Prop. 82 L (2014-2015)

Endringar i opplæringslova og privatskolelova (krav om relevant kompetanse i undervisningsfag m.m.)

Til innhaldsliste

6 Framlegg om tekniske endringar i opplæringslova § 2-12 tredje ledd og § 13-2 andre ledd

6.1 Framlegg om teknisk endring i opplæringslova § 2-12 tredje ledd

I samband med ei tidlegare lovjustering har det komme inn ein feil i ei tilvising i opplæringslova § 2-12 tredje ledd.

Opplæringslova § 2-12 regulerer private grunnskolar som ikkje mottek statstilskot, og andre og tredje ledd i føresegna listar opp kva føresegner i opplæringslova skolane må følgje.

Opplæringslova § 2-12 tredje ledd lyder no:

For private grunnskolar gjeld også §§ 2-2, 2-5 første, andre, tredje og sjette ledd, 2-9, 2-10, 2-11, 8-2, 9-1, 9-2, 9-3, 9-4, 9-5, 9-6, kapittel 9a, §§ 10-1, 10-2, 10-6, 10-6a, 10-9, 11-1, 11-2, 11-3,1 11-4, 11-7, 11-10, 13-3b, 13-7a, 13-10, 14-4, 15-3 og 15-4.

I samband med ei tidlegare lovjustering i opplæringslova § 2-12 tredje ledd fall tilvisinga til opplæringslova § 14-1 ut ved ein feil. Opplæringslova § 14-1 regulerer statleg tilsyn og skal òg gjelde for private grunnskolar som ikkje mottek statstilskot. Lovendringa departementet foreslår, skal bringe ordlyden i føresegna i tråd med gjeldande rett.

Framlegget til teknisk endring har ikkje vore på høyring. Framlegget inneber inga materiell endring. Departementet foreslår å endre opplæringslova § 2-12 tredje ledd slik at feilen blir retta opp.

6.2 Framlegg om teknisk endring i opplæringslova § 13-2 andre ledd

Opplæringslova § 13-2 gjeld plikta for fylkeskommunen til å sørgje for grunnskoleopplæring, spesialpedagogisk hjelp og vidaregåande opplæring i institusjonar etter barnevernlova.

Opplæringslova § 13-2 andre ledd lyder no:

Ansvaret omfattar barn og unge i institusjonar i fylkeskommunen som den statlege regionale barnevernmyndigheita har ansvaret for etter barnevernlova § 5-1, og barn og unge i private og kommunale institusjonar som er godkjende etter barnevernlova § 5-8. Dersom opplæringa skjer i institusjonen, skal institusjonen sørgje for nødvendige lokale til formålet.

«Statlig regional barnevernmyndighet» blei 1. januar 2014 endra til «Barne-, ungdoms- og familieetaten» fleire stader i barnevernlova, mellom anna i barnevernlova § 5-1, som opplæringslova § 13-2 andre ledd viser til. Det er derfor naturleg å endre namnet også i opplæringslova § 13-2 andre ledd. Framlegget til teknisk endring har ikkje vore på høyring. Framlegget inneber inga materiell endring. Departementet foreslår å endre opplæringslova § 13-2 andre ledd slik at ordlyden blir i tråd med regelverket elles ved at «den statlege regionale barnevernmyndigheita» blir endra til «Barne-, ungdoms- og familieetaten».

Til forsida