Prop. 88 L (2018–2019)

Endringar i opplæringslova, folkehøgskolelova, friskolelova m.m. (samleproposisjon)

Til innhaldsliste

7 Politiattest

7.1 Bakgrunnen for forslaget

I grunnskolen kan personar som er dømde for seksuelle overgrep mot mindreårige, ikkje bli tilsette, verken fast eller mellombels, jf. opplæringslova § 10-9. Det same gjeld ved tilsetjing i barnehagar og i ein del andre verksemder omtalte i opplæringslova § 10-9 første ledd. Sjå pkt. 7.2.2 nedanfor om gjeldande rett for desse verksemdene.

I vidaregåande skole gir derimot ikkje ein slik dom automatisk forbod mot tilsetjing. Den ansvarlege for tilsetjinga må her konkret vurdere kva for konsekvensar ein slik dom skal få. Denne vurderinga er krevjande og kan få konsekvensar både for den domfelte som er tilboden ei stilling i vidaregåande skole, og for elevane.

Departementet ønskjer å gi elevar i vidaregåande skole same vernet mot personar som er dømde for seksuelle overgrep mot mindreårige, som elevar i grunnskolen har i dag. Om formålet med bruk av politiattest heiter det i politiregisterlova § 37 at politiattest kan brukast «for å utelukke fysiske og juridiske personer fra stilling, virksomhet, aktivitet eller annen funksjon dersom […] utelukkelse kan forhindre at personer begår overgrep mot eller har skadelig innflytelse på mindreårige, eller bidrar til å øke tilliten til at mindreårige tas hånd om av skikkede personer».

Ein stor del av elevane i vidaregåande skole er mindreårige. Formålet nemnt ovanfor støttar ønsket departementet har om like reglar for politiattest i vidaregåande skole som i grunnskolen. Omsynet til vern om barn og unge veg for departementet tyngre enn omsynet til ein domfelt sitt behov for resosialisering og ønske om å bli tilsett i vidaregåande skole etter å ha sona straff. Det har over tid komme for dagen at nokre personar som er dømde for seksuelle overgrep mot mindreårige, er tilsette, fast eller mellombels, i vidaregåande skole. Departementet ønskjer å hindre fleire slike tilsetjingar.

Forslaget vil som utgangspunkt ikkje ha konsekvensar for dei som allereie er tilsette. Det kan likevel få slike konsekvensar dersom ein som allereie er tilsett, søkjer ny stilling ved den same skolen, eventuelt ved ein annan skole. Etter forslaget skal da den som blir tilboden stillinga, leggje fram politiattest, og tilsetjingsforbod vil gjelde dersom dom for seksuelt overgrep mot mindreårig går fram av attesten.

I vidaregåande skole er det både mindreårige elevar og elevar over 18 år. Sjølv om formålet med bruk av politiattest som nemnt ovanfor er grunngitt med vern om mindreårige, er det slik departementet ser det, ingen avgjerande skilnad mellom ein elev i vidaregåande skole på 17 år og ein på 18 år. Begge vil ha behov for vern. Det same vil gjelde i folkehøgskolar. Her er storparten av elevane på langkurs over 18 år, mens nokre elevar er i aldersgruppa 16 til 18 år.

Om omgrepet «mindreårige»: Sjå nedanfor under pkt. 7.2.2.

7.2 Gjeldande rett

7.2.1 Generelt om bruk av politiattest

Det må vere heimel i spesiallovgivinga for å krevje framlagd politiattest. Den som blir tilboden ei stilling i skolen, må leggje fram politiattest – ikkje eldre enn tre månader – før tilsetjinga kan skje. Føresegnene i spesiallovgivinga slår fast kva innhald attesten skal ha. Skoleeigaren som er ansvarleg for tilsetjinga, må be den som er tilboden stillinga, om å leggje fram slik attest som lova krev. Den som er tilboden stillinga, må sjølv kontakte politiet og der be om å få utferda politiattest til nettopp dette formålet, det vil seie tilsetjing i skolen. Departementet understrekar at politiattest ikkje skal leggjast ved søknaden til stillinga. Slik attest skal berre krevjast av den som blir tilboden stillinga.

