Prop. 96 L (2014-2015)

Endringar i jordskiftelova 2013 (reglar om saksbehandling mv.)

Til innhaldsliste

7 Merknader til dei enkelte føresegnene i lovforslaget

Til § 3-18

Forslaget går ut på at ordet «eller» er bytt ut med ordet «og». Dette gjer det klart at jordskifteløysinga ikkje skal føre til at kostnadene og ulempene blir større enn nytten for nokon eigedom eller bruksrett. Dette gjer det synleg at det er summen av kostnader og ulemper som skal vektast opp mot nytten.

Til § 3-37 andre ledd

Forslaget går ut på at føresegna viser til «§§ 3-2, 3-3 eller 3-18» i staden for «§§ 3-2, 3-18 eller 3-19». Forslaget til endring fører til at tilvisinga blir rett.

Til § 6-1 andre ledd

Forslaga til endring fører til at tilvisinga til tvistelova blir rett. Forslaga endrar ikkje det føresegna er meint å gjelde, sjå Prop. 101 L (2012–2013) der dette går fram av lovforslaget § 6-1 andre ledd.

Til § 6-21 første ledd

Forslaga til endring går ut på at førebuinga som føresegna gir påbod om, berre skal gjelde jordskifteavgjerder etter § 6-23 b), f) og h). Dette er verdsetjing av det som går i byte i jordskiftet, val av trasé for vegar og andre jordskifteløysingar undervegs i saka og fordeling av planskapt nettoverdiauke, samt den endelege jordskifteløysinga.

Uttrykket «ved førebuing av» er meint å vise kva tidspunkt regelen om saksbehandlinga skal gjelde for.

Forslaget som skal leggjast fram for partane skal vise forslag til resultatet av jordskifteavgjerda. Endringa i ordlyden gjer det klarare at forslaget ikkje treng å vere grunngitt. Det treng heller ikkje innehalde alle dei detaljane som trengst i den endelege jordskifteløysinga. Formålet med forslaget er å sikre kontradiksjon kring sentrale løysingar slik at saka kan bli best mogleg opplyst før jordskifteretten tek endeleg avgjerd.

Til § 6-22 første ledd

Forslaget som skal leggjast fram for partane skal vise forslag til resultatet av rettsfastsetjinga. Endringa i ordlyden gjer det klarare at forslaget ikkje treng vere grunngitt. Det treng heller ikkje innehalde alle dei detaljane som trengst i den endelege avgjerda. Formålet med forslaget er å sikre kontradiksjon slik at saka kan bli best mogleg opplyst før jordskifteretten tek endeleg avgjerd i saka. Etter § 6-23 første ledd skal den endelege rettsfastsetjinga skje ved dom. Etter lovforslaget skal resultatet av arbeidet med merking og måling vere ei jordskifteavgjerd etter § 6-23 fjerde ledd bokstav c) i alle samanhengar, sjå punkt 5.1.3 og merknaden til § 6-23 fjerde ledd. Saksbehandlinga av denne jordskifteavgjerda treng ikkje følgje reglane i § 6-21, som etter lovforslaget skal gjelde for jordskifteavgjerder etter § 6-23 bokstav b), f) og h), sjå merknadene til § 6-21. Jordskifteavgjerd om merking og måling skal heller ikkje behandlast etter § 6-22, men etter dei generelle reglane i kapittel 6.

Til § 6-23 fjerde ledd

Det er foreslått endringar i bokstavane a), b) og c). Forslaga grupperer dei ulike jordskifteavgjerdene på ein ny måte, slik at det blir lettare å vise til dei avgjerdene som skal følgje saksbehandlingsregelen i § 6-21.

Jordskifteavgjerda om sakleg og geografisk avgrensing av saka etter § 6-9 er flytt frå bokstav b) til bokstav a). Bokstav a) gjeld frå før vilkåra for jordskifte i §§ 3-2, 3-3 og 3-18. Det inneber at jordskifteavgjerder som særleg er aktuelle når saka startar opp er samla i ei gruppe.

Avgjerd om verdsetjing, val av trasé for vegar og om andre jordskifteløysingar undervegs i saka er i lovforslaget samla i § 6-23 fjerde ledd bokstav b). Avgjerd om verdsetjing er avgjerder etter kapittel 3 III. Med omgrepet «andre jordskifteløysingar undervegs i saka» er meint avgjerder etter jordskiftelova kapittel 3 som ikkje er nemnde annan stad i § 6-23 fjerde ledd. Avgjerd etter § 3-18 fell såleis utanfor fordi slik avgjerd følgjer § 6-23 fjerde ledd bokstav a). For avgjerd undervegs gjeld § 6-25 første ledd andre punktum.

Resultatet av arbeidet med merking og måling skal etter forslaget bokstav c) reknast som jordskifteavgjerd i alle samanhengar. Ordlyden «merking og måling» inneber dessutan at det er resultatet av merke- og målearbeidet som er jordskifteavgjerda, ikkje ei avgjerd om at dette arbeidet skal utsetjast til etter at saka er rettskraftig avgjort. Forslaget til løysing fører til at dersom det er anka over ein dom over rettsfastsetjing, kan merking og måling bli anka for seg som jordskifteavgjerd. Dei to avgjerdene kan etter § 8-1 sjette ledd behandlast som ei sak for lagmannsretten. Dersom anken berre gjeld utføringa av det tekniske arbeidet, skal anke behandlast etter § 8-1 tredje ledd som jordskifteavgjerd. Løysinga åpnar ikkje for at ein part som er usamd i dommen kan anke på resultatet av merke- og målearbeidet. Ved anke over merke- og målerabeidet (jordskifteavgjerd) er det berre spørsmål om det er gjort feil ved merke- og målearbeidet i høve til domsslutninga som kan prøvast.

Til § 7-7 første ledd

Det er foreslått å fjerne bokstavinndelinga i føresegna. Det gjer at omgrepet «på dei som har valda kostnadene» vil gjelde både trekking av ei sak, avvising av ei sak når vilkåra for saka ikkje er oppfylte, eller for seine krav eller opplysningar. Forslaget endrar ikkje det føresegna er meint å gjelde, sjå Prop. 101 L (2012–2013) der dette går fram av lovforslaget § 7-7 første ledd.

Til § 9-7 nr. 7, servituttlova

Det er foreslått at kommateiknet etter ordet «eigaren» i § 7 andre ledd første punktum blir fjerna. Regelen blir såleis i samsvar med gjeldande lov på dette punktet.

Til ikraftsetjingsregelen

Endringane trer i kraft når Kongen fastset det. Det er lagt til grunn at endringane skal tre i kraft samtidig med den nye jordskiftelova.