Prop. 76 L (2015–2016)

Endringar i inndelingslova og kommunelova (behandling av kommunesamanslåingar mv.)

Til innhaldsliste

6 Fullmakt til å gjere unntak frå kravet om felles kommunestyremøte

6.1 Gjeldande rett

Når det er gjort vedtak om samanslåing eller deling som nemnt i § 3 andre ledd bokstav b, skal fylkesmannen kalle inn til eit felles kommunestyremøte. Gjeld saka samanslåing av to fylke eller kommunar som ligg i ulike fylke, skal departementet kalle inn til møtet. Inndelingslova § 25 listar opp minstekrav til tema på det felles kommunestyremøtet. Eit felles kommunestyremøte gjer ikkje vedtak, men drøftar saker som gjeld samanslåinga. Punkta som blir diskuterte på fellesmøtet, må følgjast opp med vedtak i dei einskilde kommunestyra.

Det går fram av forarbeida at det kan vere tale om fleire felles kommunestyremøte, og at det første av dei bør «kome før eit formelt møte i fellesnemnda», sjå punkt 8.4 i Ot.prp. nr. 41 (2000–2001). Etter systemet i inndelingslova skal det gjennomførast to nasjonale vedtak ved ei kommunesamanslåing. Først skal det gjerast vedtak om å slå kommunane saman, anten av Stortinget eller av Kongen. Deretter kallar fylkesmannen saman til eit felles kommunestyremøte. Der drøftar kommunane mandatet til fellesnemnda som skal stå for gjennomføringa, og framlegg til namn på den nye kommunen, sjå inndelingslova § 25. Etter det felles kommunestyremøtet blir det gjort eit nytt nasjonalt vedtak om mellom anna namnet på den nye kommunen (sjå kommunelova § 3) og eventuelle unntak frå statleg regelverk i samband med gjennomføringa etter inndelingslova § 17 (typisk unntak frå reglane i vallova).

På bakgrunn av Stortinget sitt vedtak i 1995 om frivillige kommunesamanslåingar har det utvikla seg ein praksis som ikkje er i tråd med systemet til inndelingslova. Alle nødvendige lokale vedtak og møte har vore gjennomførte før kommunane søkjer om samanslåing. Dermed har det berre vore behov for å gjere eitt nasjonalt vedtak som dekkjer både vedtaket om samanslåing og praktiske høve i samband med samanslåinga. Denne praksisen har vore mogleg på grunn av omfattande uformell kontakt administrativt og politisk mellom kommunane, fylkesmannen og departementet fram mot avgjerda lokalt. Ordninga med eit felles kommunestyremøte før lokale vedtak om samanslåing der alle spørsmål i lova blir behandla, byggjer på ein lang og samanhengande praksis under skiftande regjeringar. Kommunane har visst at vedtaka dei har gjort, blir følgde opp av Kongen. Praksisen har ført til at Kongen har tilstrekkeleg informasjon til å fastsetje kommunenamnet i den same resolusjonen som slår kommunane saman.

6.2 Høyringsnotatet

Inndelingslova skal vere ein formålstenleg reiskap for inndelingsvedtak uavhengig av politikken som til kvar tid gjeld på området. Lova bør framleis regulere situasjonar der nasjonale styresmakter kan gjere vedtak om nye grenser som ikkje er i tråd med lokale vedtak. I desse tilfella er det særleg tenleg med to separate nasjonale vedtak, det vil seie både før og etter at det blir halde felles kommunestyremøte, slik systemet i lova er.

Det er samstundes grunnleggjande å ta omsyn til at kommunane ikkje bør påleggjast å gjennomføre meir omfattande formelle prosessar enn nødvendig ved samanslåing. I tilfelle der kommunane før søknaden om samanslåing er blitt samde om alle dei praktiske tilhøva (namn og anna), er det ikkje behov for eit etterfølgjande felles kommunestyremøte. Departementet sende derfor på høyring eit framlegg om ein heimel for unntak frå kravet om felles kommunestyremøte, med tanke på tilfelle der det berre er behov for eitt nasjonalt vedtak. Framlegget var ein unntaksregel i inndelingslova § 25, slik at det i dei tilfella der det allereie ligg føre tilstrekkelege lokale vedtak i kvart kommunestyre, ikkje blir stilt krav om å halde eit felles kommunestyremøte.

6.3 Høyringa

35 høyringsfråsegner støttar framlegget, og ingen går imot. Fem av dei seks fylkesmennene som uttaler seg, ønskjer at kompetansen til å gjere unntak frå kravet om felles kommunestyremøte blir delegert til dei.

KS viste til at fellesnemnda blir oppnemnd i det felles kommunestyremøtet. Dersom det ikkje blir halde felles kommunestyremøte, blir det usikkert når fellesnemnda skal nemnast opp. KS bad departementet om å klargjere dette.

6.4 Framlegget frå departementet

Departementet merkar seg at framlegget fekk støtte i høyringa, og legg fram eit uendra framlegg til lovendring. Framlegget er ein unntaksregel i inndelingslova § 25 som opnar for at det i dei tilfella der det allereie ligg føre tilstrekkelege lokale vedtak i kvart kommunestyre, ikkje blir stilt krav om å halde eit felles kommunestyremøte etter det nasjonale vedtaket om samanslåing eller deling av kommunar som nemnt i § 3 andre ledd bokstav b. Kommunar kan dermed bli slått saman utan at det blir halde felles kommunestyremøte.

For at partane skal få vite om dei må halde felles kommunestyremøte eller ikkje, legg departementet opp til å delegere kompetansen til å gjere unntak frå kravet om felles kommunestyremøte til fylkesmannen. Denne avgjerda kan takast tidleg i prosessen, men må byggjast på ein føresetnad om at kommunane blir samde om grenseendringa og spørsmåla i inndelingslova § 25 bokstav a til e.

Fellesnemnda er kommunane sitt organ, og nemnda blir oppretta av kommunane. Heimelen til å gi fellesnemnda rettsleg kompetanse følgjer av inndelingslova. Inndelingslova regulerer ikkje uttrykkjeleg når fellesnemnda kan ta til med arbeidet sitt. Fordi det er kommunane sitt organ, bør fellesnemnda kunne reknast som oppnemnd frå tidspunktet for det endelege og siste av kommunestyrevedtaka om å søkje om samanslåing. Kommunestyra fastset arbeidsoppgåver og fullmakter for nemnda i reglement. Kommunane kan fastsetje at fellesnemnda trer i funksjon frå det nasjonale vedtaket om samanslåing. Fellesnemnda kan ikkje tilsetje administrasjonssjef før Kongen eller Stortinget har gjort vedtak om samanslåing. Derfor bør ein leggje til grunn at den rettslege kompetansen til fellesnemnda som krev lovheimel og ikkje følgjer av reglement som kommunane har vedteke, føreset at Kongen eller Stortinget har gjort vedtak om samanslåing eller deling som nemnt i § 3 andre ledd bokstav b.

Dersom Kongen eller Stortinget tek ei avgjerd som ikkje er i tråd med løysinga kommunane eller fylkeskommunane var samde om, må dei halde felles kommunestyremøte eller fylkestingsmøte etter det nasjonale vedtaket.

Til forsida