7.2.2 Opplæringslova

Føresegna om politiattest er teken inn i opplæringslova § 10-9. Her heiter det i første ledd i føresegna at den som skal tilsetjast, fast eller mellombels, i grunnskolen og i vidaregåande skole, må leggje fram politiattest med tilsvarande innhald som nemnt i politiregisterlova § 39 første ledd. Det same kravet blir stilt til dei som skal tilsetjast i musikk- og kulturskolen etter opplæringslova § 13-6, i skolefritidsordning etter opplæringslova § 13-7, i leksehjelpordning etter opplæringslova § 13-7 a og i skoleliknande aktivitetstilbod. Sistnemnde vil seie aktivitetstilbod i regi av skoleeigaren med tilknyting til skolen og som har karakter av opplæring. Sommarskole er eit døme på dette. Føresegna i første ledd er ein «skal-regel» – politiattest må leggjast fram.

Politiregisterlova § 39 første ledd, nemnd ovanfor og som vist til i opplæringslova § 10-9 første ledd, er ei føresegn om politiattest som gjeld personar som skal ha omsorg for eller oppgåver knytte til mindreårige. Ho listar opp ei rekkje straffeføresegner. Brot på desse straffeføresegnene skal førast opp på politiattest som er utferda etter denne føresegna i politiregisterlova. Politiregisterlova § 39 første ledd slår altså fast innhaldet i politiattesten som må leggjast fram når ein søkjer stilling i skolen og i andre aktivitetar som er omtalte i opplæringslova § 10-9 første ledd.

I opplæringslova § 10-9 andre ledd heiter det at skoleeigaren kan krevje tilsvarande politiattest lagd fram av andre personar enn dei som er omtalte i første ledd. Vilkåret for å krevje dette er at desse personane regelmessig oppheld seg i skolen eller i nokon av dei aktivitetane som første ledd omhandlar. Her er det altså ikkje krav til tilsetjing, men regelmessig opphald i skole eller nemnde aktivitetar. Her er òg kravet om framlegging av politiattest avgrensa til dei tilfella der skoleeigaren krev det. Det er ein «kan-regel», som er avhengig av at skoleeigaren ber om at politiattest blir lagd fram i ei konkret sak. Innhaldet i politiattesten er som for første ledd, sjå ovanfor.

I tredje ledd i føresegna er det omtalt kva for konsekvensar det skal få dersom ein merknad om dom for seksuelt overgrep mot ein mindreårig går fram av politiattesten. Personar som er «dømde for seksuelle overgrep mot mindreårige», kan ikkje tilsetjast, verken fast eller mellombels, i grunnskolen eller i nokon av dei aktivitetane som er nemnde i første ledd i føresegna, jf. omtalen i første avsnitt ovanfor. Tilsvarande forbod er ikkje gitt for tilsetjing i vidaregåande skole. Den som har ansvaret for tilsetjinga, må her konkret vurdere kva for konsekvensar ein dom for seksuelt overgrep mot mindreårige skal få.

Fleire av seksuallovbrota som er omtalte i politiregisterlova § 39 første ledd, har bot i strafferamma. Dei kan derfor etter forslag frå påtalemakta avgjerast ved førelegg i staden for at det blir reist tiltale. Det følgjer av straffeprosesslova § 255. Eit vedteke førelegg har same verknad som ein dom, jf. § 258 andre ledd i same lova. Førelegg er på bakgrunn av dette likestilt med dom i opplæringslova § 10-9 tredje ledd.

Ligg det føre ein dom for seksuelt overgrep mot andre enn mindreårige, skal den som er ansvarleg for tilsetjinga, vurdere konkret kva for konsekvensar ein slik dom skal få. Dette gjeld både i grunnskolen og i vidaregåande skole. Tilsvarande gjeld dersom det ligg føre brot på andre føresegner som er nemnde i politiattesten etter politiregisterlova § 39 første ledd. Det same gjeld òg dersom det ikkje ligg føre ein dom, men politiattesten «berre» opplyser om ei sikting eller ein tiltale for lovbrot. Da må òg ei slik konkret vurdering gjerast – sikting eller tiltale er ikkje tilstrekkeleg til automatisk forbod mot tilsetjing, heller ikkje om det gjeld seksuelt overgrep mot mindreårige.

