St.meld. nr. 11 (1999-2000)

Kredittmeldinga 1998

Til innhaldsliste

5 Verksemda til Kredittilsynet i 1998

Kredittilsynet er det sentrale offentlege organet som fører tilsyn med at finansinstitusjonane innrettar seg etter dei rettslege rammevilkåra som til kvar tid gjeld for finansmarknaden. Mellom anna skal Kredittilsynet sjå til at lover og forskrifter blir følgde.

Kredittilsynet skal, ifølgje kredittilsynslova § 8 andre ledd, kvart år gi Finansdepartementet ei melding om verksemda. I meldinga omtalar Kredittilsynet organisatoriske forhold, rekneskap og generelle spørsmål knytte til tilsynsarbeidet. Vidare blir det gitt ein nærare omtale av arbeidet innanfor dei ulike tilsynsområda.

Etter § 1 i kredittilsynslova har Kredittilsynet tilsyn med finansinstitusjonar, under dette forretnings- og sparebankar, liv- og skadeforsikringsselskap, private, kommunale og fylkeskommunale pensjonskasser og pensjonsfond, finansieringsføretak og forsikringsmeklarar. Etter kredittilsynslova § 1 nr. 13, jf. verdipapirhandellova § 12-1, har Kredittilsynet ansvar for å føre tilsyn med verksemda til verdipapirføretak og oppgjerssentralar, og tilsyn med at reglane i verdipapirhandellova blir følgde. Det same gjeld kontrollen med eigedomsmeklarar etter eigedomsmeklarlova § 2-7, kontrollen med inkassoverksemd etter lov om inkassoverksemd § 24, kontrollen med forvaltning av verdipapirfond etter lov om verdipapirfond § 8-2, jf. kredittilsynslova § 1 nr. 15, tilsynet med Postbanken BA etter kredittilsynslova § 1 nr. 10, tilsynet med sjøtrygdelag, jf. kredittilsynslova § 1 nr. 11, tilsynet med føretak som driv låneformidling, jf. kredittilsynslova § 1 nr. 7 og tilsyn med revisorar og revisjonsselskap som er godkjend etter revisorlova, jf. kredittilsynslova § 1 nr. 9. Kredittilsynet fører tilsyn med verksemda til filialar av kreditt- og finansinstitusjonar frå andre statar i dei høva der slikt tilsyn ikkje blir ført av myndigheitene i heimlandet. Det blir òg ført tilsyn med filialar av norske finansinstitusjonar i utlandet.

Kredittilsynet skal etter lova sjå til at dei institusjonane det har tilsyn med, verkar på ein formålstenleg og trygg måte i samsvar med lov og føresegner og med det formålet og dei vedtektene som ligg til grunn for kvar einskild institusjon. For å utføre tilsynsoppgåvene skal Kredittilsynet granske rekneskap og andre oppgåver frå institusjonane og elles gjere dei undersøkingar om deira stilling og verksemd som Kredittilsynet finn naudsynt, jf. kredittilsynslova § 3.

Kredittilsynet blir leidd av eit styre på fem medlemmer, oppnemnt av Kongen for ein periode på fire år, jf. kredittilsynslova § 2 andre ledd.

I 1998 hadde styret ei samansetjing som vist i boks 5.1.

Eit nytt styre for perioden fram til 31. desember 2001 blei oppnemnt ved kongeleg resolusjon 30. januar 1998.

Boks 5.1 Styret i Kredittilsynet

Professor dr.juris Erling

Selvig, leiar

H.r.advokat Else Bugge Fougner, nestleiar

Professor Asbjørn Rødseth

Advokat Eli Aas

Direktør Kolbjørn Almlid

Varamedlemmer:

Direktør Lisbet Hjort

Representantar for dei tilsette:

Rådgivar Aud Kogstad

Rådgivar Tor A. Hvidsten

Stedfortredande direktør i Noregs Bank, Asbjørn Fidjestøl, er observatør til styret, med fagdirektør Trond Eklund som varaobservatør.

Else Bugge Fougner hadde i 1998 permisjon frå styrevervet sitt.

Om administrasjon og personale heiter det i årsmeldinga (s. 56):

«Ved utgangen av 1998 var det 139 fast tilsatte, mot 134 ved utgangen av 1997. Av disse var 50 prosent kvinner. Kredittilsynet har generelt sett tilfredsstillende tilgang på gode søkere som er nyutdannet fra universitet og høyskoler. I tillegg legges det vekt på å knytte til seg medarbeidere med god kompetanse og bred erfaring fra bransjene.»

Mot slutten av 1998 førebudde Kredittilsynet overtakinga av tilsynet med rekneskapsførarar (autorisasjonsordninga). Ordninga blei lagd til Kredittilsynet med verknad frå 1. januar 1999.

Dei samla utgiftene til Kredittilsynet var 86,9 millionar kroner, ein auke på 10,7 prosent frå 1997. Utgiftene blir dekte ved innkrevjing frå dei tilsynspliktige.

Ein viser til Kredittilsynet si årsmelding for nærare omtale av administrative tilhøve og anna i Kredittilsynet. Årsmeldinga inneheld òg Kredittilsynet sitt syn på tilhøva i finansmarknaden og verksemder under tilsyn. Årsmeldinga frå Kredittilsynet følgjer som utrykt vedlegg til meldinga.

Til forsida