Prop. 85 L (2015–2016)

Endringar i barnelova m.m. (oppheving av tidsfristar i farskapssaker m.m.)

Til innhaldsliste

6 Tidlegare handsaming av fristar i endringssaker

6.1 Rettstilstanden fram til 2003

Den noverande barnelova vart vedteken i 1981, med fleire vesentlege endringar i kapitla om farskap i 1997. Ei av endringane var at arvingane ikkje lenger skulle ha rett til å reise sak om endring av farskap. Vidare vart fristane for å reise sak om endring utvida. Ein mann som meiner han var faren til eit barn som allereie hadde ein far, fekk høve til å reise sak. Vilkåret for å reisa ei slik sak er at mannen kan leggja fram opplysingar som tyder på at han kan vera faren til barnet. Departementet meinte at ein mann som har gode grunnar for å tru at han er faren til eit barn, vil ha ein sterk trong til å få prøvd saka for domstolane. Omsynet til barnet talar òg for å klarleggja dei rette biologiske forholda så tidleg som mogleg. I forarbeida til endringa uttalte departementet at det likevel knyter seg nokre innvendingar mot forslaget. Når ein tredjemann vert gjeven høve til å bryta inn i ein etablert tilstand, gjev det ein risiko for å riva opp etablerte farskap og samliv. På denne tida måtte ei eventuell sak verte reist innan eitt år etter at mannen vart kjent med opplysingane, og seinast innan barnet hadde fylt tre år. Retten kunne gjera unntak frå fristen på eitt år og aldersgrensa på tre år, dersom særlege grunnar talte for det.

Fram til 2003 kunne ein mann som var den juridiske faren til eit barn etter å ha vedgått farskapen eller fordi han var gift med mora, gå til sak om endring av farskapen. Vilkåret for å reisa ei slik sak, var at han kunne leggja fram opplysingar som tydde på at ein annan kunne vera faren til barnet. Saka måtte likevel reisast innan eitt år etter at han vart kjent med opplysingane. Retten kunne gjera unntak frå fristen på eitt år viss særlege grunnar talte for det. Retten for mora til å reise sak om endring, følgde dei same reglane.

I fall farskapen var fastsett ved dom, gjaldt dei alminnelege reglane om gjenopning i tvistemålslova. Den vanlegaste grunnen til gjenopning er at det finst ei ny kjensgjerning eller eit nytt prov i saka som ville ført til eit anna resultat. Fram til 2003 var det ikkje tilstrekkeleg å visa til at det hadde blitt utvikla nye og forbetra metodar for å fastsetje farskapen ved DNA-analyse.

6.2 Lovendringar i 2002 – Ot.prp. nr. 93 (2001–2002)

Utvikling av samfunnsforholda og dei sikre teknologiske metodane for fastsetting av farskap, fører til at stadig fleire tykkjer at det bør vera eit overordna mål at den juridiske farskapen samsvarar med den biologiske tilknytinga. I 2002 fremma regjeringa difor forslag om endring av farskapsreglane i Ot.prp. nr. 93 (2001–2002). Endringane tredde i kraft i 2003. Fleire stortingsrepresentantar, Likestillingsombodet, Rettsmedisinsk institutt og fleire privatpersonar tok til orde for ei endring av regelverket for fastsetting og endring av farskap i barnelova, og av regelverket for gjenopning av farskapssaker. Stortingsrepresentantane Sandberg og Knudsen fremja òg eit representantforslag om endringar i reglane om fastsetting av farskap i barnelova og reglar om gjenopning av saker om farskap i tvistemålslova.

Grunngjevinga for forslaget om å oppheva fristane for å reisa sak om endring av farskap var at barn i større grad skulle sikrast kjennskap til og eventuelt kontakt med den biologiske faren sin så tidleg som mogleg. Omsynet til ro rundt dei etablerte familieforholda vart vege mot omsynet til barnet, og foreldra sitt ynskje om kunnskap om den biologiske farskapen. Endringane som vart vedtekne gav både kvinner og menn ein rett til å reisa sak utan vilkår, dersom det var tvil om farskapen.

Lovendringa førte til at barnet, dei juridiske foreldra og dessutan ein person som meiner han er far til eit barn (tredjemann) frå 2003 fekk høve til å reisa sak for å få farskapen endra uavhengig av tidsfristar. I Innst. O. nr. 26 (2002–2003) ynskte mindretalet å halda på treårsfristen for tredjemann, for å hindre uro i ein familie som har etablerte relasjonar og der barnet føler stabilitet og tryggleik.

