Prop. 87 S (2017–2018)

Nokre saker om luftfart, veg, særskilde transporttiltak, kyst og post og telekommunikasjonar

Til innhaldsliste

6 Post og telekommunikasjonar

6.1 Endring av innretninga på breibandtilskotsordninga

Ved handsaminga av statsbudsjettet for 2018 blei det lagt til grunn å vidareføre noverande innretning på breidbandtilskotsordninga.

Denne tilskotsordninga var notifisert til ESA ut 2017. I samsvar med ordninga har kommunane søkt om støtte til utbygging av breiband. Nasjonal kommunikasjonsmyndigheit vurderte søknadar etter kriterium fastsett av Samferdselsdepartementet, rangerte søknadene etter desse og tildelte og utbetalte midlane. Støtteordninga har utgjort ein svært liten del av dei samla investeringane i breiband, som i hovudsak har vore gjort av dei kommersielle aktørane i marknaden.

Breibanddekninga i Noreg er generelt sett svært god, men i nokre område har det ikkje vore tilstrekkeleg kommersielt grunnlag for investeringar. Kommunar har kunna søke om tilskot til utbygging i slike område gjennom støtteordninga. Departementet meiner støtteordninga har bidrege til auka breibanddekning i dei kommunane som har motteke støtte. Ei uavhengig utgreiing utført på oppdrag for Nasjonal kommunikasjonsmyndigheit konkluderer med at ordninga i hovudsak har fungert i tråd med måla for ordninga.

Samstundes har fleire fylkeskommunar teke til orde for at ordninga har vore ressurskrevjande, og fleire har uttrykt at det regionale nivået ikkje blei utnytta. På bakgrunn av desse tilbakemeldingane og eit innspel frå Nasjonal kommunikasjonsmyndigheit, som òg har konsultert fylkeskommunane, har Samferdselsdepartementet difor forenkla måten midlane skal tildelast på og gitt fylkeskommunane meir innverknad og føreseielegheit.

Stortinget har for 2018 løyvd 149,7 mill. kr til breibandutbygging over kap. 1380, post 71 Tilskot til breibandsutbygging. Dei viktigaste endringane for tildeling av løyvinga for 2018 er:

  • Nasjonal kommunikasjonsmyndigheit fastset ei økonomisk ramme til kvart fylke, ut frå ein fordelingsnøkkel som blir basert på siste tilgjengelege dekningsundersøking.

  • Fylkeskommunane prioriterer prosjekt innanfor denne økonomiske ramma.

  • Husstandar som ikkje har tilbod om breiband med minst 10 Mbit/s skal prioriterast, mot 4 Mbit/s tidlegare.

Endringane vil gjennomførast under føresetnad av at dei er i tråd med statsstøtteregelverket. Samferdselsdepartementet vil i samråd med Nærings- og fiskeridepartementet og Nasjonal kommunikasjonsmyndigheit vurdere dette.