Prop. 82 L (2015–2016)

Endringar i folketrygdlova (arbeidsavklaringspengar – bistand til å skaffe seg eller behalde arbeid)

Til innhaldsliste

6 Iverksetjing. Økonomiske og administrative konsekvensar

Departementet foreslår at lova trer i kraft frå den tida Kongen fastset. Ein foreslår at endringa skal gjelde for alle saker der kravet blir sett fram etter at lovendringa tok til å gjelde.

Lovendringa vil ikkje endre på vilkåra for rett til arbeidsavklaringspengar og vil dermed ikkje ha økonomiske konsekvensar.

Departementet legg til grunn at lovendringa ikkje vil auke dei administrative kostandene for Arbeids- og velferdsetaten. Lovendringa reverserer den utilsikta innskrenkinga i Trygderettens kompetanse, og vil såleis føre til eit visst meirarbeid for Trygderetten ved handsaming av ein del ankesaker om arbeidsavklaringspengar. Forslaget fører likevel ikkje til større administrative kostnader for Trygderetten enn det som blei lagt til grunn då ordninga med arbeidsavklaringspengar blei innført.