Omgrepet «mindreårige» avløyste omgrepet «barn» ved lovendringa som tredde i kraft 1. august 2011, jf. nedanfor. Det går klart fram av Prop. 96 L (2010–2011) at endringa ikkje var meint å skulle innebere ei realitetsendring. Omgrepet er ikkje nærmare definert i opplæringslova. Men det er allment akseptert at ein med dette omgrepet meiner ein person som ikkje har nådd myndigalder, altså ikkje er fylt 18 år. Det er òg i tråd med definisjonen av omgrepet «mindreårig» i verjemålslova § 8.

Opplæringslova § 10-9 fjerde ledd inneheld berre ein forskriftsheimel.

Departementet presiserer at det berre er tredje ledd, om konsekvensane av ein merknad i politiattesten, som er foreslått endra i proposisjonen her. Vidare er forslaget avgrensa til konsekvensar ein dom for seksuelt overgrep mot mindreårige, ikkje andre lovbrot, vil få for ein person som blir tilboden ei stilling i vidaregåande skole.

I kapittel 15 i forskrift til opplæringslova, gitt med heimel i opplæringslova § 10-9 fjerde ledd, heiter det at politiattest berre skal leggjast fram av den som blir tilboden stillinga. Dette skal gå fram av utlysingsteksten. Politiattest skal ikkje leggjast ved stillingssøknaden.

Opplæringslova § 10-9 gjeld òg for private grunnskolar som er omtalte i opplæringslova § 2-12.

7.2.3 Friskolelova

Friskolelova § 4-3 har tilnærma same innhaldet som opplæringslova § 10-9. Musikk- og kulturskole og skolefritidsordning er ikkje omtalt. Elles er føresegna identisk med opplæringslova § 10-9.

Det er gitt føresegner om politiattest i forskrift til friskolelova, sjå forskrifta kapittel 8. Desse er einslydande med føresegnene i kapittel 15 i forskrift til opplæringslova.

Om gjeldande rett på friskoleområdet: Sjå omtalen under pkt. 7.2.2 ovanfor om opplæringslova.

7.2.4 Folkehøgskolelova

I folkehøgskolelova § 6 heiter det at styret ved den enkelte skolen avgjer om dei som skal tilsetjast ved skolen, fast eller mellombels, må leggje fram politiattest med tilsvarande innhald som nemnt i politiregisterlova § 39 første ledd. Styret ved skolen vurderer i så fall konsekvensane av eventuelle merknader på politiattesten i den enkelte tilsetjingssaka.

Det er her ikkje krav om framlegging av slik politiattest. Styret skal i kvar enkelt tilsetjingssak vurdere om politiattest etter politiregisterlova § 39 første ledd skal leggjast fram. Føresegna er altså ein «kan-regel». Er det lagt fram slik politiattest, skal styret vurdere kva for konsekvensar merknader på politiattesten skal få.

7.3 Høyringsforslaget

I departementet sitt høyringsbrev av 31. oktober 2018 blei det foreslått endringar i opplæringslova, friskolelova og folkehøgskolelova. I høyringsbrevet blei forslaga skildra slik:

«Opplæringsloven § 10-9 tredje ledd foreslås endret slik at personer som har begått seksuelt overgrep mot mindreårig ikke kan ansettes i videregående skole. Tilsvarende endring blir foreslått for elever i videregående skole som omfattes av friskoleloven.
For folkehøyskoler foreslår vi en tilsvarende realitetsendring. Videre foreslås en plikt til å fremlegge politiattest, jf. politiregisterloven § 39 første ledd, ved alle ansettelser. Det foreslås her at dagens «kan»-regel endres til en «skal»-regel.»

Departementet understrekar at høyringa er avgrensa til desse forslaga og ikkje omfattar andre forhold knytte til regelverket om politiattestar.

7.4 Høyringsfråsegner

7.4.1 Generelt om høyringa

Til saman 41 høyringsinstansar har sendt inn høyringsinnspel. 6 av desse har skrive at dei ikkje har merknader til nokon av forslaga.

Dei andre har uttalt seg om det eine eller begge forslaga, alternativt gitt støtte utan vidare grunngiving.

