Prop. 85 LS (2019–2020)

Endringar i lov 18. desember 1981 nr. 90 om merking av forbruksvarer mv. og samtykke til godkjenning av vedtak nr. 72/2019 i EØS-komiteen av 29. mars 2019 om innlemming i EØS-avtala av forordning (EU) 2017/1369 (energimerkeforordninga)

Til innhaldsliste

4 Om energimerkeforordninga

4.1 Bakgrunn

Energimerking av produkt er eitt av fleire verkemiddel i EU for å fremje energieffektivitet. Energimerkinga legg til rette for at forbrukarane kan gjere informerte val og lettare velje energieffektive produkt. Dette fremjar utvikling og produksjon av meir energieffektive produkt. Energimerkeforordninga er eit resultat av ein revisjon av energimerkedirektivet. Kommisjonen la fram forslaget til ny forordning 15. juli 2015, og forslaget vart sendt på høyring av Olje- og energidepartementet 12. august 2015. Forordninga vart vedteken i EU 28. juli 2017.

På same måte som energimerkedirektivet er energimerkeforordninga vedteken som ei rammeforordning. Den gir heimel og oppstiller vilkår for at Kommisjonen kan vedta nærare produktspesifikke forordningar. Desse inneheld nærare krav til energimerking av utvalte, spesifiserte produktgrupper. Kommisjonen har i dei seinare åra vedteke ei rekkje forordningar med krav til energimerking av produkttypar i medhald av energimerkedirektivet.

Energimerkeforordninga oppstiller plikter og forbod for leverandørar og forhandlarar av produkt som er omfatta av ei produktspesifikk forordning. Forordninga pålegg medlemsstatane å føre tilsyn med regelverket og fører i all hovudsak vidare energimerkedirektivet, stort sett med same verkeområde.

Formålet med å gå over frå å bruke eit direktiv til ei forordning er å gjere regelverket i EU meir einsarta, og samtidig redusere den administrative byrda for medlemsstatane og aktuelle bransjar. I EU har energimerkeforordninga direkte verknad i medlemsstatane, utan at medlemslanda treng å vedta eiga nasjonal gjennomføring. Forordningar har derimot ikkje direkte verknad i Noreg, og departementet føreslår at EØS-komiteen sitt vedtak om å innlemme forordninga i EØS-avtala blir gjennomført i norsk rett ved tilvising i lov.

4.2 Forordninga sitt verkeområde

Energimerkeforordninga har i det vesentlege det same verkeområdet som det tidlegare energimerkedirektivet. I likskap med direktivet stiller forordninga krav til korleis energirelaterte produkt skal merkast, krav om standardiserte opplysningar om energieffektivitet, forbruk av energi og andre ressursar, og tilleggsopplysningar slik at forbrukarar kan velje meir effektive produkt og dermed redusere energiforbruket sitt.

I forordninga er det gjort enkelte presiseringar. I likskap med energimerkedirektivet gjeld forordninga for «energirelaterte produkter», men definisjonen i artikkel 2 nr. 1 har fått ein litt annan ordlyd enn direktivet. Det er for det første presisert at også «system» er omfatta. Ordet «system» er definert i artikkel 2 som ein kombinasjon av fleire varer som, når dei blir sette saman, utfører ein bestemt funksjon i eit forventa miljø og der energieffektivitet kan fastslåast som for ei enkelt eining. Kommisjonen vil derfor kunne vedta nærare forordningar med krav om energimerking av «system» i medhald av energimerkeforordninga.

Forordninga inneheld òg ei presisering når det gjeld brukte produkt. Det går fram at brukte produkt berre er fritekne frå bruksområdet dersom dei ikkje er importerte frå tredjeland. Brukte produkt som er innførte frå tredjeland vil derimot kunne omfattast av energimerkekrava. Den gjeldande energimerkeforskrifta fritek brukte produkt frå bruksområdet, men det går ikkje fram at dette fritaket berre gjeld produkt som ikkje er importerte frå tredjeland. Energimerkeforskrifta set dermed ikkje eit forbod mot å importere brukte energirelaterte produkt frå tredjeland, sjølv om dei manglar energietikett. Ved gjennomføringa av energimerkeforordninga i Noreg vil dette innebere ei endring.

Eit unntak som følgde av direktivet artikkel 1 nr. 3 bokstav c om dataplater som av tryggleiksgrunnar er festa på produktet, er ikkje ført vidare i forordninga. Dataplater på elektriske produkt angir blant anna kva slag elektrisk spenning eit produkt er tiltenkt. Unntaket hadde ingen praktisk betydning.

Transportmiddel skal framleis vere fritekne frå verkeområdet. I fortala til forordninga er det presisert at dette òg gjeld transportmiddel med ein motor som blir verande på same stad under drift, slik som heisar, rulletrapper og transportband. Fortala har betydning for tolkinga av forordninga. Presiseringa har ikkje betydning for gjeldande rett, men vil kunne ha betydning for kva slag produkt det i framtida blir stilt energimerkekrav til.

