Prop. 77 L (2020–2021)

Endringar i lovgjevinga som følgje av innføring av kjønnsnøytral tittel på fylkesmannen

Til innhaldsliste

1 Hovudinnhaldet i proposisjonen

Kommunal- og moderniseringsdepartementet gjer i denne proposisjonen framlegg til endringar i lovgjevinga som følgje av at den kjønnsspesifikke tittelen på stillinga «fylkesmann» vert endra til det kjønnsnøytrale namnet «statsforvaltar». Det nye namnet gjeld både for stillinga og for embetet (verksemda).

Endringane er av teknisk karakter, og dei er ei følgje av endringa av namnet på stillinga og embetet. Det vert ikkje gjort nokre materielle endringar. Framlegget inneber at omgrepet «fylkesmannen» vert endra til «statsforvalteren» på bokmål og «statsforvaltaren» på nynorsk. Det gjeld for alle lovføresegner som proposisjonen omhandlar. Vidare gjer regjeringa framlegg om tilsvarande endringar i lovføresegner der omgrepa «fylkesmann», «fylkesmannsembete», «fylkesmannens», «fylkesmenn» og «fylkesmennene» og tilvisingar til konkrete fylkesmannsembete vert nytta. Departementet gjer framlegg om at endringane tek til å gjelde frå den tida Kongen fastset.