Prop. 91 L (2015–2016)

Endringar i utlendingslova (pågriping og fengsling i samband med 48-timarprosedyren)

Til innhaldsliste

9 Merknader til dei einskilde reglane i lovforslaget

Til § 105

Departementet viser til dei alminnelege motiva avsnitt 7.2.

Første ledd ny bokstav f utgjer eit nytt grunnlag for pålegg om meldeplikt eller bestemt opphaldsstad når utlendingen har levert ein asylsøknad som vert rekna for openbert grunnlaus og difor vert handsama i den såkalla 48-timarprosedyren. Regelen svarer i hovudsak til det nye grunnlaget for pågriping og fengsling etter lova § 106 første ledd ny bokstav h, bortsett frå at det ikkje gjeld noko 72-timargrense og at det ikkje er gjort unntak for mindreårige og barnefamiliar i den nye heimelen i § 105. Departementet understrekar at omsynet til barnets beste skal bli vurdert og vektlagt i alle saker som gjeld barn. Departementet nemner elles at einslege mindreårige asylsøkjarar ikkje vert handsama i 48-timarprosedyren, og at den nye heimelen i § 105 såleis ikkje er aktuell overfor denne gruppa.

Føremålet med den nye regelen i § 105 er mellom anna at politiet skal ha høve til å bruke eit mindre inngripande tiltak enn pågriping og fengsling, jf. kravet om å vurdere mindre inngripande tiltak i § 106 andre ledd. I lys av at tidsperspektivet er så kort i 48-timarsakene, legg departementet likevel til grunn at pålegg etter § 105 ikkje vil vere det mest praktiske tiltaket i fleirtalet av sakene.

Departementet nemner at det ikkje er foreslått lovtekniske justeringar i dei to bokstavane ovanfor, fordi det i ein annan proposisjon vert foreslått endringar i bokstav e.

Til § 106

Departementet viser til dei alminnelege motiva avsnitt 7.1.

Første ledd ny bokstav h innfører eit nytt grunnlag for pågriping og fengsling: utlendingen har levert ein asylsøknad som vert rekna for openbert grunnlaus og difor vert handsama i den såkalla 48-timarprosedyren. Det er berre denne hurtigprosedyren som er omfatta av heimelen, andre hurtigprosedyrar fell utanfor. Regelen er heller ikkje aktuell overfor utlendingar i Dublin-prosedyre eller overfor EØS-borgarar. Vidare er det gjort eksplisitt unntak for utlendingar som «er mindreårig eller har mindreårige barn som også har søkt beskyttelse».

Departementet understrekar at vilkåra om «tilstrekkelig grunn» og forholdsmessigheit, jf. § 99 første ledd, gjeld som elles. Vidare må politiet vurdere i kva for tilfelle det er tenleg å pågripe og eventuelt fengsle, sett hen til mellom anna kapasitetsomsyn og i kva grad pågriping vil gjere det lettare å gjennomføre retur. Departementet legg til grunn at heimelen er særskilt praktisk i saker der det er gode utsikter til hurtig uttransportering, behov for å ha utlendingen tilgjengeleg, fare for at utlendingen vil forsvinne eller haldepunkt for at utlendingen har til intensjon å drive kriminalitet.

Departementet nemner at det ikkje er foreslått lovtekniske justeringar i dei to bokstavane ovanfor, fordi det i ein annan proposisjon vert foreslått endringar i bokstav g.

Femte ledd nytt femte punktum lovfestar ei særskilt grense for varigheita av pågriping og fengsling (til saman) etter den nye regelen i første ledd bokstav h. Etter maksimalt 72 timar må utlendingen bli lauslaten eller framstilt for fengsling på eit anna grunnlag – om vilkåra er oppfylt – til dømes unndragingsfare, jf. § 106 første ledd bokstav b og det nye momentet i § 106 a første ledd bokstav 1.

Ettersom framstillingsfristen etter § 106 tredje ledd er «snarest mulig, og senest den tredje dagen etter pågripelsen», inneber 72-timarfristen at det venteleg sjeldan vil vere naudsynt å framstille utlendingen for fengsling etter første ledd bokstav h. Regelen vil i praksis først og fremst vere ein heimel for å pågripe og halde på vedkomande i inntil 72 timar.

Departementet nemner elles at det skal gjelde særskilte rutinar og reglar for sakshandsaming og rettsleg bistand i 48-timarsaker der politiet vurderer å pågripe i medhald av den nye heimelen i § 106 første ledd bokstav h. Departementet viser til dei alminnelege motiva avsnitt 7.4.

Til § 106 a

Departementet viser til dei alminnelege motiva avsnitt 7.3.

Første ledd ny bokstav l lovfestar eit nytt moment som kan tale for at det ligg føre unndragingsfare: Utlendingens søknad om oppholdstillatelse er avslått som åpenbart grunnløs, jf. § 90 femte ledd bokstav b. Innføringa av dette momentet heng saman med ny bokstav h i § 106 første ledd, som opnar for pågriping og fengsling av personar som får asylsøknaden sin handsama i 48-timarprosedyren for presumptivt grunnlause søknader. Pågriping og fengsling på dette grunnlaget kan vare i maksimalt 72 timar, jf. § 106 femte ledd nytt femte punktum. Etter 72 timar må utlendingen bli lauslaten eller framstilt for fengsling på anna grunnlag. Det nye momentet i § 106 a vil gjere det enklare å få avgjerd frå retten om fengsling også etter utløpet av 72-timarfristen på grunnlag av unndragingsfare, jf. § 106 første ledd bokstav b, i dei tilfella dette er naudsynt og forholdsmessig, jf. § 99.

Departementet nemner at det ikkje er foreslått lovtekniske justeringar i dei to bokstavane ovanfor, fordi det i ein annan proposisjon vert foreslått endringar i bokstav k.

Til forsida