Prop. 96 S (2017–2018)

Endringar i statsbudsjettet 2018 under Finansdepartementet og Kommunal- og moderniseringsdepartementet (Lønsregulering for arbeidstakarar i det statlege tariffområdet 2018 mv.)

Til innhaldsliste

2 Lønsregulering for arbeidstakarar i det statlege tariffområdet med verknad frå 1. mai 2018 mv.

2.1 2.1. Lønsforhandlingane mv. per 1. mai 2018

Forhandlingane

Forhandlingane mellom staten, ved Kommunal- og moderniseringsdepartementet og hovudsamanslutningane for tenestemenn, LO Stat, Akademikerne, Unio og YS Stat, om ny hovudtariffavtale i staten for perioden 1. mai 2018 til 30. april 2020, blei innleia 5. april 2018. I møtet la organisasjonane og staten fram og grunngav krava sine.

Forhandlingane med LO Stat, Unio og YS Stat heldt fram til 28. april. LO Stat og YS Stat kravde forhandlingane avslutta kl. 01.50. Unio kravde forhandlingane avslutta kl. 02.30.

Forhandlingane med Akademikerne heldt fram til 30. april. Staten og Akademikerne blei einige om innføring av eit nytt lønssystem. Så lenge det var brot med dei tre andre hovudsamanslutningane, kunne ikkje staten gje Akademikerne eit tilbod om ei fullstendig hovudtariffavtale. Akademikerne kravde difor forhandlingane avslutta 30. april kl. 21.20.

Riksmeklaren blei varsla om brotet med alle hovudsamanslutningane, i samsvar med lov av 18. juli 1958 om offentlige tjenestetvister (tjenestetvistloven) § 14. Meklinga mellom staten på den eine sida og LO Stat, Akademikerne, Unio og YS Stat på den andre, blei opna i møte hos Riksmeklaren 2. mai. Den 15. og 16. mai 2018 kravde hovudsamanslutningane meklinga avslutta i samsvar med tenestetvistlova § 17.

Meklinga heldt fram til 24. mai der Riksmeklaren la fram forslag til ny hovudtariffavtale mellom staten og LO Stat, Unio og YS Stat og ny hovudtariffavtale mellom staten og Akademikerne. Forslaga frå Riksmeklaren blei same dag akseptert av staten. LO Stat, Unio og YS Stat orienterte om at dei tilrådde meklingsresultatet og ville sende det ut til avrøysting. Svarfristen for avrøystinga er sett til 19. juni 2018. Akademikerne aksepterte forslaget frå Riksmekler.

Riksmeklaren sitt forslag følgjer i møtebok av 24. mai 2018, jf. vedlegg 1 og 2.

Den økonomiske ramma

Både avtalen med LO Stat, Unio og YS Stat og avtalen med Akademikerne har ei ramme som inneber ein årslønsauke på 2,8 prosent for første avtaleår. Den avtalte økonomiske ramma er på linje med arbeidslivet elles. Samla bruttoutgifter ved lønsreguleringa for arbeidstakarar i det statlege tariffområdet per 1. mai 2018 er for tidsrommet 1. mai – 31. desember 2018 rekna ut til 2 434 mill. kroner.

Kompetanseutvikling

Totalt i begge avtalane blir det sett av 35 mill. kroner til kompetanseutvikling, ordninga med dei tilsette sin rett til å vere med på avgjerder i verksemda, og omstillingsarbeid for heile tariffperioden, 1. mai 2018 – 30. april 2020. Av avsetjinga skal 6 mill. kroner nyttast til felles opplærings- og utviklingstiltak for leiinga og tillitsvalde i ordninga med dei tilsette sin rett til å vere med på avgjerder i verksemda, og 4 mill. kroner til omstillingsarbeid i staten.

