder. KS støtter departementets forslag om at krav til samtykke ved aksjeovergang ikke skal gjelde.»

Giske kommune uttaler:

«Det bør også innførast eit unntak frå samtykkekravet ved erverv av aksjar i samband med slike samanslåingar/delingar. Når det blir lovfesta at forkjøpsretten ikkje skal gjelde ved samanslåingar/delingar av kommunar, er det ikkje lenger behov for å ha ein regel i lova om at styret må gje sitt samtykke til overdraginga. Det må vere nok at styret får ei melding om/blir gjort med overdraginga. Styret vil då også sleppe å vurdere om det ligg føre saklege grunnar eller ikkje.»

Hammerfest kommune uttaler:

«Videre er det vår vurdering at det vil være hensiktsmessig at det innføres en unntaksbestemmelse som gjør at selskapene ikke vil ha anledning til å nekte aksjeovergang i forbindelse med kommunesammenslåing eller deling.
Disse endringene synes å ivareta de nye kommunenes behov for forutsigbarhet knyttet til eget eierskap i aksjeselskaper i forbindelse med kommunesammenslåing, samtidig som ordningen ikke synes å innebære en uforholdsmessig belastning for det enkelte aksjeselskap.»

4.4 Framlegget frå departementet

Departementet foreslo å slå fast at når aksjar går frå ein kommune til ein annan som følgje av samanslåing eller deling, blir forkjøpsretten etter aksjelova ikkje utløyst. Framlegget har fått samrøystes oppslutning frå dei høyringsinstansane som har uttalt seg om dette spørsmålet. Det er eit tydeleg signal. Departementet viser til argumentasjonen i høyringsnotatet om at det er viktig å klargjere rettstilstanden og gjere han føreseieleg for både kommunale aksjeeigarar og andre aksjeeigarar, og viser til at høyringsinstansane er samde i dette. Departementet er òg nøgd med at den foreslåtte føresegna ser ut til å gi kommunane eit tydelegare avgjerdsgrunnlag i samband med kommunereformprosessen. Departementet held på denne bakgrunnen fast ved framlegget i høyringsnotatet.

Departementet ønskjer òg å gjere unntak frå kravet i aksjelova § 4-15 (2) om samtykke frå selskapet ved eigarskifte av aksjar. Departementet meiner at høyringsinstansane også på dette punktet har gitt eit tydeleg signal. For å sikre at prosessen knytt til aksjeovergang i samband med kommunesamanslåing er smidig og føreseieleg, er det behov for å gjere unntak frå kravet om samtykke frå selskapet. Som KS peiker på, vil eit vidareført krav om samtykke frå selskapet kunne skape liknande problem som framlegget om forkjøpsrett tek sikte på å unngå. Departementet er òg samd med Hammerfest kommune i at framlegget ikkje ser ut til å vere ei urimeleg belastning for det einskilde aksjeselskapet. På denne bakgrunnen foreslår departementet at regelen om samtykke frå selskapet i aksjeloven § 4-15 (2) ikkje gjeld når aksjar skiftar eigar frå éin kommune til ein annan kommune som følgje av kommunesamanslåing eller kommunedeling.

Til forsida