Dei 19 høyringsinstansane som støttar begge forslaga, er:

Politidirektoratet, Politihøgskolen, Finnmark politidistrikt, Nordland politidistrikt, Oslo politidistrikt, Aust politidistrikt, Kripos, Barneombodet, Hedmark fylkeskommune, Oslo kommune, Longyearbyen lokalstyre, KS, Foreldreutvalet for grunnopplæringa (FUG), Redd Barna, Skolenes Landsforbund, OsloMet, OsloMet (LUI), Voss Folkehøgskule og Stine Sofies Stiftelse.

14 høyringsinstansar uttaler seg berre om det første forslaget og støttar dette. Desse er:

Hordaland fylkeskommune, Nordland fylkeskommune, Rogaland fylkeskommune, Telemark fylkeskommune, Troms fylkeskommune, Trøndelag fylkeskommune, Fagforbundet, Utdanningsforbundet, Virke, Norske Fag- og Friskolers forbund, Kristne Friskolers Forbund, Norsk Forbund for Utviklingshemmede, Norges Kvinne- og Familieforbund og Soroptimist International Norway.

Folkehøgskolerådet har berre uttalt seg om det andre forslaget og støttar dette.

Ingen høyringsinstansar har uttalt seg mot dei to forslaga. Justis- og beredskapsdepartementet har ein merknad om kostnadene. Dei ber om at høgare kostnader grunna utferding av fleire politiattestar i folkehøgskolar blir belasta budsjettet til Kunnskapsdepartementet.

7.4.2 Konsekvensar av oppført dom på politiattest for seksuelt overgrep mot mindreårige

I høyringsnotatet foreslo departementet å innføre forbod mot tilsetjing i vidaregåande skole, medrekna i friskolar, og i folkehøgskolar, for personar som har dom for seksuelt overgrep mot mindreårige oppført på politiattesten sin.

Mange høyringsinstansar støttar forslaget utan nærmare grunngiving, alternativt med same grunngiving som departementet hadde i høyringa. Nokre høyringsinstansar har andre forslag i tillegg eller har kommentarar av annan art.

Nordland og Rogaland fylkeskommune ønskjer at forbodet mot tilsetjing òg må gjelde dei som har dom for seksuelt overgrep mot andre enn mindreårige.

Norsk Forbund for Utviklingshemmede ønskjer at forbodet mot tilsetjing òg skal gjelde dei som har dom for seksuelt overgrep mot utviklingshemma – uansett om den fornærma er mindreårig eller ikkje. Dei peikar på straffelova § 295, som rammar misbruk av «overmaktsforhold og lignende». Mange personar med utviklingshemming deltek i vidaregåande opplæring. Forbundet påpeikar at denne utsette gruppa kan få betre vern om forbodet blir utvida som foreslått.

Rogaland fylkeskommune og Voss folkehøgskule uttaler seg positivt til høyringsforslaget om å gjere tilsetjingsforbodet gjeldande for personar som allereie er tilsette i skolen, men som etter søknad blir tilbodne ny stilling ved same eller annan skole.

Kripos går noko lenger enn dette og ønskjer at tilsetjingsforbodet skal få tilbakeverkande kraft og gjelde dei som allereie er tilsette i skolen, uansett om dei søkjer ny stilling eller ikkje. Dei påpeikar at ei anna løysing vil gi forskjellsbehandling. Det vil i så fall gjere at ein som allereie er tilsett trass ein dom for seksuallovbrot mot mindreårige, skal kunne halde fram i stillinga si. Den som skal tilsetjast i ei stilling, vil derimot møte eit tilsetjingsforbod.

Stine Sofies Stiftelse ønskjer at ein skal kunne krevje fornya politiattest frå tilsette med jamne mellomrom, til dømes annakvart år. Dette er grunngitt med at ein da får opplysningar om tilsette som hadde rein politiattest da dei blei tilsette, men som seinare kan ha fått merknader. Slik meiner stiftinga at ein kan sikre seg at den tilsette til kvar tid er skikka til å arbeide med barn og unge.

