Prop. 78 S (2019–2020)

Investeringar i Forsvaret

Til innhaldsliste

1 Innleiing

Føremålet med denne proposisjonen er å be om Stortinget si godkjenning til å starte opp to nye investeringsprosjekt og endre kostnadsramma på eit tidlegare godkjent prosjekt.

Utgangspunktet for godkjenning av investeringsprosjekta i Forsvaret er dei årlege budsjettproposisjonane (Prop. 1 S). Denne proposisjonen fyller såleis ut budsjettproposisjonen.

Dei investeringsprosjekta som proposisjonen omtalar er alle i samsvar med inneverande langtidsplan for forsvarssektoren, og ligg også inne i forslaget til ny plan for den komande fireårsperioden.

Proposisjonen har følgjande innhald:

  • Godkjenning av kostnadsramme for eit nytt materiellprosjekt: Prosjekt 5007 – artillerilokaliseringsradar.

  • Godkjenning av kostnadsramme for eit nytt eigedoms-, byggje- og anleggsprosjekt: Ørland – utbetring av taksebanane Y og A4-A7.

  • Endring av kostnadsramma for eit tidlegare godkjent eigedoms-, byggje- og anleggsprosjekt: Evenes – fasilitetar for maritime patruljefly.