St.meld. nr. 11 (1999-2000)

Kredittmeldinga 1998

Til innhaldsliste

8 Verksemda til Folketrygdfondet i 1998

8.1 Innleiing

Stortinget fastsette 20. juni 1997 eit nytt regelverk for administrasjon av Folketrygdfondet og for forvaltning av midlane, revisjon o.a. i medhald av § 23 - 11 fjerde ledd i lov av 28. februar 1997 nr. 19 om folketrygd. Det nye regelverket erstatta det regelverket som blei fastsett av Stortinget 15. februar 1990 med seinare endringar, siste gongen 21. juni 1996. Ein erstatta det gamle regelverket av formelle grunnar mellom anna som følgje av at ein endra lova om folketrygd. Etter reglane skal styret for fondet sende årsmelding og rekneskap til Finansdepartementet, som på si side skal leggje fram melding for Stortinget. Årsmeldinga og rekneskapen for 1998 blei sende til departementet i brev av 5. mars 1999, og følgjer som utrykt vedlegg til denne meldinga.

8.2 Styre og administrasjon

I samsvar med regelverket for Folketrygdfondet forvaltar eit styre med ni medlemmer midlane til fondet. For kvar medlem skal det oppnemnast ein varamedlem. Samansetjinga av styret er vist i boks 8.1.

Boks 8.1 Styret i Folketrygdfondet.

Bjørg Ven, Oslo, leiar

varamedlem: Inger-Johanne Lund, Oslo

Per Gunnar Olsen, Oslo, nestleiar

varamedlem: Kjell Samuelsen, Borgenhaugen

Stein Blindheim, Molde

varamedlem: Linda Orvedal, Flåm

Anne Breiby, Ålesund

varamedlem: Kjell E. Helland, Ranheim

Tove Lehre, Lillehammer

varamedlem: Svein Kiran, Oslo

Per Arne Olsen, Tolvsrød

varamedlem: Terje Søviknes, Lysekloster

Anna Kristine Jahr Røine, Fetsund

varamedlem: Ola Prestegarden, Tretten

Oddvar Skaiaa, Grimstad

varamedlem: Johanna Myklebust, Blaksæter

Harald Ellefsen, Trondheim

varamedlem: Anne Berit Andersen, Søgne

Bjørg Ven blei oppnemnd som leiar for fondet etter Henrik J. Lisæth den 15. mai 1998. Samstundes blei Oddvar Skaiaa og Harald Ellefsen oppnemnde som nye medlemmer i styret med Johanna Myklebust og Anne Berit Andersen som personlege varamedlemmer. Medlemmene Henrik J. Lisæth og Arne Synnes og varamedlemmene Eva Teigene og Eleonore Bjartveit gjekk samstundes ut av styret.

Direktøren for fondet blir oppnemnd av Kongen med utgangspunkt i råd frå styret. Cand.oecon. Tore Lindholt blei oppnemnd som administrerande direktør for fondet den 27. mars 1992 for ein åremålsperiode på seks år. Ved kgl. res. den 13. mars 1998 blei Lindholt oppnemnd for ein åremålsperiode på seks nye år.

Administrasjonen i Folketrygdfondet har gradvis blitt styrkt dei siste åra ved ein auke i talet på tilsette. Ved utgangen av 1998 hadde fondet 20 tilsette, men den effektive bemanninga i 1998 var om lag 16 årsverk. Dei samla administrasjonsutgiftene til fondet, inklusive husleige, løn, styrehonorar o.a., utgjorde 19,6 millionar kroner i 1998.

8.3 Reglar for plasseringsverksemda

Styret for Folketrygdfondet har ansvaret for forvaltninga av midlane til fondet innanfor dei retningslinjene Stortinget har fastsett og eventuelle nærare retningslinjer som er gitt av Kongen i medhald av § 9 i fondet sitt regelverk. Stortinget vedtok enkelte endringar i regelverket for Folketrygdfondet i 1998.