Oslo kommune ønskjer hyppigare bruk av høvet til å be om fornya politiattest. Kommunen ønskjer derfor at det uttrykkjeleg skal visast til politiregisterlova § 43. Denne føresegna opnar nettopp for å be om nye eller oppdaterte opplysningar etter at politiattest er utferda, dersom lovvilkåra for å utferde politiattest framleis er til stades.

Stine Sofies Stiftelse ønskjer føresegner i skolelovgivinga som gir ein arbeidsgivar rett og plikt til «utan vidare» å seie opp ein tilsett som er skuldig i seksuelt overgrep mot mindreårige.

Redd Barna, Fagforbundet og Stine Sofies Stiftelse peikar på faren for at krav om politiattest kan bli ei sovepute og gi falsk tryggleik. Dei påpeikar at eigne undervisningsopplegg med barn om seksuelle overgrep, tilpassa alderen på barna, må utarbeidast og gjennomførast årleg. Dei hevdar at dette òg kan ha ein førebyggjande effekt ved å skremme potensielle lovbrytarar frå å utføre overgrep. Vidare peikar dei på at skolar bør ha handlings- og beredskapsplanar om slike forhold.

Troms fylkeskommune peikar på at forbodet må vere meint utvida til å gjelde vidaregåande skole, ikkje vidaregåande opplæring. Sistnemnde omgrep inkluderer opplæring i bedrift. Dei påpeikar at omgrepet «vidaregåande opplæring» er brukt feilaktig i den foreslåtte lovteksten. Slik fylkeskommunen ser det, skal det riktige vere «vidaregåande skole».

Kristne Friskolers Forbund har påpeika at tilsetjingsforbodet òg må gjelde for personar som blir tilsette i skolefritidsordningar i friskolar. Om dette ikkje er omfatta av friskolelova i dag, ønskjer dei ei presisering i lova.

Virke og Kristne Friskolers Forbund peikar på at krav om politiattest og eit påfølgjande tilsetjingsforbod òg må gjelde for tilsetjing i stillingar knytte til internatdrift.

Politidirektoratet, Politihøgskolen og Kripos meiner alle at forbodet òg må ramme dei som har vedteke eit førelegg for seksuelt overgrep mot mindreårige, ikkje berre dei som er dømde for eit slikt forhold.

Politidirektoratet og Politihøgskolen meiner at tilsetjingsforbodet må avgrensast til dei tilfella der alder er eit straffevilkår i den aktuelle straffeføresegna.

Elles er det ikkje komme fleire kommentarar til høyringsforslaget utover støtta som er gitt til forslaget og grunngivinga for det i høyringsnotatet.

7.4.3 Obligatorisk framlegging av politiattest ved tilsetjing i folkehøgskole

I høyringsnotatet foreslo departementet at det i folkehøgskolar skal krevjast framlagd politiattest ved tilsetjing i fast eller mellombels stilling. Innhaldet i politiattesten må vere slik det er kravd i politiregisterlova § 39 første ledd.

Stine Sofies Stiftelse påpeikar at ei slik obligatorisk plikt vil motverke ulik praksis ved folkehøgskolane. Dei understrekar at ulik praksis skolane imellom vil vere uheldig for tryggleiken til barn og unge.

Det er ikkje komme fleire kommentarar i høyringa til dette forslaget.

7.5 Departementet sine vurderingar

7.5.1 Konsekvensar av oppført dom på politiattest for seksuelt overgrep mot mindreårige

Departementet foreslår at tilsetjingsforbodet blir avgrensa til merknader for seksuelle overgrep mot mindreårige. Departementet påpeikar at det ikkje har vore tema i høyringa å utvide tilsetjingsforbodet til ein vidare krets av fornærma enn det som gjeld i grunnskolen. Det same gjeld spørsmålet om seksuelle overgrep mot utviklingshemma burde vere nemnt særskilt. Om dette hadde vore eit høyringstema, kan departementet heller ikkje sjå bort frå at òg andre utsette grupper kunne blitt trekt fram med tilsvarande behov for vern. Skulle tilsetjingsforbodet gjelde òg for seksuelle overgrep mot andre enn mindreårige, måtte eit tilsvarande forslag ha vore fremma òg for grunnskolen. Strengare reglar på desse punkta i vidaregåande skole enn i grunnskolen ville ha skapt skeivskap i regelverket.