På bakgrunn av bruken av DNA-analyse, vart det samstundes vedteke ein særregel i barnelova § 28 a med unntak frå dei alminnelege reglene om gjenopning av domar. Grunngjevinga for endringa var at det skal vera mogleg å få gjenopna saker som vart avgjort før DNA-analysen vart teke i bruk, sidan det no er mogleg å få prøvd farskapen med ein treffgrad på tilnærma 100 prosent.

6.3 NOU 2009: 5 Farskap og annen morskap

Regjeringa sette i 2008 ned eit offentleg utval for å vurdera endringar i reglane om farskap og morskap i barnelova. Målsettinga var å tilpassa lova til den store samfunnsmessige og teknologiske utviklinga som har skjedd når det gjeld utvikling av familiemønster, høve for assistert befruktning og metode for sikker fastsetjing av farskap. Utvalet avga innstillinga NOU 2009: 5 Farskap og anna morskap – Fastsettelse og endring av foreldreskap. Farskapsutvalet drøfta behovet for tidsfristar i farskapssaker, og vurderte om omsynet til stabile rammer for barnet gjer at høve til å anleggja sak om endring av farskap bør vere avgrensa i tid.

Utvalet peikte på at omsynet til stabilitet over tid for barnet talar for at høvet til å få endra ein fastsett farskap ikkje bør vera særleg omfattande, sjølv om det då er risiko for at nokon barn veks opp med «feil» forelder. Utvalet la særleg vekt på stabilitet og trygge rammer for barnet. Oppheving av ein fastsett farskap kan føre til at ein mann som har vore den sosiale faren til barnet i ei årrekkje, vert borte frå livet til barnet. Utvalet viste òg til at ei sak om endring kan føre til at barnet ikkje lenger har nokon rettsleg far. På denne bakgrunnen foreslo dei å gjeninnføra tidsfristane for å reisa sak om endring av farskap etablert ved pater est-regelen eller vedgåing, som var gjeldande rett fram til 2003. Utvalet foreslo òg tidsfrist for barnet for å reisa sak om endring, men det forslaget er ikkje seinare følgt opp.

Utvalet ga mellom anna slik grunn for endringsforslaga (NOU 2009: 5 side 114):

«Utvalget legger til grunn at etableringen av det nye farskapet ikke alltid i realiteten vil medføre at rollen som barnets far fylles på en måte som tilsvarer rollen til den tidligere faren. Har en mann oppdratt et barn i tro om at han er faren, eller påtatt seg farsansvaret for et barn, vil det i de aller fleste tilfeller etableres en følelsesmessig tilknytning mellom ham og barnet preget av kjærlighet, gjensidig nærhet og omsorg. Den personlige relasjonen mellom far og barn er bygget på flere elementer enn ren biologi.
At det reises sak slik at det juridiske farskapet flyttes til en annen mann, medfører ikke at den biologisk «riktige» faren vil kunne erstatte den farsfiguren som barnet har hatt fram til endringsdom blir avsagt. Den følelsesmessige relasjonen og omsorgen kan ikke bare flyttes fra en person til en annen. Jo lenger tid som farskapet har vært etablert, desto sterkere gjensidige bånd vil som regel være knyttet.»

Utvalet skreiv følgjande om grunngjevinga til Stortinget for å oppheva tidsfristane i 2002 (NOU side 113 andre spalte):

«Behovet for kunnskap om biologisk far var således hovedhensynet bak opphevelse av fristene for saksanlegg. Utvalget er usikker på om dette hensynet er tilstrekkelig til å begrunne dagens liberale adgang til saksanlegg når en ser på de store konsekvensene en slik endring kan få.
I tillegg ble det lagt vekt på medisinske hensyn på barnets side og at FNs barnekonvensjon skulle tilsi slike endringer. Utvalget vil vise til at de to siste begrunnelsene langt fra er basert på vitenskapelig grunnlag hva gjelder medisinske hensyn eller et klart juridisk grunnlag hva gjelder barnekonvensjonens krav. Utvalgets undersøkelser av de nordiske landenes og enkelte andre lands lovgivning viser at de fleste landene har lovfestede frister for saksanlegg i farskapssaker.»

Utvalsmedlem Margurethe Stenersen skreiv følgjande i ein særmerknad:

«Både mødre og fedre kan ønske å fjerne mistanker og tvil omkring farskap. En skal ikke se bort fra at omsorgen for det enkelte barn blir bedre der tvil er ryddet av veien.»

