Prop. 85 L (2015–2016)

Endringar i barnelova m.m. (oppheving av tidsfristar i farskapssaker m.m.)

Til innhaldsliste

4 Utanlandsk rett

4.1 Danmark

Statsforvaltinga treffer avgjerd om ei sak om farskap kan gjenopnast. Denne avgjerda kan takast inn for retten. Både mor, far, barn og ein tredjemann kan krevja at farskapen vert endra, dersom det har skjedd feil eller det seinare har kome fram opplysningar som kan ha verka inn på registreringa av farskapen. (Registrering viser her til farskap fastsett ved pater est-regelen, og ved fråsegn som vanlegvis vert nytta av sambuarar.) Dødsbuet til dei nemnde personane har same høve til gjenopning. Saka må reisast innan tre år etter at barnet vart født, men retten kan gjera unntak frå fristen i særlege tilfelle.

Dersom det har kome fram opplysningar som kan ha verka inn på registreringa av farskapen, er det fleire vilkår for at saka kan gjenopnast. Dersom den juridiske faren har handsama barnet som sitt eige på trass av kjennskap til omstende som kan reise tvil om farskapen, kan han ikkje i noko tilfelle reise sak. Tilsvarande gjeld for mora, når ho har late faren handsama barnet som sitt eige. Vidare leggjast det i spørsmålet om gjenopning vekt på ei rekke faktorar slik som tida som har gått frå barnet vart født, om ein part med kjennskap til omstenda som reiser tvil om farskapen ikkje innan rimeleg tid har bede om gjenopning, og om barnet vil få ein far om saka vert gjenopna.

Gjenopning kan skje etter utløpet av fristen dersom det er særlege grunner for at krav om gjenopning ikkje er sett fram tidlegare. Det same gjeld om omstenda i stor grad talar for gjenopning, og ei fornya handsaming truleg ikkje vil føra til vesentleg ulempe for barnet.

Reglane om gjenopning gjeld berre for barn født etter 1. juli 2002. For barn født før denne datoen gjeld dei gamle reglane, men likevel slik at sak kan gjenopnast når både barnet, mora og faren er samde om gjenopning og det vert sannsynleggjort at ein annan mann kan verta faren til barnet.

4.2 Sverige

Ein mann som er far etter pater est-regelen, kan bede sosialtenesta om å greia ut om ein annan kan vera far til barnet. Barnet sjølv og den juridiske faren kan reisa sak for å få oppheva farskapen. Det gjeld ingen søksmålsfristar. Når faren er død og han ikkje har budd saman med barnet og heller ikkje har stadfesta at barnet er hans, kan ektefellen eller ein annan arving gå til sak om oppheving av farskapen innanfor nærare fastsette tidsfristar. Ein mann som meiner at han er far til eit barn som allereie har ein juridisk far, kan ikkje reisa sak for å ta på seg farskapen.

Om det seinare viser seg at mannen som har tatt på seg farskapen ved erklæring («lämnat bekräftelsen») ikkje er faren til barnet, kan det reisast sak for domstolen for å få oppheva farskapen. Sak om oppheving av farskap kan reisast av mannen (eller om mannen er død, ektefellen eller andre arvingar) eller barnet sjølv. Mora til barnet har ingen sjølvstendig rett til å reisa sak, om ikkje mannen er død og ho er ektefellen hans.

4.3 Finland

Endringar i faderskapslagen tredde i kraft 1.1.2016. Etter denne lova kan foreldre til barn som er født i ekteskap saman krevje oppheving av farskapen ved ei felles fråsegn til magistraten innan eitt år frå barnet vart født.

Sak om oppheving av farskap kan reisast for retten av kvar av ektefellane eller av ein mann som har erklært farskapen. Sak må reisast innan to år frå barnet vart født, eller frå tidspunktet då farskapen vart etablert ved fråsegn.

Ein tredjemann som meiner han er faren til eit barn som er født i ekteskap, kan reisa sak om oppheving av farskapen dersom 1) mora og ektemannen levde frå kvarandre då barnet vart født, 2) tredjemannen budde saman med mora då barnet vart født og har delteke i omsuta for barnet eller det har oppstått eit «familieforhold» mellom barnet og mannen, og 3) domstolen finn at det er til beste for barnet å reisa sak. Tidsfristen i desse sakene er to år frå barnet vart født.

Ein ektemann eller ein mann som har erklært farskap kan ikkje reisa sak om endring av farskapen dersom han etter fødselen skriftleg har erklært at han er faren til barnet, sjølv om han veit at ein annan kan vera biologisk far. Mora kan ikkje reisa sak, dersom ho skriftleg har godkjent erklæringa.