Dersom ein tilsett ved skolen blir tilboden ny stilling ved same skole, alternativt ved ein annan skole, må vedkommande leggje fram politiattest. Dette er i tråd med regelen i dag – den som skal tilsetjast i ei stilling, mellombels eller fast, må leggje fram politiattest.

Departementet legg til grunn at dette òg må gjelde for tilsetjing etter interne utlysingar. Slik departementet ser det, vil det derimot ikkje gjelde ved interne fungeringar. Slike kan vere hyppige, av kort lengd og gjeld heller ikkje tilsetjing i ny stilling.

Departementet foreslår derimot ikkje at tilsetjingsforbodet skal ha tilbakeverkande kraft. I så fall måtte alle tilsette i skolen leggje fram politiattest med verknad frå same tidspunktet som tilsetjingsforbodet for nytilsette tek til å gjelde. Ei slik ordning ligg utanfor det forslaget som har vore på høyring. Dette ville òg ha innebore innføring av ei obligatorisk ordning med fornya politiattest for alle i skolen.

Departementet foreslår heller ingen endringar i høvet til å be om nye eller oppdaterte opplysningar etter at politiattest er utferda. Dette høvet er heimla i politiregisterlova § 43 og kan nyttast dersom lovvilkåra for dette er til stades. Høvet til å be om slike opplysningar blir heller ikkje styrkt ved at § 43 blir gjenteken i anna lovgiving.

Stine Sofies Stiftelse ønskjer føresegner i skolelovgivinga som gir arbeidsgivar rett og plikt til «utan vidare» å seie opp ein tilsett som er skuldig i seksuelt overgrep mot mindreårige. Departementet påpeikar at ei slik ordning vil gå langt utover det forslaget som er fremja. Departementet ser heller ikkje grunn til å ta inn eigne føresegner om oppseiing i slike tilfelle i skolelovgivinga. Både arbeidsmiljølova og straffelova inneheld føresegner om kva for følgjer blant anna seksuelle overgrep mot mindreårige kan få for eit arbeidsforhold. Etter arbeidsmiljølova § 15-14 første ledd kan arbeidsgivar seie opp ein arbeidstakar med påbod om å gå frå stillinga straks dersom vedkommande har gjort seg skuldig i grovt pliktbrot eller anna vesentleg misleghald av arbeidsavtalen. Vidare regulerer straffelova § 29 tap av rettar for personar som er skuldige i ei straffbar handling. Det følgjer av denne føresegna at den som er skuldig i ei straffbar handling som viser at vedkommande er uskikka til eller kan misbruke ei stilling, ei verksemd eller ein aktivitet, kan, når allmenne omsyn tilseier det, bli fråteken stillinga eller retten til å i framtida ha ei stilling eller utøve ei verksemd eller ein aktivitet.

Enkelte høyringsinstansar peikar på at det òg er behov for andre tiltak mot overgrep, som undervisningsopplegg med barn om seksuelle overgrep, tilpassa alderen til barna. Departementet er innforstått med at politiattest åleine ikkje gir nødvendig tryggleik. Krav om politiattest med mogleg tilsetjingsforbod som konsekvens er likevel eit nyttig verkemiddel saman med andre tiltak, som påpeika.

Kristne Friskolers Forbund har påpeika at tilsetjingsforbodet òg må gjelde for skolefritidsordningar i friskolar. Departementet er innforstått med at friskolelova ikkje seier at krava til politiattest òg skal gjelde for tilsette ved skolefritidsordningar som er drivne av friskolar. Departementet legg samtidig til grunn at krava om politiattest og konsekvensane av merknader skal vere dei same for tilsette anten dei blir tilbodne stilling i skolefritidsordning i offentleg skole eller i friskolar. Bakgrunnen for utforminga av friskolelova her er at friskolelova ikkje regulerer den nærmare drifta av skolefritidsordningar. Temaet fell utanfor det forslaget som har vore på høyring, og departementet foreslår ingen endringar på dette punktet.

