Rundskriv V-9N/2015 Forskrift om krigsgraver og ny ordning for tilskot til vedlikehald

Kulturdepartementet har i dag fastsett forskrift om krigsgraver. Dette inneber ei omlegging frå dekking av utgifter til vedlikehald etter rekning til ei ny ordning for tilskot. Alle utgifter som kjem inn under ordninga, vil frå og med i år bli dekka gjennom tilskot og ikkje etter rekning.

Adressatar (.pdf)  

1. Forskrift om krigsgraver

 

Lov 7. juni 1996 nr. 32 om gravplasser, kremasjon og gravferd (gravferdslova) § 23a andre ledd fastset at departementet kan gje nærare reglar om forvalting og vedlikehald av krigsgraver, krigsgravplassar og krigsminnesmerke. Departementet har med heimel i regelen og med verknad frå 1. mai 2015 fastsett forskrift om krigsgraver som er vedlagt dette rundskrivet.

Saka var på høyring hausten 2014 med forslag til forskrift og satsar for tilskot i 2015. Det var om lag 100 høyringsinstansar, og det kom inn om lag 30 høyringssvar. Forskrifta er i hovudsak i samsvar med det som blei foreslått i høyringa. Det er gjort ei presisering om at utgifter til vedlikehald blir dekt ved eit årleg tilskot dersom dei er på meir enn 2000 kroner. Hovudregelen er at kyrkjeleg fellesråd som lokal gravplassmyndigheit har vedlikehaldsansvaret både for krigsgraver på gravplassane og for andre krigsminnesmerke i kommunen som kjem inn under ordninga. Departementet kan som unntak fastsetje særskilde ordningar, og det er i nokre høve fastsett slike ordningar, jf. avsnitt 2. Tilskotsmottakarane får eige brev om tilskot i 2015.

I det fylgjande blir det gjort greie for paragrafane i den nye forskriften:

§ 1. Forskriftens virkeområde

Denne forskriften gjelder vedlikehold av graver for utenlandske soldater og krigsfanger etter første og andre verdenskrig (krigsgraver) på offentlige gravplasser og særskilte krigsgravplasser som er reservert for gravlagte soldater og krigsfanger etter andre verdenskrig. Forskriften gjelder også for krigsminnesmerker reist eller anerkjent av departementets krigsgravtjeneste.
Departementet avgjør i tvilstilfelle om en grav, en gravplass eller et minnesmerke omfattes av forskriften.
Med gravplassmyndighet menes i denne forskriften kirkelig fellesråd, menighetsråd eller kommuner som etter gravferdsloven § 23 har ansvar for den lokale gravplassforvaltningen.

Merknad

Regelen klargjer rekkevidda av forskrifta. Norske krigsgraver (i Noreg) og graver ute i naturen (naturleg grav, sjå gravferdslova § 1 tredje ledd) blir ikkje omfatta.

Minnesmerke etter dei to verdskrigane blir omfatta når det gjeld minnesmerke som Krigsgravtenesta sjølv har reist. Dette gjeld 29 sovjetiske minnesmerke som er reist på tidlegare gravstader etter avgjerd i den felles norsk-sovjetiske krigsgravkommisjonen 1. juli 1954, og det gjeld det jugoslaviske minnesmerket på Saltfjellet. Krigsgravtenesta har gjennom åra og teke på seg å forvalte nokre minnesmerke. Det gjeld 12 sovjetiske minnesmerke som blei reist av overlevande fangar eller andre. I tillegg gjeld det minnesmerka på Vestre Gravlund i Oslo til 10 ulike nasjonar. Dette omfattar og eit norsk minnesmerke med nokre norske krigsgraver.

Minnesmerka i Falstadskogen blir ikkje omfatta av ordninga. Trandumskogen i Ullensaker kommune kjem og i ei særstilling, og departementet har inngått avtale med Ullensaker kommune om stell av Trandumskogen.

Forskrifta gjeld i hovudsak for den lokale gravplassmyndigheita. Dei fleste stadane er dette kyrkjeleg fellesråd. I kommunar som berre har eitt sokn, er det soknerådet som er lokal gravferdsmyndigheit. I nokre få kommunar er det kommunen som har teke over ansvaret for gravplassane i samsvar med gravferdslova § 23 andre ledd. Dette gjeld mellom anna Bærum kommune, Modum kommune og Sandefjord kommune.

§ 2. Vedlikehold av krigsgraver og krigsminnesmerker

Gravplassmyndigheten har ansvar for vedlikehold av krigsgraver som befinner seg på gravplasser de forvalter og krigsminnesmerker oppsatt i kommunen, om ikke departementet har fastsatt noe annet.
Ansvaret omfatter beplantning og alminnelig vedlikehold av steinutstyr, om ikke annet er fastsatt av departementet. Ved behov for utskifting eller mer omfattende reparasjon av steinutstyr skal departementet varsles.

