St.meld. nr. 11 (1999-2000)

Kredittmeldinga 1998

Til innhaldsliste

3 Regelverksutvikling og forvaltningssaker på finansmarknadsområdet

3.1 Regelverksutvikling på finansmarknadsområdet

Nedanfor følgjer ei oversikt over endringar i regelverket på finansmarknadsområdet som Finansdepartementet har stått for i 1998. Ein har i mindre grad enn i Kredittmeldinga 1997 prøvd å føre framstillinga fram utover årsskiftet, men har avgrensa omtalen i hovudsak til 1998. Kredittmeldinga 1997 inneheld òg ei framstilling som på enkelte punkt omfattar endringar frå første halvdel av 1998. Desse sakene blir ikkje omtala på ny her. Ein viser til Kredittmeldinga 1997 kapittel 3.

3.1.1 Bank- og finansieringsverksemd

Finansdepartementet fastsette 15. mai 1998 «forskrift om endring av forskrift 22. oktober 1990 nr. 875 om minstekrav til kapitaldekning i finansinstitusjoner». Endringa fører til ei skjerping av regelverket (sjå Kredittmeldinga 1997 for nærare omtale). I Revidert nasjonalbudsjett for 1998 går det òg fram at Finansdepartementet har vedteke å gi retningslinjer for ei innstramming i vilkåra for godkjenning av ny tidsavgrensa ansvarleg lånekapital. Kredittilsynet har ved brev 23. juni 1998 til Finansdepartementet gitt uttrykk for at finansinstitusjonar i hovudsak ikkje bør kunne få ta opp ny ansvarleg lånekapital til innrekning i institusjonen sin kapital, om kjernekapitaldekninga er lågare enn 7 prosent. Søknader skal likevel behandlast individuelt, og godkjenning bør kunne givast dersom kjernekapitaldekninga ligg relativt nær 7 prosent-grensa og institusjonen har låg risikoprofil og/eller kan dokumentere svært god risikostyring for kreditt- og marknadsrisiko. I brev av 17. juli 1998 slutta Finansdepartementet seg i all hovudsak til Kredittilsynet sine retningslinjer.

Den 7. juli 1998 fastsette Finansdepartementet forskrift om at finansieringsverksemdslova kapittel 2a om finanskonsern òg skal gjelde for Postbanken BA.

Finansdepartementet fastsette 15. juli 1998 endringar i forskrift 22. oktober 1990 om minstekrav til kapitaldekning i finansinstitusjonar og verdipapirføretak. Endringane opnar for ei gunstigare vekting av visse rente- og valutaavtalar som blir motrekna (såkalla «nettingavtalar»), og gjennomfører EØS-reglane som svarar til europaparlaments- og rådsdirektiv 96/10/EF (nettingdirektivet).

Finansdepartementet endra i forskrift 17. august 1998 nr. 815 forskrift 17. juli 1994 nr. 717 «om grenseoverskridande tenesteyting av utanlandske bankar og andre kredittinstitusjonar med hovudsete i annan stat innanfor Det europeiske økonomiske samarbeidsområde o.a.»

Finansdepartementet fastsette 9. september 1998 «forskrift om endring av forskrift 7. februar 1994 nr. 118 om legitimasjonskontroll og tiltak mot hvitvasking av penger». Endringa tek sikte på å gjere det enklare for institusjonane å praktisere regelverket om tiltak mot kvitvasking av pengar.

