Prop. 9 L (2016–2017)

Endringar i lov om trudomssamfunn og ymist anna og i lov om tilskott til livssynssamfunn (om statstilskott til Den norske kyrkja til pensjonspremie og eigenkapital)

Til innhaldsliste

6 Merknader til lovforslaget

Departementet foreslår at § 19 første leddet i lov 13. juni 1969 nr. 25 om trudomssamfunn og ymist anna får eit nytt fjerde punktum, der det vart presisert at løyvingar til eigenkapital til Den norske kyrkja (det nye rettssubjektet for kyrkja) og til den delen av kyrkja sin pensjonspremie som er knytt til pensjonsrettar som dei tilsette i rettssubjektet har opptent som tenestemenn i staten, ikkje skal reknast med i tilskottsgrunnlaget til andre trussamfunn.

Departementet foreslår likelydande lovtekst i lov 12. juni 1981 nr. 64 om tilskott til livssynssamfunn § 2 andre ledd nytt andre punktum.

§ 19 første leddet i lova om trudomssamfunn har slik ordlyd:

«Registerført trudomssamfunn kan krevja årleg tilskot frå rikskassen. Tilskotet skal vera så stort at det etter måten svarar om lag til det som staten har budsjettert til Den norske kyrkja, og skal utreknast etter kor mange som høyrer til samfunnet. Løyvingar som kjem som ei følgje av at tenestebustad- og bupliktordninga for prestane har falle bort, skal ikkje reknast med i tilskottsgrunnlaget etter første leddet.»

Tredje punktum er misvisande fordi det viser til første leddet i paragrafen. Departementet foreslår at dette vert retta opp ved at tredje punktum får slik ordlyd:

«Løyvingar som kjem som ei følgje av at tenestebustad- og bupliktordninga for prestane har falle bort, skal ikkje reknast med i tilskottsgrunnlaget.»

§ 2 andre leddet i lova om tilskott til livssynssamfunn har slik ordlyd:

«Løyvingar som kjem som ei følgje av at tenestebustad- og bupliktordninga for prestane har falle bort, skal ikkje reknast med i tilskottsgrunnlaget etter første leddet.»

I tråd med forslaget ovanfor om endring av lova om trudomssamfunn § 19 første leddet tredje punktum, foreslår departementet at § 2 andre leddet første punktum i lova om tilskott til livssynssamfunn får slik ordlyd:

«Løyvingar som kjem som ei følgje av at tenestebustad- og bupliktordninga for prestane har falle bort, skal ikkje reknast med i tilskottsgrunnlaget.»

Departementet har ikkje elles merknader til lovforslaget.