Etter forslag frå Regjeringa i Nasjonalbudsjettet 1999 blei Folketrygdfondet gitt høve til å investere også i utanlandske selskap som er noterte på norsk børs. Fondet kunne tidlegare berre investere i norske selskap noterte på Oslo Børs. Ei slik endring i regelverket gjer handlingsrommet til Folketrygdfondet noko større, samstundes som det blir lettare for Finansdepartementet å følgje opp resultata til fondet. Folketrygdfondet sine resultat kan etter denne endringa meir direkte målast mot utviklinga på Oslo Børs generelt. Departementet la i Nasjonalbudsjettet 1999 vekt på at slike årlege målingar av Folketrygdfondet sine resultat ikkje er til hinder for at Folketrygdfondet kan og bør ha eit langsiktig perspektiv på investeringane sine.

Folketrygdfondet fekk i samband med Stortinget si behandling av Nasjonalbudsjettet 1999 òg høve til å delta i marknaden for gjenkjøpsavtalar. Ein gjenkjøpsavtale er eit utlån av til dømes obligasjonar for ein gitt periode. Utlånet har form av eit sal og eit gjenkjøp der salsprisen og den framtidige gjenkjøpsprisen blir fastsette samstundes. Den framtidige gjenkjøpsprisen av til dømes obligasjonar blir fastsett på bakgrunn av terminrenta. Departementet la i forslaget sitt vekt på at risikoen knytt til slik handel er liten, og på at ei slik endring i regelverket til Folketrygdfondet kan gjere likviditetsstyringa lettare for Noregs Bank. Finansdepartementet bør kunne fastsetje nærare retningslinjer for slike handlar, mellom anna rammer for kor mykje fondet skal kunne investere i denne marknaden.

Desse endringane i Folketrygdfondet sitt regelverk er nærare omtala i St.meld. nr. 1 (1998 - 99) Nasjonalbudsjettet 1999.

§ 5 i regelverket for Folketrygdfondet lyder etter desse endringane:

«Styret har ansvaret for at fondets midler anbringes med sikte på best mulig avkastning under hensyntaken til betryggende sikkerhet og den nødvendige likviditet.

Fondets midler kan plasseres i norske ihendehaverobligasjoner og sertifikater, som kontolån til statskassen og som innskudd i Postbanken og forretnings- og sparebanker. Innenfor en ramme på 20 prosent av forvaltningskapitalen kan fondets midler plasseres i aksjer i selskaper notert på norsk børs og, etter godkjenning fra Finansdepartementet, aksjer i norske selskaper ellers hvor aksjene er gjenstand for regelmessig og organisert omsetning, børsnoterte grunnfondsbevis i norske sparebanker, kredittforeninger og gjensidige forsikringsselskaper, og børsnoterte konvertible obligasjoner og børsnoterte obligasjoner med kjøpsrett til aksjer i norske selskaper. Fondet kan delta i emisjoner i ikke-børsnoterte aksjer i norske selskaper umiddelbart før børsintroduksjon, dersom det er klargjort på emisjonstidspunktet at de aktuelle aksjene vil bli børsnotert kort tid etter emisjonen.

Annet ledd er ikke til hinder for at Folketrygdfondet kan beholde aksjer i norsk selskap som i forbindelse med oppkjøp, fusjon e.l. endrer status til å bli utenlandsk selskap.

Fondet kan videre, innenfor den samlede rammen på 20 prosent av fondskapitalen, gå inn med egenkapitalinnskudd i form av ikke-børsnoterte papirer, i tilfelle hvor fondet står i fare for å lide betydelige tap på plasseringer i obligasjoner. Dette må i så fall være ledd i en koordinert aksjon, hvor en dominerende gruppe av kreditorene deltar, og hvor siktemålet for fondet alene er å trygge fondets egne interesser.

Folketrygdfondet kan eie andeler for inntil 15 prosent av total aksjekapital eller grunnfondsbeviskapital i ett enkelt selskap. Styret kan ta opp kortsiktige lån dersom dette finnes hensiktsmessig.

Folketrygdfondet kan, etter nærmere retningslinjer fastsatt av Finansdepartementet, inngå salgs- og gjenkjøpsavtaler knyttet til egenkapitalinstrumenter og rentebærende instrumenter der erververen av instrumentene etter avtalen har plikt til å tilbakeføre disse til selger.»