Finansdepartementet fastsette 17. september 1998 «forskrift om opplysningsplikt overfor låntakere og om avtale om lån til forbruker». Forskrifta gjennomfører forbrukarkredittdirektiv 87/102/EØF slik det gjeld etter endring ved direktiv 90/88/EØF. Forskrifta erstattar vidare forskrift 1. juni 1990 nr. 432 om opplysningsplikt om priser mv. Einskilde av reglane i forskrifta er baserte på utkast til lov i Banklovkommisjonens delutgreiing NOU 1994:19 «Finansavtaler og finansoppdrag». Sidan reglane som er foreslått av Banklovkommisjonen, er meir omfattande enn reglane i forbrukarkredittforskrifta, er det aktuelt å endre forskrifta i 1999 ettersom Justisdepartementet sitt forslag til lov om finansavtalar og finansoppdrag i Ot.prp. nr. 41 (1998 - 99) blei vedteke i Stortinget 8. juni 1999 (jf. Besl. O. nr. 81 (1998 - 99)). Forslaget frå Justisdepartementet er basert på Banklovkommisjonens forslag. Forskrifta er meint å skulle sikre låntakar informasjon om dei plikter vedkomande tek på seg ved å inngå ein kredittavtale, og å gi informasjon som gjer at låntakaren får det nødvendige grunnlaget for å kunne samanlikne kostnadene ved ulike låneopptak.

Finansdepartementet fastsette 2. desember 1998 visse endringar i «forskrift 16. desember 1988 nr. 1222 om minstekrav til likvider for forretnings- og sparebanker». Endringane gjaldt kva som skal reknast som likvide midlar for oppfylling av likviditetskravet. Forskrifta blei òg utvida til å gjelde for Postbanken BA.

For å gi høve til å opprette konserngrupper mellom gjensidige forsikringsselskap (kundeeige) og sparebankar (sjølveige) var det naudsynt med ei lovendring i finansieringsverksemdslova. Lovendringa blei vedteken i Stortinget og sanksjonert i statsråd den 4. juni 1999.

3.1.2 Forsikringsverksemd og pensjonsordningar

Det er i 1998 opna for at premiefondsmidlar, med samtykke frå bedrifta, kan nyttast til å dekkje underskot i ei pensjonskasse òg om premiefondet i utgangspunktet utgjer mindre enn ti gonger årspremien. Ei slik nytting av premiefondsmidlar krev dispensasjon frå «forskrift 28. juni 1968 nr. 3 om private tjenestepensjonsordninger i henhold til skatteloven § 44 første ledd, bokstav k». Retten til å gi dispensasjon er i dette høvet delegert til Kredittilsynet. Det er ein liberal dispensasjonspraksis i slike saker.

Eit utval under leiing av professor Erling Selvig la i februar 1998 fram ei utgreiing om eit lovverk om private tenestepensjonsordningar med skattefavorisering, kalla «Utkast til lov om foretakspensjon, NOU 1998:1». Sjå nærare omtale i Kredittmeldinga 1997.

Kredittilsynet sende i mars 1998 ut eit rundskriv med ei lang rekkje tolkingar og presiseringar av forskrift 23. april 1997 om kapitalforvaltninga til forsikringsselskapa.

«Forskrift 19. februar 1993 nr. 117 om forsikringsvirksomhetslovens anvendelse på pensjonskasser og pensjonsfond» § 33 sjette ledd blei endra 19. mars 1998 slik at høvet for pensjonskassene til å gjere tilleggsavsetningar i forsikringsfondet etter tilsvarande reglar som gjeld for livsforsikringsselskap, jf. forsikringsverksemdslova § 8 - 2, blei utvida til å gjelde òg for skatteåra 1997 og 1998.

I «forskrift 19. mai 1995 nr. 481 om beregning av solvensmarginkrav og solvensmarginkapital for norske livsforsikringsselskaper» blei det 27. mars 1998 gjort einskilde tekniske endringar. Endringane inneber at dei nye forsikringsklassene V (forvaltning av midlar i pensjonskasser og andre pensjonsinnretningar) og VI (kapitaliseringsprodukt som er sparekontraktar inngått under IPA), jf. «forskrift 18. september 1995 nr. 797 om inndeling i forsikringsklasser som grunnlag for konsesjonstildeling», blir underlagde dei same krava til solvensmargin som respektive forsikringsklasser III og IV.