Staten og hovudsamanslutningane vil i tariffperioden følgje opp evalueringa av bruken av midlane i Hovudtariffavtalen pkt. 5.3. Medråderett, samarbeid og kompetanseutvikling. Partane vil vurdere vidare tiltak for kompetanseutvikling og bruk av avsetjinga innanfor den statlege personalpolitikken.

Pensjon

Pensjonsgrunnlaget for dei samla variable tillegga er auka frå kr 56 000 til kr 66 000.

Begge avtalene har reguleringsføresegner for andre avtaleår om at dersom avtale om ny offentleg tenestepensjon blir godkjend og lagt fram for Stortinget, vil partane i lønsforhandlingane i 2019 forhandle om forbetringar av pensjonsgjevande variable tillegg som skal inngå i ny offentleg tenestepensjon. Partane vil i tillegg forhandle om naudsynte tilpassingar i hovudtariffavtalene der ny lov om offentleg tenestepensjon gjev høve til å regulere gjennom tariffavtale.

Fellesbestemmelsene

Ulempetillegga er auka frå kr 12 til kr 15 per time for arbeid i tida mellom kl. 06.00 og kl. 07.00 og mellom kl. 17.00 og kl. 20.00 på dagane måndag til fredag. Tillegget for pålagd arbeid på laurdag og søndag er auka frå kr 52 til kr 55 per arbeida klokketime i tida laurdag kl. 00.00 til søndag kl. 24.00. Tillegga for reserveteneste/kvilande vakt er auka frå kr 5 til kr 10 per laupande time i tida kl. 06.00 – kl. 20.00, og frå kr 10 til kr 20 i tida kl. 20.00 – kl. 06.00. Tillegget for delt dagsverk er auka frå kr 145 til kr 200 per arbeidsdag for arbeidstakarar dei dagane dei har delt dagsverk.

Bustadlån

Bustadlån med tryggleik som vert ytt frå Statens pensjonskasse er auka frå 1,7 mill. kroner til 2,0 mill. kroner.

Forhandlingsstader

Med heimel i hovudtariffavtalene avgjer staten, etter drøftingar med hovudsamanslutningane, kvar lokale forhandlingar i departementsområda skal førast. Forhandlingsstadane for tariffperioden 2018–2020 er drøfta og fastsett med verknad frå 1. mai 2018 (jf. vedlegg 1 og 2, undervedlegg 2 i begge avtalene). Forhandlingsstadane er dei same både i vedlegget til forslaget frå Riksmeklaren til LO Stat, Unio og YS Stat, og i vedlegget til forslaget til Akademikerne.

2.2 Nærare om avtalane med LO Stat, Unio og YS Stat og avtalen med Akademikerne

Økonomisk profil i Riksmeklaren sitt forslag til LO Stat, Unio og YS Stat

Med verknad frå 1. mai 2018 er det gjeve eit tillegg på kr 5 100 frå og med lønstrinn 19 til og med lønstrinn 47 og eit likt prosenttillegg på lønstabellen tilsvarande 1,25 prosent frå og med lønstrinn 48 til og med lønstrinn 101. Alle tilsette i lønsrammealternativa 1 og 2 er flytta til alternativ 3. Desse tilsette får eit til to lønstrinn i tillegg som følgje av dette.

Med verknad frå 1. juli 2018 skal det førast lokale forhandlingar innafor ei økonomisk ramme på 1,9 prosent per dato av lønsmassen.

Økonomisk profil i Riksmeklaren sitt forslag til Akademikerne

I avtalen med Akademikerne er heile den økonomiske ramma avsett til lokale forhandlingar. Med verknad frå 1. mai 2018 skal det førast lokale forhandlingar innafor ei økonomisk ramme på 2,8 prosent per dato av lønsmassen.

