Prop. 88 L (2018–2019)

Endringar i opplæringslova, folkehøgskolelova, friskolelova m.m. (samleproposisjon)

Til innhaldsliste

11 Merknader til dei enkelte paragrafane i lovforslaget

11.1 Endringar i opplæringslova

Til § 2-7

Første ledd blir endra slik at føresegna slår fast at elevar med kvensk/norskfinsk bakgrunn i Troms og Finnmark har rett til opplæring i kvensk eller finsk. Samtidig blir det gjort ei språkleg justering slik at omgrepet «kvensk-finsk» blir endra til «kvensk/norskfinsk» i første ledd og i tittelen på føresegna. Forslaget til lovendring inneber ei presisering av gjeldande rettar. Kravet om at det må vere minst tre elevar som krev slik språkundervisning, inneber at det til saman må vere tre elevar som krev opplæring i anten finsk eller kvensk.

Til § 2-12

Tredje ledd blir endra ved at det i oppramsinga òg blir vist til § 13-5. Dette er retting av ein inkurie i lova.

Til § 4-5

Tredje ledd første punktum blir endra ved at det blir vist til opplæringslova § 3-3 fjerde ledd. Dette er retting av ein inkurie i lova.

Til § 8-1

Fjerde ledd blir oppheva. Regelen blir vidareført i ny § 9 A-12.

Til § 9 A-6 fjerde ledd

Siste punktum blir endra slik at tilvisinga til regelen om skolebyte blir til ny § 9 A-12. Fylkesmannen kan på same vilkåra som skoleeigaren påleggje skolebyte når fylkesmannen handhevar saker om aktivitetsplikta til skolane etter § 9 A-6.

Til § 9 A-12

Føresegna er ei ny felles føresegn om pålagt skolebyte for elevar i grunnskolen og vidaregåande opplæring. Gjennom tilvisinga i friskolelova § 2-4 andre ledd gjeld regelen òg for elevar i friskolar. Føresegna er ikkje aktuell for ungdom som tek vidaregåande opplæring etter kapittel 4 eller 4A, jf. § 9 A-1.

Første ledd oppgir dei materielle vilkåra for at pålagt skolebyte kan nyttast. Sjølv om vilkåra er oppfylte, vil det ikkje vere ei plikt for skoleeigaren til å nytte tiltaket. Medelevar har heller ikkje ein rett til å krevje at eit skolebyte blir gjennomført. Pålagt skolebyte i grunnskolen vil innebere at eleven blir pålagd å byte skole frå det som elles er eleven sin nærskole etter opplæringslova § 8-1 første til tredje ledd. Det er to hovudvilkår som må vere oppfylte for at ein skal kunne påleggje skolebyte for ein elev. Det første vilkåret er at oppførselen til eleven som blir flytta, i alvorleg grad går ut over tryggleiken eller læringa til éin eller fleire andre elevar. Det andre vilkåret avgrensar verkeområdet til tiltaket: Tiltaket kan berre nyttast dersom ikkje mindre inngripande tiltak vil kunne avhjelpe situasjonen.

Det første vilkåret går fram av første punktum i føresegna. Dersom skolen meiner at skolebyte vil vere til gagn for ein elev, men oppførselen til eleven ikkje utgjer eit problem for éin eller fleire medelevar, kan ikkje skolebyte påleggjast. Slikt skolebyte føreset samtykke. Pålagt skolebyte kan heller ikkje nyttast av omsyn til dei tilsette på skolen.

Det er oppførselen til den konkrete eleven og effekten av dette som skal vurderast. Dette føreset at skolen gjer grundige undersøkingar. Departementet viser til undersøkingsplikta i § 9 A-4 tredje ledd. For at vilkåret for skolebyte skal vere oppfylt, må undersøkingane vise at oppførselen til ein enkeltelev faktisk er den utløysande årsaka til utryggleik eller læringstap for éin eller fleire medelevar. Både forhold som skjer på skolen, og forhold som skjer på fritida, kan utløyse skolebyte så framt det påverkar skolemiljøet til andre elevar.