I «forskrift 19. mai 1995 nr. 482 om beregning av solvensmarginkrav og solvensmarginkapital for norske skadeforsikringsselskaper» blei det 24. april 1998 gjort einskilde tekniske endringar. Mellom anna blei tidsfristen for innrapportering av solvensberekningar til Kredittilsynet forlengd til 15. mai i etterfølgjande rekneskapsår. Tidlegare skulle denne rapporten følgje som vedlegg til selskapet si kapitaldekningsoppgåve. Selskap med løyve til å overta livsforsikring i form av reine risikoforsikringar som vara høgst eitt år, fekk vidare høve til å rekne med i selskapet sin solvensmarginkapital sikringsfond over 55 prosent av sikringsfondet si nedre grense, på tilsvarande måte som livsforsikringsselskap.

I tillegg til dei to nemnde forskriftene har Finansdepartementet fastsett tekniske endringar der omgrepet «ECU» har blitt endra til «EURO» som følgje av Noregs plikter etter EØS-avtalen i følgjande forskrifter:

  • «Forskrift 1. desember 1993 nr 1074 om unntak for mindre gjensidige skadeforsikringsselskaper».

  • Forskrift 13. april 1994 nr. 252 om krav til den ansvarlige kapitalen for etablerte kredittinstitusjoner».

  • «Forskrift 14. oktober 1996 nr. 985 om startkapital for verdipapirforetak».

Finansdepartementet fastsette 4. mai 1998 endringar i «forskrift 23. april 1997 nr. 377 om forsikringsselskapers kapitalforvaltning» slik at grensa for kor stor del av dei forsikringstekniske avsetningane eit forsikringsselskap eller ei pensjonskasse kan plassere i aksjar, blei heva frå 20 til 35 prosent. Finansdepartementet viser til omtale av dette i Kredittmeldinga 1997. I samband med desse endringane uttala departementet i Revidert nasjonalbudsjett 1998 at det særleg er høve til å gjere tilleggsavsetningar som har medverka til at forsikringsselskapa har bygd opp bufferar som eit vern mot kortsiktige svingingar i aksjemarknaden. Finansdepartementet legg vekt på at aksjeplasseringa må svare til den risikoevna kvart einskilt selskap har, og at større eksponering for konjunkturavhengige svingingar i bufferkapitalen må følgjast opp av krav til dei systema selskapa har for kapitalforvaltning og risikostyring, og til tilsynsapparatet. Departementet uttala vidare at ein tok sikte på å gjennomføre ei endring eller oppheving av aksjegrensa når ei nærare tilsynsmessig oppfølging var avklara.

Finansdepartementet fastsette 17. juli 1998 endringar i forskrift 27. november 1991 nr. 757 om rett til overføring av oppsamla midlar knytte til kollektiv eller individuell livs- eller pensjonsforsikring (flytteforskrifta). Endringane tok til å gjelde 1. august 1998. Det blei presisert at fristar i forskrifta om overføring av midlar òg gjeld for oppseiing av forsikring. Det blei vidare fastsett særreglar om opphøyr for kollektiv pensjonsforsikring som er basert på at forsikringsforholdet må gå gjennom heile året for å sikre finansieringa av dei forsikra ytingane. Dette siste gjeld reelt berre for Kommunal Landspensjonskasse (KLP).

Ei arbeidsgruppe sett ned av Finansdepartementet la 20. august 1998 fram ein rapport om hovudspørsmål ved innskotsbasert tenestepensjon. Desse spørsmåla blei omtala i Nasjonalbudsjettet 1999.

3.1.3 Verdipapirhandel

Den 26. juni 1998 la Regjeringa fram Ot.prp. nr. 84 (1997 - 98) «Om endringer i verdipapirhandelloven og enkelte andre lover (begrensninger i adgangen for ansatte i finansinstitusjoner mv til å foreta handel i finansielle instrumenter for egen regning)». Bakgrunnen for endringane er nærare omtala i Kredittmeldinga 1997.

Lova blei vedteken 5. mai 1999. Nærare omtale vil bli gitt i Kredittmeldinga 1999.

