Prop. 96 S (2021–2022)

Pensjonar frå statskassa

Til innhaldsliste

2 Omtale av ordninga

Pensjon frå statskassa er ikkje ei pensjonsordning i vanleg forstand med krav til oppteningstid gjennom medlemskap. Det er ei særordning som gjev Stortinget høve til, ut frå ei vurdering av om det er rimeleg, å gi ei pensjonsyting til personar som ikkje har kunna tene opp pensjonsrettar på vanleg måte. Pensjonen byggjer ikkje på rettskrav, lov eller forskrift, og blir gjerne omtala som gåvepensjon.

Proposisjonen no gjeld lokalt tilsette ved norske utanriksstasjonar. Namna deira er i proposisjonen erstatta med enten kvinne eller mann av personvernomsyn. Tenestestaden er òg tatt ut. Om ønskeleg kan Stortinget få tilsendt lista over namna og tenestestaden deira. Dei lokalt tilsette er i hovudsak sjølv borgarar i landet der dei arbeider.

I følgje utanriksinstruksen, skal lokalt tilsette ved norske utanriksstasjonar sikrast gjennom lokale trygde- og forsikringsordningar: «lønns- og arbeidsbetingelser skal nedfelles i en arbeidskontrakt som skal være i samsvar med tjenestelandets lover og regler. Lokalt ansatte skal sikres gjennom adekvate lokale trygde- og forsikringsordninger.»

Dei aller fleste lokalt tilsette er i dag omfatta av lokale ordningar. I nokre tilfelle kan det likevel hende at det ikkje finst lokale ordningar, eller at dei aktuelle ordningane ikkje sikrar dei tilsette tilstrekkeleg. Tilhøve i tenestelandet, til dømes politisk uro, høg inflasjon og stor uvisse med omsyn til bank- og forsikringsordningar, kan òg føre til at vedkomande ikkje får den ytinga han eller ho har opparbeidt seg rett til ved alderdom, uførleik eller tap av forsørgjar. I ein slik situasjon kan utanriksstasjonen søkje om pensjon frå statskassa.

Eventuell yting frå lokal pensjonsordning skal kome til frådrag i pensjonen frå statskassa. Lokale ytingar som blir utbetala månadleg, blir i hovudsak samordna som pensjonar frå norsk offentleg tenestepensjonsordning. I staden for månadlege utbetalingar, er det i nokre land vanleg at pensjonen blir betalt ut som eit eingongsbeløp ved pensjonering. Slike ytingar kjem til frådrag i pensjonen ved at tidspunktet for utbetaling av pensjon blir utsett.

Til forsida