Prop. 96 L (2014-2015)

Endringar i jordskiftelova 2013 (reglar om saksbehandling mv.)

Til innhaldsliste

2 Bakgrunnen for lovforslaget

2.1 Domstoladministrasjonens forslag

Ny jordskiftelov blei fastsett 21. juni 2013. Den nye lova gjeld frå 1. januar 2016. Under arbeidet med å førebu ikraftsetjinga har ein sett at § 6-21 i den nye lova kan gjere saksbehandlinga i enkelte saker for jordskifteretten meir langvarig og komplisert enn etter gjeldande jordskiftelov.

Domstoladministrasjonen (DA) har i brev av 9. desember 2014 bedt om at føresegna blir endra. DA peiker på at § 6-21 ikkje gir rasjonelle prosessar for partane ved behandlinga av alle slag jordskifteavgjerder. Løysinga er såleis ikkje i samsvar med intensjonen lovgivaren har hatt om å gjere saksbehandlinga meir effektiv og rasjonell. DA viser til at regelen vil skape problem i fire samanhengar. Det gjeld ved behandling av den saklege og geografiske avgrensinga av saka, ved avheimling av skjønn som del av ei jordskiftesak, ved vurdering av om dei materielle vilkåra er oppfylte eller ikkje, og ved fordeling av sakskostnader. DA peiker også på at det ut over ordlyden i lova ikkje er konkrete haldepunkt i Prop. 101 L (2012–2013) for at det var meininga at regelen om saksførebuinga skulle gjelde alle avgjerdene som etter § 6-23 fjerde ledd er kalla jordskifteavgjerder.

2.2 Høyringsforslaget

Høyringsforslaget innebar at

  • reglane om saksbehandlinga i § 6-21 berre skal gjelde bestemte typer jordskifteavgjerder, ikkje alle dei avgjerdene som er jordskifteavgjerder etter § 6-23 fjerde ledd

  • § 6-21 tydelegare skal seie at det forslaget retten skal leggje fram for partane viser resultatet av jordskifteavgjerda. Det skal ikkje vere ei fullt ut grunngitt jordskifteavgjerd

  • regelen om at avgjerd om sakleg og geografisk avgrensing av saka er jordskifteavgjerd, blir flytt frå § 6-23 fjerde ledd bokstav b) til fjerde ledd bokstav a)

  • regelen om at avgjerd om val av trasé for vegar og andre avgjerder undervegs i saka er jordskifteavgjerd, blir flytt frå § 6-23 fjerde ledd bokstav b) til fjerde ledd bokstav h), samtidig som ordlyden blir endra slik at han gjeld «ulike jordskifteløysingar undervegs i saka».

Departementet peikte på at ordlyden i §§ 6-21 og 6-22 er nokså parallell når det gjeld spørsmålet om forslag skal grunngivast eller ikkje. Departementet ba derfor om merknader til om det bør gjerast endringar i begge dei to føresegnene. Departementet ba også om innspel til om det er feil som bør rettast i den nye lova.

2.3 Høyringa

Departementet sendte forslaget på høyring 28. januar 2015 til følgjande instansar:

  • Kommunal- og moderniseringsdepartementet

  • Justisdepartementet

  • Domstoladministrasjonen

  • Jordskifterettane

  • Jordskifteoverrettane

  • Lagmannsrettane

  • Advokatforeningen

  • Norges jordskiftekandidatforening

Høyringsfristen var 2. mars 2015. Følgjande høyringsinstansar hadde merknader til forslaget:

  • Domstoladministrasjonen

  • Borgarting lagmannsrett

  • Frostating jordskifteoverrett

  • Jordskifterettsleiarane i Eidsivating jordskiftedøme

  • Nedre Telemark jordskifterett

  • Romsdal jordskifterett

  • Sør-Rogaland jordskifterett

  • Sør-Trøndelag jordskifterett

  • Advokatforeningen

Høyringsuttalen frå Frostating jordskifteoverrett er ein felles uttale frå alle jordskifteoverrettane (Eidsivating, Agder, Gulating, Frostating og Hålogaland). Uttalen frå Nedre Telemark jordskifterett er ein felles uttale for jordskifterettane i Agder (Aust-Agder jordskifterett, Lista jordskifterett, Marnar jordskifterett, Nedre Telemark jordskifterett, Vestfold jordskifterett og Øvre Telemark jordskifterett). Uttalen frå Sør-Rogaland jordskifterett er ein felles uttale for jordskifterettane i Gulating (Nordfjord jordskifterett, Indre Sogn jordskifterett, Sunnfjord og Ytre Sogn jordskifterett, Nord- og Midhordland jordskifterett, Indre Hordaland jordskifterett, Sunnhordland og Haugalandet jordskifterett og Sør-Rogaland jordskifterett).