Prop. 87 S (2017–2018)

Nokre saker om luftfart, veg, særskilde transporttiltak, kyst og post og telekommunikasjonar

Til innhaldsliste

5 Kystforvaltning

5.1 Vidare arbeid med U-864 ved Fedje

Som tilrådd i Kystverket sine forprosjekt frå 2014 blei det ved handsaminga av statsbudsjettet for 2015 løyvd 150 mill. kr til å etablere ei støttefylling for å sikre den rasutsette skråninga ved vraket av U-864. Støttefyllinga blei detaljprosjektert og lyst ut på anbod i 2015. For å gi oppdragstakaren forsvarleg tid til å planleggje og førebu arbeida, og på grunn av vêrforholda om vinteren, blei støttefyllinga ikkje etablert før sommaren 2016.

Støttefyllinga er bygd opp av om lag 200 000 tonn reine sand- og steinmassar og dekkjer om lag halvparten av det området på 47 000 kvadratmeter som Kystverket tilrår å dekkje til. I ei omfattande miljøovervaking av arbeidet blei det ikkje registrert forureining av tyding. Kystverket har opplyst at av 1 080 vassprøver viste berre fire spor etter kvikksølv. Konsentrasjonane var veldig låge og så vidt over deteksjonsgrensene til prøvetakingsutstyret. Vidare viste berre tre av 54 prøver av sediment og finmassar som blei spreidd under arbeidet, konsentrasjon av kvikksølv. Desse var låge og i kategorien «God» i Miljødirektoratet sitt klassifikasjonssystem for forureina sediment.

Støttefyllinga og havbotnen har no sett seg over ei periode på halvanna år. Kystverket har opplyst at geotekniske vurderingar konkluderer med at støttefyllinga har stabilisert skråninga under baugseksjonen til vraket som det blei gått ut frå.

Regjeringa vil på eigna måte komme tilbake til Stortinget om miljøtiltak for vraket av U-864.