Prop. 85 L (2015–2016)

Endringar i barnelova m.m. (oppheving av tidsfristar i farskapssaker m.m.)

Til innhaldsliste

3 Gjeldande rett

Når eit barn vert fødd medan mora er gift, reknast den mannen som mora er gift med ved fødselen som faren til barnet, jf. barnelova § 3.1 Nærare halvparten av dei om lag 60 000 barna som vert fødde årleg i Noreg, får farskapet fastsett etter denne pater est-regelen.

Dei fleste av barna som vert fødde av ei ugift mor, har likevel foreldre som lever saman. Når foreldra ikkje er gifte, kan mora oppgje kven som er far til barnet og faren kan erklæra farskapen anten i fødselsmeldinga, eller til jordmor eller lækjar ved svangerskapskontroll eller til enkelte andre offentlege instansar, jf. barnelova § 4. Dersom faren erklærer farskapen utan at mora har oppgjeve han som far, må ho skriftleg godta erklæringa. Fram til 2014 nytta barnelova ordlyden «vedgåing av farskap».

Når farskap ikkje følgjer av ekteskap eller erklæring, kan farskap fastsetjast ved dom. Utgangspunktet i barnelova § 9 er at ein mann som vert utpeikt som far etter DNA-analyse, skal dømmast til far. Andre prov trengst berre i tilfelle der det ikkje ligg føre DNA-analyse, eller det er grunn til å tru at det heftar feil ved DNA-analysen, eller dersom nærståande slektningar også framstår som moglege fedrar.

Det er krav om heimel i lov for at ein juridisk farskap skal kunne prøvast på nytt. Dersom ein ny mann erklærer farskapen, kan Arbeids- og velferdsdirektoratet endre farskapen administrativt etter barnelova § 7. I desse tilfella må mora, den juridiske faren og den nye faren vera samde, og Arbeids- og velferdsdirektoratet må fatta vedtak etter at DNA-analyse godtgjer at den andre mannen er faren til barnet. Det gjeld ikkje tidsfristar for å endra farskap etter barnelova § 7.

Barnelova § 6 har reglar om endring av farskap etter § 3 (pater est) og § 4 (erklæring) for domstolen. Det følgjer av barnelova § 6 at kvar av foreldra kan reisa sak for domstolen om endring av farskap dersom vedkomande legg fram opplysningar om at ein annan mann kan vera far til barnet. Saka må reisast innan eitt år etter at vedkomande vart kjend med opplysningane, men likevel slik at fristen tidlegast vert rekna frå tidspunktet då barnet vart født. Retten kan gjera unntak frå tidsfristen når særlege grunner talar for det.

Den som meiner at han er far til eit barn, kan fram til barnet fyller tre år, reise sak om farskapen dersom han legg fram opplysningar som tyder på at han kan vere faren. Retten kan i desse tilfella gjera unntak frå begge tidsfristane når særlege grunnar talar for det.

Det gjeld ikkje tidsfristar for tilfelle der det ikkje er fastsatt noko farskap.

Det offentlege gjer ingen kontroll med at den juridiske farskapen vert plassert hos den biologiske faren. I praksis vil likevel dei juridiske farskapane som regel vera i tråd med dei biologiske farskapane, jf. brev frå Rettsmedisinsk institutt til Farskapsutvalet.2 Det er berre i tilfelle der eit barn vert ståande utan far, at det offentlege har ei plikt til å fastsetje farskap. I desse tilfella skal det leggjast vekt på at den juridiske farskapen skal samsvare med den biologiske. Dersom mora eller mannen som ho har oppgjeve som far uttrykkjer tvil, vert det nytta DNA-analyse som det offentlege dekker utgiftene til.

Barnet kan alltid reisa sak for domstolen for å endra farskap, uavhengig av tidsfristar, jf. barnelova § 6 første stykke. Er barnet mindreårig, vert saka reist av verje. Når særlege grunnar talar for det, kan Arbeids- og velferdsdirektoratet reisa saka.

Etter at barnelova vart endra frå 2003, med eigne reglar om gjenopning og oppheving av tidsfristar for å reisa sak, kan partane krevje ny handsaming av saker som tidlegare var avgjort av domstolen utan DNA-analyse, jf. barnelova § 28 a. Denne regelen vart ikkje endra ved Prop. 105 L (2012–2013) og gjeld difor framleis. Domstolen kan no handsama og avgjere saker på nytt, når dei tidlegare er avgjort av retten på bakgrunn av vitnemålet til partane og rettsmedisinske analysemetodar for blodprøver som vart nytta før DNA-analyse vart teke i bruk. I desse sakene gjeld det ingen tidsfristar for å reisa sak.

Vert nokon som har betalt pålagt eller avtala fostringstilskot til eit barn, seinare friteken for farskapen til barnet, kan han krevje summen betalt attende frå folketrygda, jf. barnelova § 80. Fram til 1. januar 2007 vart beløpet betala attende krone for krone, men etter ei lovendring i 2006 vert summen som vert betala attende indeksregulert.

Barnelova § 6 a gjev barnet rett til å få kunnskap om sin biologiske far, utan at dette endrar den juridiske farskapen. Barnet kan krevje at Arbeids- og velferdsdirektoratet gjev pålegg om å levere eigna prøve til DNA-analyse etter barnelova § 11 første stykke, og har rett til å få vite resultatet av analysane. Dersom nokon ikkje rettar seg etter pålegget, kan retten påleggje prøve for DNA-analyse. Barnet vil då få kunnskap om biologisk tilknyting utan at den juridiske farskapen samstundes endrast. At den juridiske farskapen ligg fast, vil likevel vera avhengig av at ingen av dei andre partane reiser sak om endring av farskap. I mange tilfelle vil resultatet av DNA-analysen truleg innebera kunnskap om farskapen som gjer at andre kan reise sak om endring etter barnelova § 6.

Det finst lite forsking om handsaminga av farskapssaker. Rettsmedisinsk institutt gjennomførde ei undersøking eitt år etter opphevinga av tidsfristane i 2003. I 36 prosent av sakene som vart reist det første året fordi det var tvil om farskapen, utelukka DNA-analysen den etablerte farskapen. Ut over dette er det lite kunnskap frå forsking om korleis regelverket har virka, både før og etter lovendringane.

Fotnotar

1.

Barnelova § 3 første stykke: «Som far til barnet skal reknast den mannen som mora er gift med ved fødselen.» Prinsippet som ligg til grunn for pater est-regelen har sitt opphav i romerretten, og har dermed vore eit mønster for lovgivinga innan familieretten i dei fleste europeiske land.

2.

NOU 2009: 5 side 72.