4.3 Endring av merkeskalaen

Nye reglar i energimerkeforordninga gjer at skalaen for energimerking av produkt i framtida vil gå frå A til G utan ytterlegare oppdeling. I dag skal energieffektivitetsklassen gå fram av etiketten, etter ein karakterskala beståande av sju karakterar. Opphavleg gjekk skalaen frå A til G, men på grunn av rask utvikling av nye energieffektive produkt, vart det overvekt av produkt med energiklasse A. Av denne grunnen vart karakteren A ytterlegare oppdelt ved at karakterane A+, A++ og A+++ vart innført. Dei nye skalaene er innført gradvis.

Kommisjonen si evaluering av energimerkeordninga har vist at produkt har hatt ein tendens til å vere overrepresenterte i den øvre enden av merkeskalaen. Studiar har vist at informasjonsverdien og effekten av energimerkinga aukar dersom ein nyttar reine bokstavkarakterar og heile energimerkeskalaen. Forskjellen mellom produkt som har karakterane B og C blir oppfatta som større enn om dei er merkte med A++ og A+.

Med heimel i energimerkeforordninga vil Kommisjonen kunne revidere og stramme inn energiskalaen for produktgrupper (omskalering), jf. artikkel 11. Det er sett opp ein tidsplan og andre rammer for slik omskalering. Det går fram at Kommisjonen skal revurdere energimerket med sikte på omskalering dersom 30 prosent av modellane i ei produktgruppe som blir seld i EU høyrer til energiklasse A. Dersom det kan ventast vidare teknologiutvikling, skal Kommisjonen vurdere omskalering dersom 50 prosent av einingane høyrer til dei to høgaste klassane (A og B).

4.4 Ny produktdatabase

Energimerkeforordninga medfører ei ny plikt for leverandørar til å registrere etikettar og opplysningar om produkt i ein produktdatabase, jf. forordninga artikkel 4. Dersom produktmodellen ikkje er registrert i databasen med nødvendig informasjon, vil det vere forbode å plassere det aktuelle produktet på EØS-marknaden.

Kommisjonen har fått ansvaret for å opprette og halde ved like produktdatabasen, jf. artikkel 12 i forordninga. Databasen skal innehalde ein offentleg del, ein overhaldingsdel og ein onlineportal. Den offentlege delen vil gjere det enklare for forhandlarar og forbrukarar å få tilgang til energietikett, produktdatablad og andre opplysningar om produktet. Dei opplysningane eller dokumenta som skal lastast opp i overhaldingsdelen, vil berre vere tilgjengelege for tilsynsmyndigheiter og Kommisjonen.

Opplysningane og dokumenta som er registrerte i overhaldingsdelen, vil gjere det enklare for tilsynsmyndigheitene å kontrollere om produkta oppfyller energimerkekrava. I tillegg vil databasen gi Kommisjonen ajourførte opplysningar om energieffektiviteten til produkta med tanke på revisjon av energietikettane.

4.5 Plikter for leverandørar og forhandlarar

I energimerkeforordninga blir eksisterande plikter for leverandørar og forhandlarar av energirelaterte produkt gjort tydelegare, samtidig som det blir innført enkelte nye plikter og forbod.

Leverandørar får plikt til å eksplisitt be om samtykke frå kunden for å gjere oppdateringar av produktet dersom dette medfører ein dårlegare energieffektivitetsklasse, jf. artikkel 3 nr. 4. Dette kan for eksempel vere aktuelt ved programvareoppdateringar. Leverandøren skal gi kunden høve til å avslå ei slik oppdatering, utan unødvendig tap av brukareigenskapar, i ein periode som står i rimeleg forhold til den gjennomsnittlege levetida til produktet.

Det blir forbode å bringe i omsetning eit produkt som er konstruert slik at ytinga automatisk blir endra under testing dersom formålet er å oppnå eit betre energimerke, jf. artikkel 3 nr. 5.

Forhandlarar må, på oppmoding, stille produktdatabladet til rådvelde for kundane i fysisk format på salsstaden, jf. artikkel 5 nr. 1 bokstav b.

4.6 Særskilt føresegn om statsstøtte

Det følgjer av energimerkeforordninga artikkel 7 nr. 2 at når ein medlemsstat etablerer insentiver rettet mot ei produktgruppe som er regulert i ei delegert forordning, skal disse insentivene være rettet mot de to beste energieffektivitetsklassene som omfatter et vesentlig antall produkter, eller bedre klasser. Også energimerkedirektivet hadde ei føresegn om at insentiv måtte rettast mot energieffektive produkt, men ordlyden er blitt noko endra for å ta omsyn til at det ikkje alltid vil finnast produkt i dei beste energieffektivitetsklassane. Departementet viser til at EØS-avtala og lov om offentleg støtte har reglar om tildeling av offentleg støtte til føretak. Føresegna i energimerkeforordninga vil ha betydning for utforminga av støtteordningar, og kva slag produkt for eksempel Enova kan gi tilskot til.