Prop. 82 L (2015–2016)

Endringar i folketrygdlova (arbeidsavklaringspengar – bistand til å skaffe seg eller behalde arbeid)

Til innhaldsliste

1 Hovudinnhald

Arbeids- og sosialdepartementet foreslår i denne proposisjonen å endre folketrygdlova § 11-6. Etter denne føresegna er det eit vilkår for rett til arbeidsavklaringspengar at medlemmen får aktiv behandling eller deltek på eit arbeidsretta tiltak. Departementet foreslår å reversere deler av den lovendringa som tok til å gjelde frå 1. januar 2013, jf. lov 19. oktober 2012 nr. 68. Forslaget inneber å endre ordlyden «får aktiv» behandling til «har behov for» aktiv behandling og ordlyden «deltar på» eit arbeidsretta tiltak til «har behov for» arbeidsretta tiltak. Trygderetten vil dermed igjen få høve til å overprøve alle vurderingane som Arbeids- og velferdsetaten gjer etter folketrygdlova kapittel 11, også med heimel i folketrygdlova § 11-6, slik lovgjevar la til grunn då ordninga blei innført. Forslaget følgjer også opp fråsegna frå Sivilombodsmannen i sak nr. 2014/1275 av 19. desember 2014.