Når det gjeld tilsette ved internat, er det ikkje krav om politiattest verken i opplæringslova, friskolelova eller folkehøgskolelova. Krava i dei nemnde lovene gjeld tilsette ved skolane, ikkje dei som er særskilt tilsette ved internat. Sidan mange internat ligg nært og i tilknyting til skolar, vil samtidig krav om politiattest retta mot dei som blir tilsette ved skolane, komme dei som bur på desse internata, til gode. I ein del slike tilfelle vil internata nettopp kunne sjåast som ein del av skolen.

Departementet understrekar at tilsetjingsforbodet skal gjelde dom for alle seksuelle overgrep mot mindreårige. Det gjeld anten alder er eit straffevilkår i det konkrete straffebodet eller ikkje. I dei tilfella der alder ikkje er eit slikt straffevilkår, vil det ikkje gå fram av politiattesten om den fornærma var mindreårig eller ikkje. Ei slik opplysning må tiljsetingsmakta da skaffe sjølv, fortrinnsvis ved å spørje politiet. Andre opplysningar om saka – personalia til den fornærma eller skildring av gjerninga – har ikkje tilsetjingsmakta behov for. Av politiregisterlova § 30 første ledd går det fram at teieplikt ikkje er til hinder for at opplysningar blir utleverte til andre offentlege organ i deira interesse, dersom dette er nødvendig for å fremje oppgåvene som mottakarorganet har etter lov, eller for å hindre at verksemd blir utøvd på ein uforsvarleg måte. Med heimel i denne føresegna kan ein kommune eller ein fylkeskommune be politiet opplyse om alderen til den fornærma i ei overgrepssak som er ført opp på ein politiattest levert i samband med ei tilsetjingssak i skolen.

Tilsetjingsmakta vil i vurderinga av vandelen til den som er tilboden i ei stilling, følgje dei føresegnene som er nemnde i politiregisterlova § 39 første ledd. Det er lagt til grunn at det berre heilt unntaksvis vil vere behov for å kontakte politiet for å få opplysningar om alderen til den fornærma.

I tillegg vil departementet påpeike at førelegg må likestillast med dom. I det utsende høyringsnotatet er det ikkje sagt noko om førelegg. Verknaden av førelegg er derfor omtalt ovanfor under punktet om gjeldande rett.

Når det gjeld den lovtekniske utforminga av føresegna, har departementet endra ordlyden etter innspel frå Troms fylkeskommune, slik at føresegna viser til vidaregåande skole, ikkje vidaregåande opplæring. Derimot har departementet ikkje følgt opp forslaget frå Stine Sofies Stiftelse om å ta inn politiregisterlova § 39 første ledd i skolelovgivinga. Ei slik dobbeltregulering ville innebere ein fare for at endringar i politiregisterlova ikkje blir fanga opp, og kunne dermed ført til utilsikta forskjellar i regelverket.

7.5.2 Obligatorisk framlegging av politiattest ved tilsetjing i folkehøgskole

Forslaget går ut på at det i folkehøgskolar skal krevjast framlagd politiattest ved tilsetjing i fast eller mellombels stilling. Innhaldet i politiattesten må vere slik det er kravd i politiregisterlova § 39 første ledd. Som Stine Sofies Stiftelse påpeikar, vil ei slik obligatorisk plikt motverke ulik praksis ved folkehøgskolane. Ulik praksis skolane imellom vil vere uheldig for tryggleiken til barn og unge.

7.6 Departementet sitt forslag

På grunnlag av gjennomgangen over foreslår departementet at personar som på politiattesten sin har merknad om dom eller førelegg for seksuelt overgrep mot mindreårige, ikkje kan tilsetjast, fast eller mellombels, i vidaregåande skolar eller i folkehøgskolar. Det same gjeld for vidaregåande friskolar. Departementet understrekar at tilsetjingsforbodet skal gjelde dom eller førelegg for seksuelt overgrep mot mindreårige, uansett om alder er eit straffevilkår i lova. Der alder ikkje er eit straffevilkår, vil det ikkje gå fram av politiattesten om den fornærma var mindreårig eller ikkje. Ei slik opplysning må tilsetjingsmakta da skaffe sjølv.

Vidare foreslår departementet at politiattest skal leggjast fram ved tilsetjing i folkehøgskolar. Det skal gjelde både faste og mellombelse stillingar. Politiattesten skal ha same innhald som nemnt i politiregisterlova § 39 første ledd.

Til forsida