Finansdepartementet fastsette 22. januar 1999 «forskrift om endringar i børsforskrifta». Bakgrunnen for denne revisjonen av børsforskrifta var endringar i verdipapirmarknaden og erfaringar ifrå praktiseringa av forskrifta av 17. januar 1994 nr. 30, og dessutan behovet for ei oppdatering i forhold til den nye verdipapirhandellova, den nye allmennaksjelova og EU-direktiv på området. På bakgrunn av den føreståande revisjonen av børslova (jf. neste avsnitt) er det gjort mindre omfattande endringar enn det som elles hadde vore naturleg. I tillegg til ei rekkje tekniske endringar blei det gjort endringar i vilkåra for notering på børsen og i reglane som regulerer flytting mellom hovudlista og SMB-lista. Vidare blei det gjort ein del endringar i reglane om informasjonsplikta som dei børsnoterte foretaka har, mellom anna om informasjonsplikt ved avtale om erverv og avhending av eigedelar eller verksemd, fusjon og fisjon, om resultatvarsel, krav om kvartalsrapportering. Det blei òg gjort endringar i reglane om selskapet sitt høve til å gi opplysningar med krav til teieplikt til utanforståande. Det blei fastsett nye reglar for notering av teikningsrettar og kjøpsrettar. Det blei òg gjort endringar i reglane om prospektkrav, mellom anna krava til opplysningar om kva for påløpte og forventa utgifter selskapet har i tilknyting til det høve som utløyser krav om prospekt. Dei sistnemnde endringane har sin bakgrunn i den vurderinga som blei gjord av fondsmeklarane si forteneste og konkurranseforholda i den norske verdipapirmarknaden. Ein ynskjer med forslaget å auke prismedvitet til dei som etterspør tenester i førstehandsmarknaden. Det blei vidare gjort ei rekkje endringar av teknisk karakter.

Finansdepartementet sette 6. januar 1997 ned eit utval for å utgreie alternative modellar for organisering av børsverksemd («børslovutvalet»). Utvalet kom med si innstilling den 15. desember 1998 kalla«Organisering av børsvirksomhet m.m.» i NOU 1999:3. Forslaget inneber mellom anna at føretak som driv børsverksemd, kan vere organiserte som allmennaksjeselskap eller som sjølveigande institusjon. Det er foreslått føresegner om omdanning til allmennaksjeselskap, og at børsar skal vere underlagde alminneleg tilsyn av Kredittilsynet. Forslaget inneber ei rekkje endringar i forhold til dagens lov for børs organisert som sjølveigande institusjon. Vidare kan nemnast at forslaget inneheld krav til leiinga av børsen, eigaravgrensingsreglar og krav til ansvarleg kapital. Lovforslaget vidarefører i stor grad dei oppgåver og den myndigheit som børsar er tillagde etter gjeldande lov. Det blir stilt krav om offentleg løyve for å drive børsverksemd, og forslaget inneheld òg reglar for konsesjon og organisering av såkalla «autorisert marknadsplass».

3.1.4 Anna regelverk

Ved forskrift 5. februar 1998 blei det som følgje av Noregs plikter etter EØS-avtalen og i samsvar med merknader frå ESA i brev 18. februar 1997 gjort einskilde endringar i fleire forskrifter. Endring av «forskrift 22. september 1995 nr. 827 om forsikringstjenesteytelser og etablering av filial av forsikringsselskap med hovedsete i annen stat i det Europeiske økonomiske samarbeidsområdet m.m.» gjennomfører føresegner om koassuranse innanfor fellesskapet som fastsett i andre skadeforsikringsdirektiv (88/357/EØF). Endring av «forskrift 11. oktober 1995 nr. 854 om norske forsikringsselskapers forsikringstjenesteytelser og etablering av filial i annen stat i det Europeiske økonomiske samarbeidsområdet» gjennomfører føresegner i første skadeforsikringsdirektiv (73/239/EØF) om erklæring om medlemskap i nasjonal trafikkforsikringsordning. Endring av «forskrift 21. november 1989 nr. 1172 om kapitalkrav for utenlandske skadeforsikringsselskaper med filial i Norge» gjennomfører krava i første skadeforsikringsdirektiv om solvenskrav for filialar frå tredjeland.