Merknad

Regelen legg det generelle ansvaret for vedlikehald av krigsgraver til den lokale gravplassmyndigheita. Dette omfattar mellom anna klipping av gras i vekstsesongen, men det omfattar og eit alminnelig tilsyn, som mellom anna inneber tømming av søppel.

Ansvaret for vedlikehald omfattar og minnesmerke som er sett opp i kommunen. Dette vil nokre stader vere ei vidareføring av praksisen i dag. Det gjeld der minnesmerka er sett opp på eller like ved gravplassane. Andre stader har ansvaret for vedlikehald av minnesmerka til Krigsgravtenesta blitt tatt vare på av kommunar som ikkje har ansvar for gravplassforvaltinga, og nokre stader av Forsvaret. I andre høve er det ingen som pr i dag tek seg av vedlikehaldet.

Regelen etablerer ein ny einsarta praksis, men dette er ikkje til hinder for at praktiske ordningar som er etablert blir ført vidare. Nokre stader har vedlikehaldet av krigsgraver blitt utført av privatpersonar, som har sendt rekning for dette til departementet. Dersom desse oppdraga skal førast vidare, må det skje etter avtale mellom gravplassmyndigheita og den som skal stelle gravene. Gravplassmyndigheita må ta kontakt med dei det gjeld og informere om saka. Departementet kan kontaktast for nærare informasjon om desse lokale ordningane.

I visse høve kan det vere føremålstenleg at ordningar som er etablert med kommunen kan førast vidare, og det er innført ein reservasjon for at departementet kan fastsetje særskilde ordningar.

Regelen regulerer nærare kva vedlikehaldet skal omfatte. Dette gjeld planting av blomar, som og inneber spavending og gjødsling, luking og vanning gjennom vekstsesongen. I tillegg skal det utførast ”alminnelig vedlikehold av steinutstyr”. Det vil dei fleste stadane i praksis seie årleg vask av gravstein, eventuelle andre steinar, murar og portalar i gravanlegget.

Commomwealth War Graves Commision og Volksbund Deutsche Kriegsgräberfürsorge har sjølv ansvaret for steinutstyret på sine krigsgraver/krigsgravplassar. Dette inneber at når det er behov for større reparasjonar eller utskifting av gravstein, vil dei bli kontakta av Krigsgravtenesta i departementet. For andre land vil departementet framleis ta det økonomiske ansvaret. Lokale kontraktørar blir i aukande grad nytta til arbeidet. Uavhengig av nasjonalitet skal førespurnader om behov for denne typen arbeid meldast til departementet, som så følgjer opp saka i kommunikasjon med styresmaktene for det landet saka vedkjem. Større reparasjonar og utskiftingar kjem ikkje inn under ordninga for tilskot, og i desse høva er saka avhengig av særskild løyving før arbeidet blir utført.

Regelen inneber at gravplassmyndigheita har ein plikt til å følgje med og varsle når det oppstår behov for større reparasjonar eller utskifting av steinar.

§ 3. Særskilte krigsgravplasser

Gravplassmyndigheten har ansvar for vedlikehold av særskilte krigsgravplasser som er anlagt i kommunen, om ikke departementet har fastsatt noe annet.
Departementet kan overlate dette ansvaret til andre offentlige organer eller private institusjoner. 
Grav på krigsgravplass kan bare åpnes og tilvises etter bestemmelse av departementet.

Merknad

Regelen inneber at kyrkjeleg fellesråd som normalordning har ansvar for særskilte krigsgravplassar i kommunen.

Departementet kan etter andre ledd fastsetje ei anna ordning. I dag har departementet avtale med Forsvarsbygg om vedlikehald av Jørstadmoen krigsgravplass, og dette blir ført vidare.

Departementet vil og fastsetje særskilt ordning for nokre andre krigsgravplassar, sjå nærare om dette i eige avsnitt nedanfor.

Departementet driftar i dag Botn tyske krigsgravplass og Botn jugoslaviske krigsgravplass. I høyringsbrevet blei det peika på at departementet ville vurdere å overføre ansvaret for drifta til Salten kyrkjelege fellesråd. Departementet vil vurdere dette som ei sak for seg, og det blir ikkje gjort endringar no, sjå avsnittet nedanfor om særskilte ordningar for krigsgravplassar.

I hovudsak er dei særskilte krigsgravplassane reine parkar. Frå tid til anna kjem det likevel opp spørsmål om ny gravlegging, til dømes dersom det blir funne lik etter ein utanlandsk soldat eller ein fange ute i naturen. Det kan då gjevast løyve til gravlegging, men det er departementet som gir løyve i desse tilfella.

