Utvida investeringsramme – rentekompensasjonsordninga for kyrkjebygg

Departementet vil med dette rundskrivet orientere om at Stortinget i samband med handsaminga av revidert nasjonalbudsjett for 2012 har gjort vedtak om ei utviding av investeringsramma for rentekompensasjon ved istandsetting av kyrkjer og kyrkjeinventar.

Kommunane
Dei kyrkjelege fellesråda
Sokneråda
Bispedømmeråda 

 

Nr.
P-7/2012
Vår referanse
2012002244
Dato:
06.07.2012


  

Utvida investeringsramme – rentekompensasjonsordninga for kyrkjebygg

 

Departementet vil med dette rundskrivet orientere om at Stortinget i samband med handsaminga av revidert nasjonalbudsjett for 2012 har gjort vedtak om ei utviding av investeringsramma for rentekompensasjon ved istandsetting av kyrkjer og kyrkjeinventar. Investeringsramma for 2012 vart auka med 300 mill. kroner, dvs. frå 150 mill. kroner til 450 mill. kroner. Av denne ramma er det til no gjeve tilsegn om rentekompensasjon for om lag 250 mill. kroner. Resterande investeringsramme som det kan søkjast om rentekompensasjon for, er difor på om lag 200 mill. kroner.  

Vedlikehaldsetterslep og dårleg brannsikring
Tilstandsrapportar og undersøkingar viser eit etterslep i vedlikehaldet av mange kyrkjer. Undersøkinga har dessutan avdekt at kyrkjene kan vere dårleg sikra mot brann og innbrot. Det er dei kyrkjelege fellesråda og kommunane som er ansvarlege for planar og finansiering av vedlikehaldet og sikringa av kyrkjene, jf. kirkeloven §§ 14 og 15. Formålet med rentekompensasjonsordninga er å stimulere til istandsettings- og sikringstiltak ved kyrkjene, slik at etterslepet i vedlikehaldet kan hentast inn og kyrkjene bli betre sikra mot brann og innbrot.

Stor etterspørsel
Rentekompensasjonsordninga for istandsetting av kyrkjer og kyrkjeinventar vart første gongen etablert i 2005. Sidan ordninga vart innført, er det gjeve tilsegn om rentekompensasjon for investeringar på om lag 2,7 mrd. kroner. Ramma for 2011 på 400 mill. kroner vart fullt utnytta. Oppdaterte tal frå Husbanken, som administrerer ordninga, syner at det no er gjeve rentekompensasjon for prosjekt ved 761 kyrkjer i 279 kommunar. Kompensasjonen tilsvarer renter for eit serielån i Husbanken med 20 års løpetid, inklusive 5 års avdragsfri periode, og med den til ei kvar tid gjeldande flytande renta.

Informasjon om ordninga
Rentekompensasjonsordninga gjeld kyrkjebygg for Den norske kyrkja, slik desse er definert i kirkeloven § 17. I tillegg til sjølve kyrkjebygget kan ein søkje om rentekompensasjon ved istandsetting og restaurering av kyrkjeinventar og utsmykking med antikvarisk verdi. Ordninga gjeld ikkje ordinært vedlikehaldsarbeid.

For å søkje om rentekompensasjon må kostnadane overstige 100 000 kroner. Eit prosjekt kan omfatte fleire enkelttiltak for same kyrkja eller felles tiltak for fleire kyrkjer. Det er ikkje krav til lånefinansiering. Departementet kan fastsette reglar for prioritering. Freda og verna kyrkjer skal ha høg prioritet under ordninga.

Det er ikkje sett nokon søknadsfrist i ordninga. Søknadene vart handsama etter kvart som dei kjem inn til Husbanken. Investeringsramma for 2012 gjeld ikkje utover dette året.

På nettsidene til Husbanken kan ein lese meir om ordninga og finne både søknadsskjema for rentekompensasjon og skjema for utbetaling.

 

Med helsing

 

Ellen  Ur  (e.f.)
fung. avdelingsdirektør
Kristian Kopperud
rådgjevar

 

                                                                 

Kopi:

Kommunal- og regionaldepartementet
Miljøverndepartementet
Riksantikvaren
Kyrkjerådet
KA kyrkjeleg arbeidsgjevar- og interesseorganisasjon
KS