Heimelen i § 9 i reglementet til å gi nærare retningslinjer om forvaltninga blei delegert til Finansdepartementet ved kongeleg resolusjon 17. januar 1992. Slike retningslinjer er av generell karakter, til dømes ved at ein fastset kvantitative rammer for verksemda.

Finansdepartementet fastset, med heimel i § 9 i retningslinjene, kvart år ramma for Folketrygdfondet sin auke i investeringar i private og kommunale obligasjonar og sertifikat (utan statsgaranti), bankinnskot og aksjar. Folketrygdfondet kan på førehand kome med innspel til ramme. I brev av 22. desember 1997 til departementet foreslår fondet ein auke av ramma for private og kommunale plasseringar på 2,5 milliardar kroner i 1998. Fondet skriv at det er «<...>av stor betydning for avkastningsutviklingen at FTF har anledning til å plassere en del av kapitaltilveksten i ikke-statlige verdipapirer. For avkastningsraten har selve aktivaallokeringen, dvs. porteføljens fordeling på hovedgrupper av aktiva, vesentlig større betydning enn sammensetningen innenfor hovedgruppene. Det er derfor viktig at fondet har en rammemessig handlefrihet som muliggjør en best mulig aktivaallokering ut fra de avkastningsmuligheter som markedsutviklingen åpner for».

Finansdepartementet fastsette i brev av 23. februar 1998 ei ramme for private og kommunale plasseringar på 2,0 milliardar kroner, det vil seie den same ramma som gjaldt i 1997. Annan plasseringsauke skulle skje i statsgaranterte papir eller som kontolån til statskassa. Departementet legg i si vurdering av ramma vekt på at Folketrygdfondet sine plasseringar i den private marknaden i realiteten inneber at staten må auke si opplåning frå anna hald tilsvarande. Dette følgjer av at statlege budsjettoverskot blir kanaliserte til petroleumsfondet, og at staten difor vil ha monalege opptak av lån i tida framover, mellom anna knytte til refinansiering av eksisterande gjeld. Når Folketrygdfondet plasserer avkastninga si i statlege verdipapir, er fondet i så fall med på å dekkje dei lån staten har bruk for. Departementet la i si vurdering også til grunn at Folketrygdfondet sjølv utan nokon auke i behaldninga av private og kommunale papir kan auke sine nettoplasseringar i aksjemarknaden opp til grensa som Stortinget har vedteke på 20 prosent av forvaltningskapitalen ved å omplassere eksisterande bankinnskot og private og kommunale obligasjonar. Den øvre grensa for eigenkapitalplasseringar for Folketrygdfondet svara ved utgangen av 1998 til vel 20 milliardar kroner. Fondet sine eigenkapitalplasseringar var på same tid på vel 12 milliardar kroner, mens dei samla plasseringane i private og kommunale obligasjonar og sertifikat var på meir enn 26 milliardar kroner.

Folketrygdfondet kan plassere fritt i første- og andrehandsmarknaden for norske statsobligasjonar, statssertifikat og statsgaranterte papir innanfor ein samla portefølje på inntil 5 milliardar kroner. Reglane for plasseringane i statspapir blei fastsette i brev frå Finansdepartementet 15. desember 1992. Dei andre plasseringane i denne gruppa skal som hovudregel vere kontolån til staten med vilkår knytte til underliggjande statslån. Etter kvart som den eksisterande porteføljen av stats- og statsgaranterte papir forfell, må den delen som overstig 5 milliardar kroner, såleis replasserast som kontolån.

8.4 Folketrygdfondet sin balanse i 1998

Stats- og statsgaranterte obligasjonar og sertifikat (medrekna kontolån til statskassa knytt til underliggjande statslån) er hovudplasseringsforma til Folketrygdfondet. Ved utgangen av 1998 var 66,1 milliardar kroner plasserte i denne kategorien papir (rekna til kostpris), eller 63 prosent av dei samla plasseringane til fondet. Tilsvarande tal ved utgangen av 1997 var 61,2 milliardar kroner, dvs. 62,4 prosent av dei samla plasseringane.

