Prop. 91 L (2015–2016)

Endringar i utlendingslova (pågriping og fengsling i samband med 48-timarprosedyren)

Til innhaldsliste

5 Forslaga i høyringsnotatet

5.1 Pågriping og fengsling på grunnlag av 48-timarprosedyre

Departementet framheva i høyringsnotatet at relativt mange søkjarar får sakene sine handsama i 48-timarprosedyren årleg, og at det blant desse søkjarane førekjem misbruk av asylinstituttet og kriminell åtferd. Departementet fann det på denne bakgrunn tenleg å opprette ein heimel i utlendingslova § 106 første ledd for pågriping og fengsling av personar som har levert ein presumptivt openbert grunnlaus asylsøknad som vert handsama i 48-timarprosedyren. Departementet uttalte at ein slik heimel vil styrke utlendingskontrollen og effektivisere arbeidet med sakshandsaming og eventuell retur.

Departementet fann det klart at lovforslaget ikkje var i strid med Grunnlova § 94 eller internasjonal rett, og viste mellom anna til at EMD har akseptert kortvarig fengsling for å gjennomføre hurtigprosedyrar.

Det gjekk eksplisitt fram av lovforslaget i høyringsbrevet at fengslingsheimelen ikkje vil vere aktuell overfor mindreårige eller personar som har barn som også har søkt om vern.

5.2 Pålegg om meldeplikt og bestemt opphaldsstad

Departementet foreslo at det, på tilsvarande vilkår som ovanfor, skal vere heimel i utlendingslova for å nytte pålegg om meldeplikt eller bestemt opphaldsstad overfor personar i 48-timarprosedyren. Departementet fann det klart at slike pålegg, som er langt mindre inngripande enn fengsling, vil vere innanfor dei menneskerettslege rammene som følgjer av Grunnlova og internasjonal rett.

5.3 Endring i § 106 a om unndragingsfare

Departementet foreslo å lovfeste i § 106 a at avslag på ein openbert grunnlaus asylsøknad skal telje som eit moment som tilseier fare for unndraging. Unndragingsfare er eit sjølvstendig fengslingsgrunnlag etter § 106 første ledd bokstav b. Departementet påpeikte at det i aktuelle saker ofte vil vere grunnlag for fengsling også etter gjeldande rett, ettersom utlendingar som får avslag på ein openbert grunnlaus asylsøknad vert utvist og eit utvisingsvedtak taler for unndragingsfare, men fann det likevel tenleg med ei tydeleggjering i § 106 a. Dette vil leggje til rette for forlenga fengsling etter utløpet av 72-timarfristen i dei tilfelle dette er naudsynt og forholdsmessig.

5.4 Registrering og rettsleg bistand

Departementet framheva at føremålet med 48-timarprosedyren generelt, og med den foreslegne fengslingsregelen spesielt, er å sikre rask sakshandsaming og rask retur. Det er difor viktig at sakene vert handtert på ein mest mogleg effektiv måte, samstundes som rettstryggleiken vert ivareteken.

I lys av dette foreslo departementet at saker der politiet vurderer å pågripe i medhald av den foreslegne heimelen i § 106, skal følgje framgangsmåten med utvida registrering. Denne er nærare regulert i rundskriv RS 2010-081 om «bruk av ankomstregistreringsskjema ved søknad om beskyttelse», og inneber i korte trekk at ordinært asylintervju hjå UDI vert erstatta med eit kortare intervju hjå PU. Når politiet gjennomfører utvida registrering vil det ikkje vere naudsynt å transportere vedkomande fram og tilbake mellom Trandum og UDI for gjennomføring av intervju (med mindre UDI i den konkrete saka ser behov for eit ordinært intervju).

Departementet meinte at ei slik ordning er forsvarleg i eit rettstryggleiksperspektiv, og viste til at retten til rettleiing og advokatbistand vil bli ivareteken på følgjande vis:

  • I samband med registrering skal politiet informere om utlendingen sine rettar og plikter.

  • Utlendingen får tilbod om rettleiing av ein rettshjelpsorganisasjon (denne oppgåva er i dag lagt til NOAS)

  • Retten til advokat trer inn når det ligg føre negativt vedtak frå UDI, når det vert oppretta sak om utvising eller når retten til prosessfullmektig trer inn som følgje av at vedkomande er pågripen.

Når det gjeld retten til advokat, foreslo departementet at ein og same advokat skal handtere både utlendingssaka (asylsaka og eventuelt utvisingssak) og fengslingsspørsmålet i dei tilfella ein utlending vert pågripen i medhald av den foreslegne heimelen i § 106. Departementet fann det nærliggande at det bør veljast ein advokat som primært arbeider med fengslingssaker, men bad høyringsinstansane særskilt vurdere kva for advokatar som bør handtere slike saker.

Departementet såg behov for å regulere særskilt kva for godtgjersle som skal gjelde for ein advokat som handterer både asylsak og fengslingssak. Departementet tok utgangspunkt i stykkprisforskrifta § 9 om godtgjersle for fengslingsoppdrag, og la til to gongar den offentlege salærsatsen for handtering av utlendingssaka. Normalt vert det gjeve tre gongar salærsatsen i openbert grunnlause asylsaker.

Til forsida