Finansdepartementet fastsette i forskrift 15. juli 1998 endring av «forskrift 20. mars 1990 nr. 177 om eiendomsmegling». Kredittilsynet fekk myndigheit til å godkjenne studieplan og eksamenskrav for bestått eigedomsmeklareksamen. Kredittilsynet fekk vidare myndigheit til å godkjenne utanlandsk eigedomsmeklareksamen når det er aktuelt.

Finansdepartementet oppheva 3. november 1998 «forskrift 25. mars 1983 nr. 732 om valutameglervirksomhet».

Finansdepartementet fastsette 30. november 1998 «forskrift om utveksling av opplysninger med tilsynsmyndigheter fra land i og utenfor EØS-området», med sikte på å styrkje tilsynsarbeidet. Forskrifta inneheld reglar om Kredittilsynet si teieplikt, og mellom anna vilkår for utveksling av opplysningar med andre tilsynsmyndigheiter og avgrensingar i høvet til å vidareformidle opplysningar som er mottekne frå utanlandske myndigheiter. Endringane er i tråd med rådsdirektiv 95/26/EØF, det såkalla BCCI - direktivet.

Ny rekneskapslov, jf. «lov 17. juli 1998 nr. 56 om årsregnskap mv (regnskapsloven)», tok til å gjelde ved årsskiftet 1998/1999. Den nye lova inneber at finansielle omløpsmidlar blir vurderte til verkeleg verdi, at eigedelane i dotterselskap og tilknytt selskap blir vurderte etter eigenkapitalmetoden i selskapsrekneskapen, og at fusjonar i utgangspunktet blir behandla som oppkjøp. Vidare er den særlege vurderingsregelen for obligasjonar som blir haldne til forfall, fjerna for bankar og skadeforsikringsselskap.

I samsvar med den nye rekneskapslova har Finansdepartementet i 1998 fastsett følgjande forskrifter, overgangsreglar o.a.:

  • «Forskrift 16. desember 1998 nr. 1234 om innsending av årsregnskap m.v. til Regnskapsregisteret og rett til innsyn i årsregnskap m.v.»

  • «Forskrift 16. desember 1998 nr. 1235 om bruk av bokføringsregler i lov om regnskapsplikt m.v og enkelte andre lover»

  • «Forskrift 16. desember 1998 nr. 1236 om overgangsregler til lov om årsregnskap m.v».

  • «Forskrift 16. desember 1998 nr. 1237 om årsregnskap, for utenlandske foretak som driver virksomhet på norsk sokkel, unntatt petroleumsutvinning og rørledningstransport, eller foretak som driver midlertidig virksomhet på land».

  • «Forskrift 16. desember 1998 nr. 1238 om adgang til å føre konsernregnskap som nevnt i lov om årsregnskap m.v (regnskapsloven) § 3 - 7 første ledd på annet språk enn norsk»

  • «Forskrift 16. desember 1998 nr. 1240 om årsregnskap m.m for banker, finansieringsforetak og morselskap for slike.»

  • «Forskrift 16. desember 1998 nr. 1241 om årsregnskap m.m for forsikringsselskap».

  • «Forskrift 16. desember 1998 nr. 1242 om overgangsregler, til forskrift om årsregnskap m.m for forsikringsselskaper og til lov om årsregnskap m.v (regnskapsloven)».

  • «Forskrift 16. desember 1998 nr. 1243 om årsregnskap, m.m for verdipapirfond».

Finansdepartementet publiserte forskriftene i eit hefte som blei utgjeve 16. desember 1998, same dag som forskriftene blei fastsette. I heftet gjorde departementet merksam på

  • at det må reknast med endringar i forskriftene om årsrekneskap for forsikringsselskap og verdipapirfond,

  • at forskrifter om årsrekneskap for inkassoføretak og pensjonskasser vil bli fastsette etter komande årsskifte, og

  • at departementet tek sikte på å fastsetje forskrift om rekneskap for skattepliktige som driv petroleumsutvinning og røyrleidningstransport før nyttår.

