Prop. 82 L (2015–2016)

Endringar i folketrygdlova (arbeidsavklaringspengar – bistand til å skaffe seg eller behalde arbeid)

Til innhaldsliste

3 Høyring

Arbeids- og sosialdepartementet sende forslag om endring i folketrygdlova § 11-6 på høyring den 24. juli 2015. Høyringsfristen var 30. oktober 2015. Høyringa blei lagt ut på nettsidene til departementet slik at ho var allmenn tilgjengeleg.

Departementet foreslo å reversere deler av endringa av folketrygdlova § 11-6 som tok til å gjelde 1. januar 2013, ved å føre tilbake ordlyden «behov for» behandling i bokstav a og å føre tilbake «behov for» arbeidsretta tiltak i bokstav b.

Departementet foreslo i tillegg å ta inn eit krav om at medlemmen må vere i stand til å gjennomføre og nyttiggjere seg det arbeidsretta tiltaket. Føremålet var å gi etaten ein klar lovheimel for å avslå arbeidsavklaringspengar når brukaren gjentekne gongar hadde brote aktivitetskravet.

Høyringsnotatet blei sendt til:

  • Departementa og Statsministerens kontor

  • Kommunane

  • Universitetet i Bergen

  • Universitetet i Oslo

  • Universitetet i Tromsø

  • Arbeids- og velferdsdirektoratet

  • Datatilsynet

  • Fylkesmannsembeta

  • Kommunal landspensjonskasse (KLP)

  • Sámediggi – Sametinget

  • Sivilombodsmannen

  • Statens Helsetilsyn

  • Statens pensjonskasse (SPK)

  • Trygderetten

  • Advokatforeningen

  • Akademikerne

  • Arbeidsgiverforeningen Spekter

  • Arbeidsgiverforeningen for Vekst og attføringsbedrifter (ASVL)

  • Attføringsbedriftene

  • Den norske dommerforening

  • Finans Norge

  • Funksjonshemmedes Fellesorganisasjon

  • Juss-Buss i Oslo

  • Jussformidlingen i Bergen

  • Jushjelpa i Midt-Norge

  • Jusshjelpa i Nord-Norge

  • Juridisk rådgivning for kvinner (JURK)

  • Kirkens bymisjon

  • Kreftforeningen

  • Kommunesektorens organisasjon (KS)

  • Landsorganisasjonen i Norge (LO)

  • Landsrådet for arbeid til yrkeshemmede (LAFY)

  • Norges Handikapforbund

  • Norsk attføringsforum

  • Næringslivets Hovedorganisasjon (NHO)

  • Rehabiliteringssenteret AiR

  • Samarbeidsforumet av funksjonshemmedes organisasjoner (SAFO)

  • Senter for seniorpolitikk

  • Uføres Landsorganisasjon

  • Unge funksjonshemmede

  • UNIO

  • Velferdsalliansen

  • Virke

  • Yrkesorganisasjonenes Sentralforbund (YS)

Følgjande instansar har meldt frå at dei ikkje har merknader:

  • Forsvarsdepartementet (FD)

  • Justis- og beredskapsdepartementet (JD)

  • Klima- og miljødepartementet (KLD)

  • Kunnskapsdepartementet (KD)

  • Landbruks- og matdepartementet (LMD)

  • Samferdselsdepartementet (SD)

  • Utanriksdepartementet (UD)

  • Krødsherad kommune

  • Akademikerne

  • Juridisk rådgivning for kvinner (JURK)

  • Statens pensjonskasse (SPK)

Følgjande instansar har gitt merknader:

  • Helse- og omsorgsdepartementet

  • Arbeids- og velferdsdirektoratet

  • Sivilombudsmannen

  • Advokatforeningen

  • Gatejuristen i Tromsø

  • Funksjonshemmedes fellesorganisasjon (FFO)

  • Jussformidlingen i Bergen

  • Jushjelpa i Midt-Norge

  • Landsorganisasjonen i Norge

  • Nasjonal kompetansetjeneste for sjeldne diagnoser

  • NAV Skien/ Skien kommune

  • Norsk attføringsforum (NOA)

  • Parat NAV

  • Rettspolitisk forening

  • Velferdsalliansen

Det nærare innhaldet i høyringssvara er behandla under dei enkelte punkta i proposisjonen.