Prop. 91 L (2015–2016)

Endringar i utlendingslova (pågriping og fengsling i samband med 48-timarprosedyren)

Til innhaldsliste

8 Økonomiske og administrative konsekvensar

Lovforslaget gjev politiet og utlendingsforvaltninga fleire verkemiddel for å styrke utlendingskontrollen. Bruk av pågriping og fengsling i ein del hurtigprosedyresaker vil kunne føre til meir effektiv sakshandsaming og etterfølgjande uttransportering, som igjen vil kunne bidra til at det vert levert færre openbert grunnlause søknader i Noreg. I kva for grad forslaget vil føre til færre personar i Noreg utan lovleg opphald og mindre kriminalitet, er svært vanskeleg å talfeste.

På den andre sida krev pågriping og eventuelt fengsling ein viss ressursbruk, først og fremst av politiet. Departementet legg til grunn at det på grunn av 72-timarfristen vil vere få fengslingssaker og at forslaget dermed i liten grad vil påverke domstolane. Også pågripingssaker vil likevel kunne innebere utgifter til rettshjelp i tillegg til politiet sin ressursbruk. Politiet må fortløpande vurdere kva som er hensiktsmessig bruk av kapasiteten på Trandum utlendingsinternat, mellom anna sett hen til det samla biletet av kva for returar som skal gjennomførast. I lys av dette, og at det ikkje finst tilgjengeleg statistikk om kor mange personar i 48-timarprosedyre som vert pågripne i dag, er det vanskeleg å vurdere kor mange nye pågripingssaker den nye heimelen vil innebere. Bruken av heimelen må vurderast innanfor dei til ei kvar tid gjeldande budsjettrammer.

Den foreslegne prosessen – at det i aktuelle saker skal gjerast utvida registrering i staden for ordinært asylintervju – vil innebere redusert ressursbruk for politiet og UDI sett under eitt.

Departementet har gått bort frå forslaget i høyringsbrevet om ein særskilt regel for fastsetjing av advokatgodtgjersle, jf. punkt 7.4.5 ovanfor, slik at alminnelege reglar vil gjelde. Det vil dermed ikkje skje ei slik avkorting som det vart lagt opp til i høyringsbrevet, der departementet tok utgangspunkt i godtgjersla for fengslingsoppdrag (fem gongar salærsatsen) og la til to gongar salærsatsen for handtering av utlendingssaka (mot normalt tre gongar salærsatsen i openbert grunnlause asylsaker). Som nemnt i avsnitt 7.4.5, ville den foreslegne særregelen vere krevjande å praktisere. Ein særregel ville dermed ikkje nødvendigvis innebere ei nemneverdig innsparing.

Departementet viser vidare til at det i høyringsnotatet «Innstramninger II» (29. desember 2015) er foreslått at pågripingssaker skal godtgjerast med tre gongar salærsatsen, ikkje medgått tid. Dersom dette vert vedteke, vil dei fleste hurtigprosedyresaker der utlendingen vert pågripen (men ikkje framstilt for fengsling) innebere ei advokatgodtgjersle på totalt seks gongar salærsatsen (tre for pågripingssaka pluss tre for asylsaka). Dette er mindre enn kva departementet la opp til i høyringsbrevet (fem pluss to gongar salærsatsen), ettersom ein der tok utgangspunkt i godtgjersla for fengslingssaker også i tilfelle der utlendingen vert pågripen, men ikkje fengsla. Dersom utlendingen vert framstilt for fengsling, noko departementet legg til grunn vil skje i mindretalet av sakene, vil den samla godtgjersla bli åtte gongar salærsatsen (fem for fengslingssaka pluss tre for asylsaka), altså noko høgare enn ein regel om avkorting ville innebere.

Til forsida