I samhøve med dette har Finansdepartementet i 1999 fastsett nye forskrifter om årsrekneskap for verdipapirfond (28. mai), inkassoverksemd (28. mai) og pensjonskasser (5. juli). Forskrifta om årsrekneskap for bankar m.v. blei endra 28. mai 1999. «Forskrift om endring i forskrift om regnskap for skattepliktige som driver petroleumsutvinning og rørledningstransport» blei fastsett ved kgl. res. 16. april 1999 med heimel i lov 13. juni 1975 nr. 35 om skattlegging av undersjøiske petroleumsforekomster m.v. § 8 (fremma av Finansdepartementet).

Departementet viser til at fastsetjing av «forskrift om regnskapssystem, registrering, dokumentasjon og oppbevaring av regnskapsregler», som utfyller reglane i kapittel 2 i den nye rekneskapslova, blei utsett til etter årsskiftet (vedteken 6. mai 1999), og tek til å gjelde 1. juli 1999.

Finansdepartementet sitt forslag til ny lov om revisjon og revisorar som blei framsett i Ot.prp. nr. 75 (1997 - 1998), blei med einskilde mindre endringar vedteke av Stortinget 15. januar 1999. Lova byggjer på revisorlovutvalet si utgreiing i NOU 1997:9. Lovforslaget er nærare omtala i Kredittmeldinga 1997. I lova blir praksistida for registrerte og statsautoriserte revisorar utvida frå to til tre år. Det blir innført krav om at revisorar som reviderer årsrekneskap for revisjonspliktige, må gå gjennom etterutdanning i samsvar med reglar fastsette av departementet. I lova blir krava til revisors rolle som objektiv og sjølvstendig kontrollør av årsrekneskapen skjerpa. Samtidig blir det foreslått reglar som skal gjere det mogleg å avgrense økonomisk kriminalitet.

Ved lov 15. januar 1999 nr. 3, som tok til å gjelde 1. februar 1999, er det lagt til ei ny lovføresegn i kredittilsynslova § 4a. Lovføresegna gir Kredittilsynet fullmakt til å gi pålegg til slike som ikkje har konsesjon til å drive verksemd som er under tilsyn, men som likevel driv slik konsesjonspliktig verksemd. Kredittilsynet har fått heimel til å gi pålegg om stans i slik verksemd, og til å krevje opplysningar frå føretaket.

Finansdepartementet har kome til at det vil foreslå å opne opp for etablering av frittståande vekslingskontor i Noreg. Vurderinga er gjord på bakgrunn av høyringsfråsegna til ein rapport frå Noregs Bank som blei send til Finansdepartementet med brev av 30. april 1998. I rapporten går det fram at Noregs Bank meiner det er tilrådeleg å opne for etablering av frittståande vekslingskontor i Noreg. Departementet tek sikte på å fremme forslag til reglar som regulerer vekslingskontor, i samband med den pågåande revisjonen av finanslovgivinga, som er ei oppfølging av arbeidet til Banklovkommisjonen.

3.2 Viktige forvaltningssaker

Finansdepartementet gav 30. mars 1998 løyve til at Statnett SF kan opprette eigenforsikringsselskapet Statnett Forsikring AS. Løyvet blei avgrensa til å gjelde teikning av forsikring og gjenforsikring for selskap i Statnett-konsernet, jf. aksjelova § 1 - 2. Det blei gjort unntak frå eigargrensa i forsikringsverksemdslova § 2 - 2 første ledd.

I brev 5. mai 1998 fekk Storebrand ASA samtykke frå Finansdepartementet til å setje ned aksjekapitalen med 500 millionar kroner ved innløysing av preferanseaksjane til selskapet.

Finansdepartementet gav 10. juni 1998 løyve til at Telenor AS kan opprette eigenforsikringsselskapet Telenor Forsikring AS. Løyvet blei avgrensa til å gjelde teikning av forsikring og gjenforsikring for selskap i Telenor-konsernet, jf. aksjelova § 1 - 2. Det blei gjort unntak frå eigargrensa i forsikringsverksemdslova § 2 - 2 første ledd.