Andre endringar i hovudtariffavtalene

Det er gjort endringar i lønssystemet i avtalen med Akademikerne. Endringane er i hovudsak bortfall av minsteløner, med unnatak for stilling som krev akademisk utdanning, og at avtalen med Akademikerne no berre har ein ti-årig lønstige til erstatning for tidlegare 39 lønerammer. I avtalen med LO Stat, Unio og YS Stat er det ikkje gjort større endringar i lønssystemet, men alle lønerammene har blitt oppjustert ved at dei to lågaste alternativa er tekne bort, og det er gitt to nye alternativ i toppen av ramma.

Vilkår elles i hovudtariffavtalene blir i hovudsak vidareført, og sosiale føresegner er like i avtalen med LO Stat, Unio og YS Stat, og i avtalen med Akademikerne.

Anna

Staten har lagt stor vekt på å kome fram til løysingar som gjer hovudtariffavtalene meir fleksible og gjev dei lokale partane større handlefridom. Det gjeld òg bruken av den disponible økonomiske ramma, der det har vore eit mål å auke delen som blir avsett til lokale forhandlingar.

I Riksmeklaren sitt forslag til avtale med LO Stat, Unio og YS stat er 50 prosent av den disponible økonomiske ramma avsett til lokale forhandlingar. I avtalen med Akademikerne foreslår Riksmeklaren at heile den disponible økonomiske ramma blir avsett til lokale forhandlingar.

Riksmeklaren sine forslag inneber mellom anna at partane på dei einskilde verksemdene får råderett over heile avsettinga til lokale forhandlingar. Partane kan såleis sjølve avtale målretta tiltak for heile verksemda i tråd med den fastlagde lønspolitikken, men det er òg høve til å delegere fordelinga av avsettinga heilt eller delvis til forhandlingar mellom partar på driftseining.

Vidare er det i Riksmeklaren sitt forslag til avtalen med LO Stat, Unio og YS Stat fastsett mandat for å halde fram arbeidet med å vidareutvikle lønssystemet fram mot seinare lønsforhandlingar. Partane vil også vurdere tilgjengeleg statistikkgrunnlag og eventuelt foreslå forbetringar i grunnlagssystemet.

2.3 Lønsregulering mv. for dei embets- og statstilsette som ikkje blir dekte av hovudtariffavtalane

Kommunal- og moderniseringsdepartementet føreset at lønsreguleringa frå 1. mai 2018 mv. blir gjort gjeldande for alle embets- og statstilsette, også dei som ikkje blir dekte av hovudtariffavtalane.

I årets oppgjer har staten inngått to tariffavtaler med ulik ordlyd. Dei sosiale føresegnene er like i begge avtalene, men dei er ulike når det gjeld føresegnene om fordelinga av løn. Staten må difor avgjere kven av dei to hovudtariffavtalene som skal gjerast gjeldande for arbeidstakarar som ikkje er medlem av organisasjonar med forhandlingsrett.

I Innst. 417 S (2015–2016), samtykte Stortinget i at tariffavtalen mellom staten og LO Stat, Unio og YS Stat, som dekker flest årsverk totalt i staten, blei gjort gjeldande for arbeidstakarane i staten som ikkje er medlem av organisasjonar med forhandlingsrett.

Kommunal- og moderniseringsdepartementet ber om fullmakt til å gjere avtalen mellom staten og LO Stat, Unio og YS Stat, gjeldande for arbeidstakarar som ikkje er medlem av organisasjonar med forhandlingsrett, og som difor ikkje direkte blir omfatta av dei avtalane som er inngått, og for inneverande tariffperiode.

Embets- og statstilsette i stillingar som er tekne ut av hovudtariffavtalene, får sine løns- og arbeidsvilkår administrativt fastsett i kontrakt.

Dei uorganiserte sine løns- og arbeidsvilkår er fastsette med grunnlag i denne tariffavtalen i førre tariffperiode. Dei uorganiserte skal, med bakgrunn i dei einskilde verksemdene sin lønspolitikk, sikrast lønnsutvikling på like linje med dei organiserte arbeidstakarane, og det er arbeidsgjevar sitt ansvar å ivareta dette.