6.4 Lovendringar i 2013 – Prop. 105 L (2012–2013)

På bakgrunn av innstillinga frå Farskapsutvalet, og høyringsrunden som følgde, foreslo departementet å gjeninnføra tidsfristar i farskapssakar i Prop. 105 L (2012–2013).

I lovproposisjonen skreiv departementet at det kan vera vanskeleg å reversera den vekta som i dag vert lagt på biologi i reglane om endring av farskap. Proposisjonen viste til grunngjevinga i NOU 2009: 5, sjå ovanfor, for å gjeninnføra fristane.

I Innst. 272 (2012–2013) såg mindretalet ikkje behov for tidsfristar og støtta difor ikkje forslaget til regjeringa til endring av § 6. Dei skreiv m.a. følgjande:

«Komiteens medlemmer fra Fremskrittspartiet og Kristelig Folkeparti vil peke på at regjeringen på et svært tynt grunnlag fremmer en lovendring som er svært dyptgripende i fundamentale mellommenneskelige forhold ved at den begrenser adgangen til å ta opp saker om foreldreskap. Det synes som om det eneste argument for lovendring ligger i at to tredjedeler av sakene som har vært reist, har bekreftet det eksisterende juridiske farskap. Disse medlemmer mener det er en svært forenklet slutning hvis man på generelt grunnlag konkluderer med at alle disse sakene var unødvendige, ikke burde vært reist, eller ikke har vært til barnets beste. Disse medlemmer viser til at det fortsatt vil være anledning til å reise saker innenfor fristen. Det er heller ikke drøftet om en tidsfrist vil skape et press som fører til at saker reises som kanskje ellers ville vært unngått. […]
Disse medlemmer mener regjeringens begrunnelser på dette området reiser flere sentrale spørsmål. Hva skal være grunnlaget for foreldreskap og farskap i barnelovgivningen? Bør menn ta ansvar for barn de setter til verden, eller er dette situasjonsbetinget og avhengig av mors beslutninger og andre omstendigheter? Disse medlemmer finner det underlig at menn som har satt barn til verden i de ulike situasjoner proposisjonen beskriver, både skal fritas for ansvar og fratas muligheten til å ta sitt rettmessige ansvar. Videre er det grunn til å spørre om det er en beslutning/samtykke som er grunnlag for farskap eller hvorvidt det er et ansvar som følger ved faktisk å ha satt barn til verden. Disse medlemmer finner grunn til å minne om at mange menn blir fedre uten at det var planlagt eller var resultat av noen beslutning, noen ber mor om å avbryte svangerskapet, andre får ikke kunnskap om farskapet før barnet er født. Dette illustrerer det uheldige ved at det i barnelovgivningen introduseres en tenkning der beslutninger og samtykke betones, og der det skapes uklarhet om det prinsipielle grunnlaget for farskap og grunnlaget for menns ansvar overfor sine barn. […]
Disse medlemmer ser på denne bakgrunn ikke behov for slike tidsfrister og vil på denne bakgrunn ikke støtte regjeringens forslag til endring av § 6.»

Det er etter gjeldande rett ikkje krav om biologisk tilknyting for at menn skal kunna ta på seg farskap. Mora kan oppgje ein mann som far, og han kan då erklæra farskapen. Farskapen vert i desse tilfella fastsett utan noka form for offentleg kontroll. Stundom kan det såleis henda at ein mann tar på seg farskap til eit barn han er usikker på om han er den biologiske faren til, eller veit sikkert at han ikkje er faren til. Med den aukande vekta på biologi i samfunnet er det grunn til å tru at dette skjer svært sjeldan, noko som tala frå Rettsmedisinsk institutt stadfestar. I tilfelle der ein mann har teke på seg den juridiske farskapen til eit barn sjølv om han er i tvil om eller er kjent med at biologisk tilknyting manglar, hadde han fram til 2014 høve til å reisa sak for å fri seg frå farskapen, utan at det var tidsfristar for å reise sak. Farskap fastsett på denne måten er i dag irreversible etter eitt år, og kan ikkje endrast fordi fedrane ombestemmer seg. Ein tredjemann som meiner at han er faren til eit barn, kan no reisa sak fram til barnet er tre år, men då likevel innan eitt år etter at han vart kjent med opplysningane om at han kan vera faren til barnet.