Dei negative verknadene på tryggleiken eller læringa til elevane må vere av kvalifisert art. Oppførselen til eleven må i alvorleg grad gå ut over tryggleiken eller læringa til ein annan elev. Om dette er oppfylt eller ikkje, vil vere avhengig av ei konkret vurdering som tek utgangspunkt i opplevinga til medeleven, supplert med profesjonelle og meir objektive vurderingar av kva som normalt i alvorleg grad vil kunne gå ut over tryggleiken eller læringa til andre elevar. Det er ikkje den same vurderinga som må gjerast med tanke på §§ 9 A-2 og 9 A-4 om eleven opplever at skolemiljøet er «trygt og godt». Skolar og skoleeigarar har eit skjerpa ansvar for å vareta elevar med ei særskild sårbarheit, jf. Rt. 2012 s. 146 og Prop. 57 L (2016–2017) kapittel 5.2.2.

Vilkåret i andre punktum, «mindre inngripende tiltak vil [ikkje] kunne avhjelpe situasjonen», krev ei vurdering av effekten av ulike tiltak som kan rettast inn mot situasjonen. Skolen skal ikkje berre vurdere tiltak som kan løyse situasjonen heilt, men derimot vurdere ulike tiltak som åleine eller i samspel vil kunne avhjelpe situasjonen gjennom å redusere skadeverknadene. Dersom andre tiltak enn skolebyte kan redusere alvorsgraden i situasjonen til under terskelen i det første vilkåret (alvorleg grad), skal ikkje skolebyte nyttast som tiltak. Skolebyte er berre aktuelt dersom det er det einaste tiltaket som har denne effekten.

Kva for tiltak som er aktuelle, og kva som er meir eller mindre inngripande, vil avhenge av ei konkret vurdering. Vurderinga av kor inngripande tiltaket er, skal ta utgangspunkt i eleven det er aktuelt å flytte. Tiltaka som blir vurderte, bør omfatte tiltak retta både mot heile skolemiljøet, mot grupper av elevar, mot andre elevar ved skolen og mot enkelteleven det er aktuelt å flytte. Departementet viser til undersøkingsplikta i § 9 A-4 tredje ledd.

I vurderinga av kva for konsekvensar eit skolebyte kan ha, skal ein blant anna ta omsyn til busituasjonen til eleven og avstanden til andre skolar. Sjå avgrensinga i høvet til å påleggje skolebyte i tredje ledd. Departementet legg til grunn at skolen eleven byter frå, og skolen eleven byter til, samarbeider for å bidra til ein best mogleg overgang for eleven, òg med tanke på vurdering og standpunktkarakter. Avhengig av den konkrete saka vil skolebyte kunne vere eit mindre inngripande tiltak enn bortvising. Dette gjeld især i vidaregåande opplæring, der bortvisinga kan vare resten av skoleåret. Bortvising er berre mogleg dersom forholdet er ramma av ordensreglementet og bortvising er heimla der. I andre tilfelle er ikkje bortvising for resten av skoleåret ei mogleg reaksjonsform, og skolebyte vil kunne vere det mest inngripande tiltaket skolen har tilgjengeleg.

Skolebyte vil først og fremst vere aktuelt i saker som har gått føre seg over tid og blitt stadig meir belastande for medelevane. Hovudregelen er at andre tiltak skal prøvast ut og evaluerast før det er aktuelt å påleggje eit skolebyte. Dette er i samsvar med den vanlege gangen i ei skolemiljøsak, jf. § 9 A-4 om aktivitetsplikta til skolen. I heilt ekstraordinære tilfelle kan det likevel vere riktig, av omsyn til medelevane, at andre tiltak ikkje blir prøvde ut før skolebyte blir gjennomført. Dette vil vere saker der behovet for å verne medelevane er særleg stort. Døme kan vere tilfelle der ein elev har opplevd eit grovt seksuelt overgrep frå éin eller fleire medelevar, drapsforsøk eller andre ekstreme former for vald, og der det ikkje er forholdsmessig eller rimeleg å krevje at det først skal setjast inn tiltak på skolen. Departementet viser til regelen om bortvising etter § 9 A-11, der vilkåret er at ein skal «ha vurdert andre tiltak».

Siste punktum i første ledd er ei vidareføring av dagens § 8-1 fjerde ledd andre setning. Det er eit døme på ein situasjon der pålagt skolebyte kan vere aktuelt.