Finansdepartementet gav 10. juli 1998 løyve til at Den norske Bank ASA kan etablere Vital Kapitalforvaltning ASA som eit verdipapirføretak i konsernet, jf. finansieringsverksemdslova § 2a - 3 andre ledd og 2a - 7 andre ledd. Det blei mellom anna sett vilkår om at plasseringa av Vital Kapitalforvaltning ASA i DnB-konsernet vil bli vurdert av Kredittilsynet i samband med DnBs søknad om godkjenning av konsernstruktur etter den holdingmodellen som er beskriven i finvl. § 2 - 2 andre ledd bokstav a. I brev av 2. juli 1998 hadde Finansdepartementet avslått søknad frå DnB om godkjenning av å organisere konsernet etter ein dotter-dottermodell. Ein føresetnad frå Finansdepartementet i brevet av 2. juli 1998 var at DnB skulle sende ny søknad om godkjenning av ein konsernstruktur etter ein holdingmodell. Slik søknad blei send til Kredittilsynet, som ved brev av 6. november 1998 godkjende konsernstrukturen.

Finansdepartementet gav 16. juli 1998 Gjensidige Skadeforsikring løyve til å etablere Gjensidige Vekterservice AS, og til å kjøpe opp Alarm og Låskompaniet AS. Det blei gjort unntak frå reglane i forsikringsverksemdslova § 7 - 2 om høvet til å eige meir enn 15 prosent av aksjane i eit føretak som driv forsikringsframand verksemd.

I brev 24. juli 1998 fekk DnB Finans AS løyve frå Finansdepartementet til å kjøpe 49 prosent av aksjane i leasingselskapet Unilizings SIA i Latvia. Samstundes godkjende Finansdepartementet endringar i organiseringa av DnB-konsernet.

Wilh. Wilhelmsens Pensjonskasse klaga på Kredittilsynet sitt vedtak som påla pensjonskassa å fordele premiefondsmidlane på dei respektive føretaka i konsernet pr. 31. desember 1997. I vedtak frå 19. august 1998 tok ikkje Finansdepartementet klagen til følgje. Finansdepartementet grunngav vedtaket med at det mellom anna følgjer av «forskrift 19. februar 1993 nr 117 om forsikringsvirksomhetslovens anvendelse på pensjonskasser og pensjonsfond» §§ 10, 14 og 15 at overskot og premiefondsmidlar skal fordelast på dei respektive føretaka som er omfatta av pensjonskassa pr. 31. desember kvart år. Reglane skal mellom anna sikre ei fordeling mellom føretaka etter tilskotsprinsippet.

Finansdepartementet gav 14. september 1998 løyve til etablering av Storebrand Helseforsikring, der Storebrand ASA og Deutsche Krankenversicherung AG eig 50 prosent kvar. Selskapet fekk løyve til å drive skadeforsikringsverksemd med det formålet å dekkje utgifter som dei forsikra har til medisinsk undersøking og behandling. Det blei mellom anna sett vilkår om at selskapet sin administrerande direktør skal godkjennast av Kredittilsynet. Vidare blei det sett vilkår om at minst ein av styremedlemmene skal vere eksterne, det vil seie at dei ikkje skal ha tillitsverv eller vere tilsette i Storebrand Helseforsikring AS, Storebrand-konsernet, Deutsche Krankenversicherung-konsernet eller annan finansinstitusjon.

I brev 23. oktober 1998 fekk Sparebank 1 Kredittkort AS løyve frå Finansdepartementet til å drive finansieringsverksemd. Samstundes fekk Sparebank 1 Gruppen AS løyve til å eige 100 prosent av aksjane i Sparebank 1 Kredittkort AS.

Telenor Link AS fekk ved vedtak i Finansdepartementet 9. november 1998 løyve til å etablere eit system for forskotsbetaling av varer og tenester over Internett (Direkte Internett Penger). Fleire selskap har fått løyve til å etablere alternative betalingssystem, til dømes system for betaling av varer og tenester over mobiltelefon.