§ 4. Tilsyn

Departementet fører tilsyn med at vedlikeholdet er forsvarlig og kan gi nærmere regler om dette.
Det skal legges til rette for at vedkommende lands krigsgravsmyndigheter får inspisere og eventuelt også utføre vedlikeholdsarbeid på sine falnes graver og minnesmerker.

Merknad

Regelen inneber at gravplassmyndigheita pliktar å ta imot og legge til rette for inspeksjonar og, så langt det er mogeleg innanfor kostnadsrammene, å rette seg etter tilbakemeldingane som blir gitt.

§ 5. Registerføring

Departementet, eller den det bemyndiger, fører register over kjente og ukjente som er gravlagt i krigsgraver og på krigsgravplasser.
Departementet kan gi nærmere regler om registerføringen.

Merknad

Avtale om registerføring er inngått med Falstadsenteret. Regelen gir departementet heimel til å fastsetje nærare regler for føring av krigsgravregister.

§ 6. Utgiftsdekning

Det kan ikke kreves festeavgift for krigsgraver.
Staten har det økonomiske ansvaret for vedlikeholdet. Vedlikeholdsutgifter dekkes ved et årlig tilskudd dersom de overstiger kr. 2000,-.
Det kan kreves rapportering om bruken av midlene.

Merknad

Det vil bli sendt ut eit årleg brev om tilskot. Her vil det og bli gitt nærare administrative reglar. Tilskotet skal dekke kostnadene ved vedlikehald av krigsgravene, minnesmerke og krigsgravplassar. Tilskotet blir utbetalt ein gong pr. år. Føresetnaden for å få tilskot er at dei årlege utgiftene er på meir enn 2000 kroner. Plikta til vedlikehald gjeld og hvis utgiftene er på eit mindre beløp pr. år, men dette gir ingen rett på tilskot. Det er ein førsetnad at utgiftene er rimelege ut i frå det som er vanleg.

2. Særskilte ordningar for krigsgravplassar, krigsminnesmerke m.v.

Hovudregelen etter forskrifta er at ansvaret for vedlikehald av krigsgraver, krigsminnesmerke og særskilte krigsgravplassar i kommunen er hos den lokale gravplassmyndigheita. Det vil i dei fleste tilfella seie kyrkjeleg fellesråd eller soknerådet i kommunar som berre har eitt sokn. Etter forskrifta §§ 2 første ledd og 3 andre ledd kan departementet gjere unntak frå hovudregelen etter ei særskild vurdering og fastsetje ei særskild ordning. Departementet har gjort ei vurdering av kva for særskilde ordningar som bør fastsetjast.

I medhald av forskrift om krigsgraver §§ 2 første ledd og 3 andre ledd fastset departementet følgjande særskilte ordningar:

  1. Forsvarsbygg har ansvaret for Jørstadmoen krigsgravplass. 
  2. Departementet har inntil vidare ansvaret for Botn tyske krigsgravplass, Botn Jugoslaviske krigsgravplass og det sovjetiske krigsminnesmerket i Botn i Saltdal. 
  3. Sunndal kommune har ansvaret for Hoel sovjetiske krigsgravplass. 
  4. Verdal kommune har ansvaret for Verdalsøra sovjetiske krigsgravplass. 
  5. Hattfjelldal kommune har ansvaret for Sørvollen sovjetiske krigsminnesmerke. 
  6. Rana kommune har ansvaret for jugoslavisk minnesmerke på Saltfjellet, sovjetiske minnesmerker i kommunen og sovjetiske og britiske krigsgraver på Mo kirkegård. 
  7. Oslo kommune – gravferdsetaten har ansvaret for stell og vedlikehald av graver, minnesmerke og gravplassar etter forskrifta i Oslo kommune. 
  8. Sola kommune har ansvaret for stell og vedlikehald av graver, minnesmerke og gravplassar etter forskrifta i Sola kommune. 

3. Tilskot til vedlikehald i 2015

Gravplassmyndigheita i kommunen eller dei instansane som er nemnt ovanfor i avsnitt 2 Særskilte ordningar for krigsgravplassar, krigsminnesmerke m.v. har rett på tilskot etter regelverket.

Departementet fastset kvart år storleiken på tilskot til kvar tilskotsmottakar.
Det vil bli sendt ut eige tilskotsbrev til kvar tilskotsmottakar om tilskot i 2015.

Før utsending av tilskotsbrev og utbetaling av tilskot kan skje, ber vi om at tilskotsmottakarane melder tilbake opplysingar om riktig kontonummer, organisasjonsnummer, e-postadresse, kontaktperson og telefonnummer.
Vi ber om tilbakemelding på e-post til postmottak@kud.dep.no innan 30. april 2015.

Med hilsen

Per-Otto Gullaksen (e.f.)
fung. avdelingsdirektør

Kristian Skjeldal
seniorrådgiver

Vedlegg:
Forskrift om krigsgraver (.pdf)