Prop. 82 L (2016–2017)

Endringar i veglova og vegtrafikkloven (bompengar i byane)

Til innhaldsliste

6 Økonomiske og administrative konsekvensar

6.1 Utgangspunkt

Endringane i veglova § 27 og opphevinga av køprisregelverket har ikkje i seg sjølv nemneverdige økonomiske og administrative konsekvensar, anna enn sjølve arbeidet med å førestå høringa og leggje fram ein proposisjon om forslaget til endringar for Stortinget. Årsaka til dette er at det allereie er opna for å ta i bruk verkemidla det blir lagt opp til å ta inn i veglova sitt system gjennom regelverket om køprising.

Det er likevel venta at endringane i veglova vil gjere at dei nye formene for takstar blir meir «tilgjengeleg» for byane. Oslo kommune og Akershus fylkeskommune har gjennom avtala om revidert Oslopakke 3 frå juni 2016, som det første byområdet i Noreg, slutta seg til at bompengeinnkrevjinga i Oslo og Akershus skal ta i bruk miljødifferensierte bompengetakstar, sjå nærare Prop. 86 S (2016–2017). Ut frå uttalene frå dei store byane og andre høringsuttaler kan det vere venta at fleire byområde i Noreg vurderer dette tiltaket. Tilrettelegginga for miljødifferensierte bompengetakstar har visse økonomiske og administrative konsekvensar for Statens vegvesen og bompengeselskapa. Departementet gjer i den vidare omtalen nærare greie for slike konsekvensar. Arbeidet som blir beskrive er starta opp, og det er venta at det administrative arbeidet kan bli ferdigstilt samtidig med at det arbeidet med dei tekniske endringane i AutoPASS er ferdig, sjå kapittel 2.3.

6.2 Tekniske endringar i det elektroniske bompengesystemet

AutoPASS er i dag tilrettelagt for å differensiere takstane som er nærare beskrive i kapittel 2.1 – takstgruppe 1 og 2, med fritak og differensiering av takstar over tida på døgnet. Som nemnt i kapittel 2.3 er det i Vegdirektoratet i gang eit arbeid med leggje til rette for miljødifferensiering i AutoPASS. Endringane er kostnadsrekna til om lag 8 mill. kr, og omfattar programmering av systema, datavask og testing, mv. I tillegg må ein rekne med at det vil laupe nokre lågare kostnader til vedlikehald av systemet. Vegdirektoratet arbeidar òg med nye system som vil erstatte dagens løysing, der miljødifferensiering vil vere ivareteken.

6.3 Informasjon til trafikantane

Trafikantane har krav på informasjon om kva passeringane i den einskilde bompengeordninga kostar. Ved bruk av takstar som har som formål å gi trafikantane incentiv til val av tidspunkt for køyring eller val av køyretøy, er det avgjerande for eit slikt tiltak at det ligg føre god informasjon gjennom skilting og andre kanalar. Endringar i takstar som er sett ut ifrå miljøeigenskapane til dei ulike køyretøya vil krevje meir inngåande informasjon enn tidlegare endringar, slik at trafikantane får informasjon om kva klasser som har positiv og negativ miljøeffekt og kva det kostar å passere med dei ulike køyretøya.

Vegdirektoratet arbeidar med opplegget for korleis miljødifferensierte bompengetakstar skal bli skilta, i kombinasjon med informasjon gjennom andre kanalar. Løysinga som blir vald for skilting vil vere etter den gjeldande forskrift 7.10.2005 nr. 1219 om offentlige trafikkskilt, vegoppmerking, trafikklyssignaler og anvisninger (skiltforskriften) og retningsliner.

Informasjonskanalane elles vil bli vurdert i samband med innføringa for det einskilde byområdet. Statens vegvesen vil her, i samarbeid med bompengeselskapet det gjeld, vurdere særskilt korleis det skal bli informert på internett og i annonsering, kunngjering, kampanjar og redaksjonelle omtaler, for å sikre ei optimal ivaretaking av informasjonsplikta og andre relevante omsyn.

Endingane av eit takstsystem fører med seg ein risiko for misoppfatningar om kva pris som skal betalast, noko som truleg vil påverke mengda av førespurnader frå publikum til bompengeselskapet det gjeld.

Totalt er kostnadene knytt til informasjon rekna til om lag 12 mill. kr.

6.4 Kontroll av at trafikantane betaler riktig pris

Miljødifferensiering kan gi auka moglegheit for svindel og feilregistrering av miljøklasse. I eit slikt system vil det oppstå eit nytt behov for å kontrollere at brikker som passerer bomstasjonane er montert i den bilen kunden har oppgitt, og behovet for kontroll av opplysningane som blir gitt i brikkeavtalene vil auke. Det ligg til no ikkje føre noka berekning av denne typen kostnader.

6.5 Konsekvensar for trafikantane knytt til bruken av bompengebrikke

For trafikantar som bruker brikke, er grunnlaget for faktureringa i dag lagt inn i avtala med bompengeselskapet. Trafikantar som ikkje bruker brikke blir i dag fakturert av bompengeselskapet etterskotsvis, ved bruk av eit fotografi av køyretøyet sitt registreringsnummer som blir teke ved passering og gjennom oppslag i motorvagnregisteret.

I arbeidet med teknisk tilrettelegging for miljødifferensiering i AutoPASS er det lagt opp til tekniske løysingar for ei mest mogleg effektiv fakturering av trafikantar som bruker og ikkje bruker bompengebrikke, inkludert faktureringa av dei utanlandske trafikantane. Takstane og faktureringa blir lagt opp på ein måte som er i tråd med dei fire fridomane etter EØS-avtala.

6.6 Administrative konsekvensar for bompengeselskapa

Bompengeselskapa vil truleg få noko auka arbeid med forvalting av brikkeavtaler i ei ordning med miljødifferensiering. Dette er mellom anna arbeid for å sikre at den einskilde trafikant til kvar ei tid får riktig avtale, og dermed også riktig takst. Miljødifferensiering vil truleg òg auke trafikken på kundesentra og dermed også kostnadene til kundehandsaming.

Bompengeordningar med komplekse takst- og rabattstrukturar og andre spesialordningar, ser ut til å ha ein påverknad for driftskostnadene. Det er sannsynleg at bompengesystem med miljødifferensierte takstar vil føre til at auka kompleksitet i systemet, noko som dermed også vil kunne gi ei noko dyrare innkrevjing. Departementet viser i denne samanhengen til det pågåande arbeide med ei bompengereform der eitt av elementa er å skilje ut utstedarrolla frå bompengeselskapa. Hovudformålet med ei slik utskiljing er mellom anna å kunne reindyrke den rolla utstedaren har som innkrevjar av bompengar frå trafikantar med bompengebrikke.

6.7 Fordeling av kostnader

Departementet legg til grunn at kostnader til teknisk tilrettelegging for miljødifferensiering innanfor AutoPASS-systemet blir dekt av statlege middel over Samferdselsdepartementet sitt budsjett innanfor dei gjeldande rammene. Det er praksis for at kostnader som kan bli knytt til eit einskilt bompengeprosjekt blir dekt av bompengar frå ordninga det gjeld. Departementet legg til grunn at dette skal gjelde ved endring av bompengetakstar som det blir lagt til rette for gjennom lovforslaget.

Til forsida