St.meld. nr. 14 (2003-2004)

Om opplæringstilbod for hørselshemma

Til innhaldsliste

3 Sunnanåutvalet: Mandat, forslag og høringsfråsegner

For å følgje opp oppmodinga frå Kyrkje-, utdannings- og forskingskomiteen om ein gjennomgang av hørselsomsorga oppnemnde departementet 12.10.1999 ei arbeidsgruppe med utdanningsdirektør Sigmund Sunnanå som leiar. I arbeidsgruppa var det mellom anna representantar frå interesseorganisasjonane for hørselshemma (Norges Døveforbund og Hørselshemmedes Landsforbund), kommunane, arbeidstakarorganisasjonane og universiteta.

3.1 Mandatet

Arbeidsgruppa skulle mellom anna greie ut

  • den framtidige ansvars- og arbeidsdelinga mellom forvaltningsnivåa for elevar med heiltidsopplæring

  • andre oppgåver for hørselssentra

  • faglege, organisatoriske, administrative og økonomiske konsekvensar, og betalingsordninga

Rapporten vart overlevert i desember 2000. Det vart fremja fleire forslag til endringar.

3.2 Forslag frå utvalet

Utvalet fremma følgjande forslag som blir behandla i denne meldinga:

  • Barnehagetilbodet ved Skådalen kompetansesenter (heretter Skådalen) bør overførast til Voldsløkka barnehage, Oslo kommune. Voldsløkka barnehage er kommunen sitt tilrettelagde tilbod til hørselshemma førskolebarn.

  • Opplæringstilbodet ved Skådalen bør overførast til Vetland skole, Oslo kommune. Tilbodet er tilrettelagt for hørselshemma. Grunngivinga for å samle dei teiknspråklege elevane på Vetland er å sikre eit stort og rikt teiknspråkleg skolemiljø i Osloregionen. Samtidig vil alle elevane få nytte av tvillingskolemodellen ved Vetland og Oppsal skolar. Ein føresetnad for ei slik endring er at hørselshemma barn og elevar frå andre kommunar rundt Oslo kan få plass ved Vetland skole. Det vart foreslått at elevar frå Austlandet som treng eit butilbod i tillegg til skoletilbodet, må få plass på skolen ved Nedre Gausen kompetansesenter (heretter Nedre Gausen). Vetland skole må også kunne gi tilbod om deltidsopplæring for teiknspråklege elevar som får opplæring i heimeskolen.

  • Bjørkåsen vidaregåande skole bør overførast til Hordaland fylkeskommune. Fylkeskommunen driv dette tilbodet vidare som knutepunktskole.

  • Kongstein vidaregåande skole bør overførast til Rogaland fylkeskommune. Fylkeskommunen driv dette tilbodet vidare som knutepunktskole.

  • Det vidaregåande opplæringstilbodet som Andebu kompetanse- og skolesenter, AKS, gir til hørselshemma elevar med store funksjonsvanskar, held fram ved senteret. Dette tilbodet er for ei lita, men ressurskrevjande gruppe.

  • Skoletilbodet ved Briskeby HLFs skole og kompetansesenter (heretter Briskeby), bør overførast til Buskerud fylkeskommune, der det blir oppretta som knutepunktskole for tunghørte.

  • Staten held kontakt med Bodin vidaregåande skole i Bodø for å utvikle det tilbodet skolen har til hørselshemma elevar.

  • Staten bør gi bu- og miljøtilbod til elevar ved knutepunktskolane.

  • Audiopedagogtenesta i fylka bør styrkjast.

  • Tenestetilbodet i Nord-Noreg bør organiserast i samsvar med forslag frå brukarar og fagmiljø i landsdelen.

  • Betalingsordninga for opplæringstilboda bør halde fram som den noverande korreksjonsordninga, men med oppjustering av korreksjonssatsen.

Til forsida