Andre ledd viser til at dei same materielle vilkåra for pålagt skolebyte gjeld elevar i vidaregåande opplæring. Reglane om inntak til vidaregåande opplæring vil avgrense kva for skolar som er aktuelle å byte til. Desse reglane går dels fram av forskrift til opplæringslova kapittel 6 og lokale forskrifter i den enkelte fylkeskommunen. Departementet legg i utgangspunktet til grunn at elevar etter dagens inntaksreglar berre kan flyttast til skolar der dei kvalifiserer til inntak. Andre punktum inneber ei absolutt avgrensing i høvet til å påleggje skolebyte. Eleven kan ikkje bli pålagd å byte skole dersom eleven ikkje får halde fram med same utdanningsprogram og programområde. Eleven må òg kunne få tilbod om ein fagkombinasjon ved den nye skolen som gjer at eleven kan fullføre til planlagd tid. Avvik frå dette kan skje dersom eleven samtykkjer.

Tredje ledd inneber vidare ei absolutt avgrensing i høvet til å påleggje skolebyte. Eleven kan ikkje bli pålagd å byte skole dersom det betyr at eleven må flytte frå heimen sin, eller at dagleg skyss ikkje er forsvarleg. For elevar i vidaregåande opplæring er ikkje heimen deira nødvendigvis den same som heimen til foreldra. Vilkåret om at skoleskyssen skal vere forsvarleg, må sjåast i samanheng med skyssreglane i opplæringslova kapittel 7. Avgrensinga gjeld både innanfor og utanfor heimkommunen eller heimfylket. Konsekvensane av eit skolebyte for eleven vil uansett vere ein del av vurderinga av om mindre inngripande tiltak kan avhjelpe situasjonen, jf. første ledd. Kor inngripande tiltaket er, vil blant anna vere avhengig av busituasjonen og reisevegen til elevane. Skolebyte på tvers av kommune- eller fylkesgrenser krev ein avtale mellom skoleeigarane.

Fjerde ledd plasserer vedtaksmakta hos skoleeigaren for elevar i offentleg skole. Dette inneber at kommunen gjer vedtak for elevar i grunnskolen. Fylkeskommunen gjer vedtak for elevar i vidaregåande opplæring. For elevar i frittståande skolar er det heimkommunen eller heimfylket som gjer vedtaket i første instans, sjå nedanfor under friskolelova § 2-4. Oppgåva kan ikkje delegerast til rektor på skolen. Det går fram av § 15-2 andre ledd og friskolelova § 2-4 andre ledd at fylkesmannen er klageinstans (etter delegert fullmakt frå departementet). Fylkesmannen er klageinstans for vedtak om elevar i grunnskolen og vidaregåande opplæring, både for offentlege skolar og for friskolar.

Femte ledd nemner to saksbehandlingskrav for vedtak om pålagt skolebyte. Alminnelege krav for enkeltvedtak etter forvaltningslova gjeld òg. Dei to nemnde krava fell i stor grad saman med saksbehandlingskrava for andre tiltak som kan gjerast etter kapittel 9 A.

Før det kan gjerast vedtak om pålagt skolebyte, skal den som gjer vedtaket, ha rådført seg med rektoren og lærarane til eleven tiltaket vil ramme. Tilsvarande vilkår gjeld òg i saker om bortvising. Vilkåret sikrar ei forsvarleg opplysing av saka og må sjåast i samanheng med den generelle utgreiingsplikta i forvaltningslova § 17. Kravet kan òg sjåast i samanheng med undersøkingsplikta i § 9 A-4 tredje ledd. Føresegna om skolebyte lovfestar kven skoleeigaren eller klageinstansen som eit minimum skal rådføre seg med før dei gjer vedtak. I tillegg vil forsvarleg opplysing av saka tilseie at det blir henta inn råd frå andre som kjenner eleven og situasjonen, til dømes foreldra, helsesjukepleiar, sosiallærar, rådgivar, PPT, barnevern med meir. Utvekslinga av opplysningar må skje i samsvar med reglane om teieplikt.

Vidare må den som gjer vedtak, sørgje for at eleven som kan bli ramma av eit pålagt skolebyte, blir høyrd før avgjerda blir teken. Medelevane sin rett til å bli høyrde er dekt av regelen om aktivitetsplikta til skolen i § 9 A-4. Retten barn og ungdom har til å bli høyrde i saker som vedgår dei, følgjer òg av Grunnlova § 104 og barnekonvensjonen artikkel 12. Når skoleeigaren, fylkesmannen eller andre klageinstansar høyrer eleven, må dette skje på ein måte som reelt sikrar retten til eleven. Både framstillinga av saka og korleis eleven blir invitert til å gi uttrykk for oppleving, ønske og meiningar, må tilpassast den konkrete saka og den konkrete eleven.

