Prop. 85 L (2015–2016)

Endringar i barnelova m.m. (oppheving av tidsfristar i farskapssaker m.m.)

Til innhaldsliste

7 Høyringsforslaget

Departementet fremja i høyringsnotatet forslag om å oppheva tidsfristane i barnelova § 6, slik at eventuell usikkerhet om farskap kan avklarast uavhengig av tida som har gått etter at tvilen om farskapen oppstod.

I mange tilfelle der det vert reist tvil om farskap er barna korkje planlagt eller resultat av noka felles avgjerd frå foreldra si side. For livet til barnet framover er det av stor verdi at ei eventuell uvisse om farskapen kan fjernast. Også for fedrar som ikkje får kunnskap om at dei kan vera far til eit barn før tidsfristen på tre år er gått ut, er det viktig å kunna få ta ansvar sjølv om barnet ikkje var planlagt. Barn vil etter forslaget i større grad enn i dag sikrast kjennskap til og eventuelt kontakt med den biologiske faren så tidleg som mogleg.

Tidsfristane for å reisa sak om endring av farskap gjeld berre farskap som er fastsett etter pater est-regelen eller ved erklæring. Menn som er dømt til far har høve til å bringa sak om endring av farskapen inn for retten utan tidsfristar, dersom det ikkje vart nytta DNA-analyse då farskapen vart fastsatt ved dom, jf. barnelova § 28 a. Det var ikkje foreslått endring i denne regelen i høyringsnotatet.

Då tidsfristane vart gjeninnført i 2013, vart det òg vedteke ny § 6 a i barnelova som gjev barn rett til kunnskap om den biologiske faren utan at den juridiske farskapen vert endra. Departementet foreslo i høyringsnotatet å oppheva barnelova § 6 a.