Fondet sine samla plasseringar i private og kommunale obligasjonar og sertifikat utgjorde om lag 26,4 milliardar kroner ved utgangen av 1998, mot 26,6 milliardar kroner ved utgangen av 1997. Dette svara til høvesvis 25,2 og 27,1 prosent av dei samla plasseringane. Bankinnskota var på 234 millionar kroner ved det siste årsskiftet.

Folketrygdfondet har frå juni 1991 hatt høve til å plassere i eigenkapitalinstrument i form av børsnoterte aksjar, grunnfondsbevis og konvertible obligasjonar (jf. St.prp. nr. 69 for 1990 - 91 og Innst. S. nr. 228 for 1990 - 91). Den øvre ramma for plasseringar i aksjar blei, jf. over, utvida frå 15 til 20 prosent av fondet sin forvaltningskapital ved Stortinget sitt vedtak 28. oktober 1994. Øvre grense for eigenkapitalplasseringar var ved utgangen av 1998 21,6 milliardar kroner rekna på grunnlag av fondskapitalen rekna til kostpris inklusive opptente, ikkje utbetalte renter. Eigenkapitalplasseringane til fondet var på same tid på i alt 12,1 milliardar kroner (kostpris) fordelte på 50 ulike selskap. Av dette utgjorde plasseringar i grunnfondsbevis vel 0,4 milliardar kroner. Eigenkapitalplasseringane svara til 11,2 prosent av dei samla plasseringane til fondet. Plasseringane i eigenkapitalinstrument auka frå utgangen av 1997 til utgangen av 1998 med 1,9 milliardar kroner. Marknadsverdien av dei samla eigenkapitalplasseringane til fondet i form av aksjar, grunnfondsbevis og konvertible obligasjonar var ved utgangen av 1998 på 14,1 milliardar kroner. Fondet hadde såleis ein urealisert kursvinst på slike verdipapir på 2,0 milliardar kroner. Folketrygdfondet sine samla urealiserte kursvinstar (netto) og opptente ikkje utbetalte renter utgjorde 6,3 milliardar kroner ved utgangen av 1998.

Folketrygdfondet sine aksjar på Oslo Børs utgjorde om lag 3,4 prosent av heile børsen i 1998. Folketrygdfondet skriv i sin årsrapport mellom anna følgjande: «For å unngå at fondet får en høyere markedsandel i aksjemarkedet enn det som er likviditetsmessig tjenlig og risikomessig forsvarlig, har fondet ikke funnet det riktig å utnytte mer enn ca. 60 prosent av den ramme som er fastsatt for fondets plasseringer i aksjer og andre egenkapitalinstrumenter».

8.5 Resultatet til Folketrygdfondet

Det verdikorrigerte resultatet til Folketrygdfondet (dvs. medrekna urealiserte vinstar) var i 1998 på 145 millionar kroner. Dette svara til ein avkastningsrate på 0,1 prosent rekna på basis av fondet sin kapital ved inngangen til året. Avkastninga i 1997 var på 8,4 prosent. Avkastninga på fondet sine plasseringar i renteinstrument (obligasjonar, sertifikat og bankinnskot) var i 1998 på 4,4 prosent, mens avkastninga på aksjar var på - 23,4 prosent. Dette var 3,3 prosent betre enn avkastninga til totalindeksen på Oslo Børs. Folketrygdfondet hadde frå 1993 til utgangen av 1998 ei gjennomsnittleg årleg avkastning på eigenkapitalplasseringane på vel 16 prosent, dvs. på linje med børsindeksen.

Samla renteinntekter i 1998 var 6 550 millionar kroner, mens motteke aksjeutbytte var på 352 millionar kroner. Fondet hadde gjennom året ein auke i urealiserte verdipapirvinstar på aksjar og obligasjonar på - 6,7 milliardar kroner. Dei urealiserte kursvinstane var fordelte med - 4,6 milliardar kroner på aksjeporteføljen og - 2,1 milliardar kroner på dei resterande verdipapira.

Til forsida