Sjette ledd viser til at omsynet til det beste for elevane skal vere eit grunnleggjande omsyn i vurderingane av om skolebyte skal påleggjast, og i sjølve saksbehandlinga. Som utgangspunkt skal skolemiljøtiltak gjennomførast så skånsamt som mogleg for alle involverte. I saker om skolemiljø generelt, òg i saker om skolebyte, skal det gjerast ei reell vurdering av kva for handlingar som er til beste for elevane det vedkjem. Dette vil blant anna påverke vurderinga av om skolebyte bør påleggjast. Sjølve saksbehandlinga må òg vere «elevvennleg». Plikta til å vareta omsynet til barns beste følgjer òg av Grunnlova § 104 og barnekonvensjonen artikkel 3.

Til § 10-9

Overskrifta til § 10-9 blir endra for å få betre samsvar mellom overskrifta og innhaldet i paragrafen.

Til § 10-9 tredje ledd

Første punktum blir endra ved at vidaregåande skole blir inkludert i opprekninga. Tilsetjingsforbodet gjeld dom eller førelegg for seksuelt overgrep mot mindreårige, uansett om alder er eit straffevilkår i lova. Der alder ikkje er eit straffevilkår, vil det ikkje gå fram av politiattesten om den fornærma var mindreårig eller ikkje. Ei slik opplysning må tilsetjingsmakta da skaffe sjølv.

Departementet understrekar at «dømde» skal omfatte vedteke førelegg.

Til § 12-3 andre ledd

Det blir tilføydd eit nytt tredje punktum om at alle organisasjonane som er representerte i Samarbeidsrådet for yrkesopplæring, har rett til å vere representerte i yrkesopplæringsnemndene. I dette ligg det ei plikt for fylkeskommunane til å høyre med desse organisasjonane i forkant av oppnemninga av nemnda.

Det blir òg gjort ei mindre endring i det som blir nytt femte punktum. Endringa inneber at praksisbrevkandidatar blir nemnde på lik linje med elevar, lærlingar og lærekandidatar. Dette er ei justering for å tilpasse føresegna til regelverket elles.

Til § 13-7 b

Føresegna er ny og pålegg kommunane ei plikt til å tilby leirskoleopphald eller annan skoletur til elevane i grunnskolen. Plikta gjeld berre for offentlege grunnskolar. Friskolar godkjende etter friskolelova og privat grunnskolar etter opplæringslova § 2-12 har ikkje ei tilsvarande plikt.

Føresegna pålegg kommunane ei plikt til å tilby leirskoleopphald eller ein annan skoletur med overnatting som del av grunnskoleopplæringa. Leirskoleopphaldet eller skoleturen skal ha ei lengd på minst tre overnattingar, og overnattingane må vere i samanheng. Skolane kan velje å tilby eit tradisjonelt leirskoleopphald eller ein annan skoletur med overnatting, som kan vere utanlandstur. Skolen sitt ansvar for skoleturar, forsikringar og kravet om at alle elevar skal kunne delta, vil vere det same uavhengig av om skolen vel å tilby eit tradisjonelt leirskoleopphald eller ein annan type tur.

Plikta til kommunane gjeld for alle elevar i grunnskolen. Ein må ta omsyn til ulike behov i elevgruppa når ein planlegg turen. For å sikre at flest mogleg elevar blir med, bør turen planleggjast i god tid og i samarbeid med foreldre og elevar. Foreldre må få informasjon om kva ein slik tur inneber, og kva opplegget på turen skal vere. Ein bør til dømes gi informasjon om overnatting, transport, måltid og talet på vaksne som er til stades. Turen skal vere gratis, og skolen må leggje til rette for at elevar med særlege behov, til dømes funksjonsnedsetjingar, skal kunne delta.

Leirskolen skal vere ein del av grunnskoleopplæringa og må derfor vere i samsvar med Læreplanverket for Kunnskapsløftet. Dette inneber blant anna at skolane må rette seg etter verdigrunnlaget i den generelle delen av læreplanen og kompetansemåla som er fastsette i læreplanane for fag, og at dei må oppfylle minstekrava i fag- og timefordelinga. Innanfor rammene av læreplanverket står skolane fritt til å planleggje leirskoleopphaldet eller skoleturen. Dette er i samsvar med korleis kommunane og skolane normalt skal organisere og gjennomføre opplæringstilbodet sitt.

