Statlege rettleiande retningsliner for utmåling av økonomisk stønad til livsopphald

Alle kommunar
Alle fylkesmenn

Nr. A-2/2012                                     vår ref:11/5713                      

Sosial- og helsedepartementet ga 13. februar 2001 rettleiande retningsliner for utmåling av stønad til livsopphald etter sosialtenestelova. Det vert vist til rundskriv I-34/2001, der dei rettleiande retningslinene er omtala. Ny ”Lov om sosiale tjenester i arbeids- og velferdsforvaltningen” blei sett i kraft frå 1. januar 2010. I juni 2012 publiserte Arbeids- og velferdsdirektoratet eit rundskriv til lova (Hovudnummer 35 – 2012). I rundskrivet er det gjort greie for alle reglane i lova, også dei som gjeld økonomisk stønad. Det nye rundskrivet erstattar rundskriv I–34/2001.

Dei rettleiande retningslinene blei prisjustert i 2002, 2004, 2006, 2007, 2008, 2009, 2010, 2011 og 2012. Satsane for barn sitt livsopphald blei i 2002 heva utover prisstigninga. Vidare blei alle satsane heva i 2007 og 2009 med 5 prosent utover prisstigninga.

Satsane i dei rettleiande retningslinene vert i 2013 prisjustert i tråd med anslaget for vekst i konsumprisane i nasjonalbudsjettet for 2013 (1,9 pst.). Rettleiande retningsliner er fastsett med følgjande satsar per månad frå 1. januar 2013 (satsar gjeldande frå 1. januar 2012 i parentes):

 

Einsleg                        kr. 5 500          (kr. 5 373)

Ektepar/sambuarar       kr. 9 100          (kr. 8 924)

Person i bufellesskap    kr. 4 550          (kr. 4 462)

Barn 0-5 år                  kr. 2 100          (kr. 2 049)

Barn 6-10 år                kr. 2 800           (kr.2 724)

Barn 11-17 år              kr. 3 500           (kr. 3 415)

Dei rettleiande retningslinene omfattar utgifter til heilt grunnleggjande behov, som mat, klede, kommunikasjon, hushaldsartiklar og hygiene med meir, og tar òg omsyn til andre sider av dagleglivet, som fritid og sosiale behov. Utgifter til andre naudsynte ting, som bustad, straum og oppvarming, bustad- og innbuforsikring og innbu og utstyr inngår i livsopphaldet, men er ikkje tatt med ved fastsetting av dei rettleiande retningslinene, da dette er utgifter som varierer mykje.

Sjå rundskriv frå Arbeids- og velferdsdirektoratet, Hovudnummer 35 – 2012 punkt 4.18.

Økonomisk stønad etter lov om sosiale tenester i arbeids- og velferdsforvaltninga er ei skjønnsmessig yting, jf. Lovas § 18 første ledd. Dei kommunale tenestene i Nav-kontoret har både rett og plikt til å utøve skjønn når dei vurderer om det skal ytast stønad, og ved utmåling av stønaden. Satsane i dei rettleiande retningslinene må derfor sjåast på som eit rettleiande utgangspunkt for det skjønn som skal utøvast. Sjå rundskriv Hovudnummer 35 – 2012 punkt 4.18.1.5 om forholdet mellom individuell behovsprøving, kommunale normer og statlege rettleiande retningsliner. 

Med helsing

Ulf Pedersen (e.f.)
ekspedisjonssjef 

Heidi Lohrmann
avdelingsdirektør

                                                                                                                                                                                                            

 

 

Dette rundskrivet er godkjend elektronisk, og er gyldig utan underskrifter.