Kredittilsynet gav 10. november 1998 Innovasjonsmarkedet AS løyve som verdipapirføretak. Saka reiste einskilde prinsipielle spørsmål om forholdet til børslova. I brev 28. april 1998 til Kredittilsynet konkluderte Finansdepartementet med at verksemda ikkje måtte ha konsesjon etter børslova. Sjå omtale i Kredittmeldinga 1997.

Kredittilsynet har, på bakgrunn av eit brev frå Statens pensjonskasse 14. februar 1997, gjort ei vurdering av om private livsforsikringsselskap (utanom KLP) kan tilby kommunale pensjonsordningar som tilfredsstiller krava til tilslutning til Overføringsavtalen. Kredittilsynet konkluderte i brev 16. desember 1998 med at det er mogleg. Tilsynet legg til grunn for vurderinga at det må vere forsikringsteknisk dekning for ytringane frå pensjonsordninga, og at det ikkje er mogleg for livsforsikringsselskapa å gi garantiar eller anna form for sikring av ytingar som ikkje kan forsikrast, eller ytingar/krav som det ikkje er mogleg å legge inn føresetnader for i premiefastsetjinga etter forsikringstekniske prinsipp. Kredittilsynet konkluderte òg med at det ikkje er mogleg å sikre kommunale føretak i private livsforsikringsselskap, med unntak av KLP.

Finansdepartementet gav Eksportfinans ASA 16. desember 1998 løyve til å kjøpe alle aksjane i Kommunekreditt Norge AS. Løyvet blei gitt på vilkår av at eigarane i Eksportfinans ASA innretta seg etter hovudreglane i eigaravgrensingsreglane innan 31. desember 2000, fordi lova ikkje gav heimel til å forlengje dette unntaket. I «lov 11. mai 1999 om endringar i lov om finansieringsvirksomhet og finansinstitusjoner» blei det gitt eit slikt lovgrunnlag. I brev 9. juni 1999 gjekk Finansdepartementet - med utgangspunkt i den lovendringa og presiseringane for den - bort frå konsesjonsvilkåret om at eigarane i Eksportfinans ASA måtte innrette seg etter hovudreglane i eigaravgrensingsreglane innan 31. desember 2000.

Finansdepartementet gav 21. desember 1998 DnB ASA dispensasjon for dei fast tilsette i DnBs filialar i London, New York og Singapore frå kravet i verdipapirhandellova § 8 - 6 om at tilsette i verdipapireføretak ikkje kan kjøpe visse finansielle instrument for eiga rekning. Dispensasjonen blei gitt på vilkår av at Den norske Bank ASA skal underrette Kredittilsynet om alle endringar i regelverket om eigenhandel som har noko å seie for dei tilsette ved filialane i London, New York eller Singapore. Det blei ikkje gitt dispensasjon for dei tilsette i Stockholm fordi slik dispensasjon berre kan givast der dei tilsette er omfatta av eventuelle tilsvarande reglar i vertsstaten. Dei tilsette i Stockholm er ikkje omfatta av dei tilsvarande svenske reglane om eigenhandel fordi dei berre omfattar heimstatens føretak.

Finansdepartementet gav 7. mai 1999 Den Danske Bank/DDB Fokus Invest løyve til å kjøpe alle aksjane i Fokus Bank ASA. Løyvet blei mellom anna gitt på vilkår av at overdraging av ein vesentleg del av verksemda i Fokus Bank ASA ikkje kan gjerast utan Finansdepartementet si godkjenning.

Finansdepartementet gav 4. juni 1999 løyve til Gjensidige Skadeforsikring, Gjensidige Livsforsikring og Sparebanken NOR til å etablere finanskonsernet Gjensidige NOR. Løyvet blei mellom anna gitt med heimel i dei lovendringane i finansieringsverksemdslova som tok til å gjelde same dag, (sjå nærare omtale i avsnitt 3.1.1)

Finansdepartementet gav 14. oktober 1999 DnB ASA og Postbanken AS løyve til å fusjonere. For nærare omtale av fusjonen, sjå kapittel 2 avsnitt 2.1.1.

Til forsida