Til § 15-2 andre ledd

Andre ledd gjer unntak frå alminnelege reglar om klager på fylkeskommunale vedtak. Endringa gjer Kunnskapsdepartementet til klageinstans for vedtak om pålagt skolebyte, òg i vidaregåande opplæring. Oppgåva vil bli delegert til fylkesmannen for å sikre samanhengen med andre oppgåver etter opplæringslova.

11.2 Endringar i friskolelova

Til § 2-4 andre ledd

I andre punktum er det presisert at det er heimkommunen eller heimfylket som gjer vedtaket om skolebyte i første instans. Tredje punktum blir endra slik at det kjem fram at Kunnskapsdepartementet er klageinstans for enkeltvedtak etter § 9 A-7 om fysisk skolemiljø og enkeltvedtak etter § 9 A-12 om skolebyte. Oppgåva vil bli delegert til fylkesmannen for å sikre samanhengen med andre oppgåver etter opplæringslova og friskolelova.

Til § 3-3 første ledd

Andre til sjette punktum blir oppheva. Regel blir flytta til ny § 9 A-12 i opplæringslova og blir utvida til òg å gjelde elevar i vidaregåande opplæring. Den nye regelen gjeld for elevar i friskolar gjennom tilvisinga i friskolelova § 2-4 andre ledd.

Til § 4-3

Overskrifta til § 4-3 blir endra for å få betre samsvar mellom overskrifta og innhaldet i paragrafen.

Til § 4-3 tredje ledd

Første punktum blir endra slik at vidaregåande skole blir inkludert i opprekninga. Tilsetjingsforbodet gjeld dom eller førelegg for seksuelt overgrep mot mindreårige, uansett om alder er eit straffevilkår i lova. Der alder ikkje er eit straffevilkår, vil det ikkje gå fram av politiattesten om den fornærma var mindreårig eller ikkje. Ei slik opplysning må tilsetjingsmakta da skaffe sjølv.

Departementet understrekar at «dømde» òg skal omfatte vedteke førelegg.

11.3 Endringar i folkehøgskolelova

Til § 6

Overskrifta til § 6 blir endra for å få betre samsvar mellom overskrifta og innhaldet i paragrafen.

I folkehøgskolelova § 6 første punktum foreslår departementet at politiattest med innhald som i politiregisterlova § 39 skal leggjast fram. For folkehøgskolar blir kravet om slik politiattest gjort obligatorisk og dermed gjort om frå ein «kan»- til ein «skal»-regel.

Ligg det føre ein dom for seksuelt overgrep mot mindreårig, kan personen som er tilboden ei stilling, ikkje tilsetjast i stilling ved skolen, verken fast eller mellombels. Dette tilsetjingsforbodet er foreslått som eit nytt andre punktum i føresegna.

I folkehøgskolelova § 6 første ledd blir det vidare tilføydd eit nytt tredje punktum om «andre tilfelle», jf. tilsvarande ordlyd i opplæringslova § 10-9 tredje ledd og friskolelova § 4-3 tredje ledd. Dette er ei omskriving av det som i dag står i folkehøgskolelova § 6 første ledd andre punktum. Det er berre ei språkleg endring, inga realitetsendring.

Departementet understrekar at «dømd for» òg skal omfatte vedteke førelegg.

11.4 Endringar i yrkeskvalifikasjonslova

Til § 2 andre ledd

I første punktum blir det presisert at for yrke som er omfatta av helsepersonellova og dyrehelsepersonellova, gjeld berre reglane i §§ 22 til 24 om koordinator, assistansesenter og statistikkrapportering. Desse føresegnene gjeld uavhengig av sektortilknyting, og det er krav som er sette til myndigheitene. Godkjenning av helsepersonell og dyrehelsepersonell er regulert av forskrift om autorisasjon, lisens og spesialistgodkjenning for helsepersonell med yrkeskvalifikasjoner fra andre EØS-land eller fra Sveits og forskrift om rett til å arbeide som dyrehelsepersonell eller seminpersonell etter EØS-avtalen.

Til § 20 første ledd

Plikta til å varsle alle andre statar i EØS om vedtak om avgrensingar, permanent eller mellombels, i ein person si yrkesutøving gjeld for vedtak både frå nasjonale domstolar og frå nasjonale myndigheiter. Departementet viser elles til merknadene til § 20 i Prop. 139 L (2015–2016), kap. 6.

Til forsida