St.meld. nr. 14 (2003-2004)

Om opplæringstilbod for hørselshemma

Til innhaldsliste

5 Skoletilbod og andre tenestetilbod for hørselshemma elevar i dag

5.1 Rettar etter opplæringslova

I samband med revideringa av forskrifta for grunnskolen 17. november 1994 vart det teke inn ein ny paragraf, § 2-4 Rett og plikt til opplæring av hørselshemma. Endringa skulle gjelde frå 1. juli 1997, da den nye læreplanen for grunnskolen, L97, vart teken i bruk. L97 fekk læreplanar for døve elevar i seks fag: teiknspråk som førstespråk, teiknspråk fordjuping, norsk for døve, engelsk for døve, engelsk fordjuping og drama og rytmikk for døve.

Etter forskrifta skulle elevane i grunnskolen få opplæring i teiknspråk og norsk i til saman 4066 timar i løpet av grunnskolen. Det vil seie 2033 timar utover det ordinære timetalet.

Med opplæringslova fekk elevane både i grunnskolen og i vidaregåande opplæring lovfesta rett til opplæring i og på teiknspråk: § 2-6 for grunnskolen og § 3-9 for vidaregåande opplæring. § 3-9 gir eleven høve til å velje opplæring i eit teiknspråkleg miljø eller opplæring med bruk av tolk i ein vanleg vidaregåande skole. (Om lag 80 teiknspråklege elevar har valt opplæring i vanlege vidaregåande skolar.)

Døve og sterkt tunghørte barn under opplæringspliktig alder har etter § 5-7 i opplæringslova rett til spesialpedagogisk hjelp. Kommunen kan i slike tilfelle be om råd og rettleiing frå eit kompetansesenter.

5.2 Organisering

5.2.1 Barnehagetilbod

Det er ei kommunal oppgåve å leggje til rette barnehagetilbod for hørselshemma barn, og fleire kommunar har barnehagar eller avdelingar for hørselshemma.

I Bergen samarbeider Vestlandet kompetansesenter med ein kommunal barnehage for hørselshemma. Barnehagen er lokalisert i bygget til grunnskolen ved senteret, Hunstad skole. Møller kompetansesenter (heretter Møller) driv på oppdrag av Trondheim kommune ein barnehage i lokala ved senteret. Nedre Gausen samarbeider nært med den kommunale Aulerød førskole for hørselshemma. Også Skådalen har ein barnehage der nabokommunane kjøper plass til hørselshemma barn. Betalinga for plass i hørselssenteret sin barnehage skjer direkte til senteret.

Oslo kommune har ein eigen barnehage for hørselshemma, Voldsløkka barnehage. I 2003 har denne barnehagen 15 hørselshemma barn og 12 hørande barn. Det blir arbeida bevisst med å få til samhandling mellom dei hørselshemma og dei hørande barna.

5.2.2 Tilbod på grunnskolenivå

I Oslo er det både ein kommunal og ein statleg grunnskole for hørselshemma elevar. Den kommunale skolen, Vetland skole, som har eksistert sidan 1916, har om lag 70 elevar og er den største skolen for hørselshemma i Noreg. Skolen er lokalisert saman med Oppsal skole (tvillingskole). Somme av elevane ved Vetland skole kjem frå kommunar i Akershus.

Den statlege skolen i Oslo er ved Skådalen og har om lag 40 elevar. Elevar frå kommunar i fylka Østfold, Oslo, Akershus, Hedmark og Oppland kan søkje plass ved skolen. Skolen har butilbod for elevar som har lang reise. Hausten 2002 var det 6 elevar frå Østfold og 3 elevar frå Hedmark som nytta butilbodet. I tillegg er det ei eiga skoleavdeling for døvblinde, og hausten 2002 var det 6 elevar og 2 av dei nytta butilbodet.

Stavanger kommune har tilrettelagde tilbod til døve elevar ved Auglend skole. Dette tilbodet kan også nabokommunane nytte. Skoleåret 2002-2003 er det 37 heiltidselevar og 9 deltidselevar ved skolen.

I tillegg er det tilrettelagde tilbod i mellom anna Fredrikstad og Porsgrunn. I Vestfold er det ei interkommunal hørselsavdeling ved Sem skole. I Tromsø går dei hørselshemma elevane nokre dagar i veka i heimeskolen, og resten av veka samlast dei på ein skole der dei får opplæring i eigne grupper.

Følgjande kompetansesentra for hørselshemma har også grunnskoletilbod: Nedre Gausen kompetansesenter i Holmestrand, AKS i Andebu, Vestlandet kompetansesenter ved Hunstad skole i Bergen og Møller kompetansesenter ved A.C. Møller skole i Trondheim. Sentra gir tilbod om skolefritidsordning.

Skolane har bu- og miljøtilbod for elevar som ikkje kan reise til og frå skolen dagleg. Det er i hovudsak elevar på ungdomstrinnet som nyttar butilbodet.

Sektorstyre hørsel har i samråd med departementet opna for at frå skoleåret 2002-2003 kan hørselshemma elevar med CI få opplæring med bruk av stemme og teikn som støtte, TSS.

Skolane gir også tilbod til deltidselevar. Dei fleste av deltidselevane er som regel den einaste døve eleven på heimeskolen, og opphaldet på senterskolen styrkjer opplæringa i og utviklinga av teiknspråket. Samværet med andre døve elevar er positivt for identitetsutviklinga til den enkelte.

Talet på heiltidselevar har gått ned dei siste åra, medan talet på deltidselevar har stige. Dette er ei utvikling ein reknar med vil halde fram, sett i lys av utviklinga innan medisinsk teknologi. Tabell 5.1 viser utviklinga av talet på elevar.

Tabell 5.1 Elevstatistikk, grunnskolane ved hørselssentra1

Skole94-9595-9696-9797-9898-9999-0000-0101-0202-03
A.C. Møller
Heiltidsskole454852474745414142
Deltidsskole626263848487
Internat2325191513879
Hunstad
Heiltidsskole535650525353464131
Deltidsskole162222242321252326
Internat1313111617171065
Skådalen
Heiltidsskole445350585247495044
Deltidsskole201927111024101318
Internat19231412141510119
Nedre Gausen
Heiltidsskole282425211716181818
Deltidsskole23810162320272425
Internat85433,53333
AKS
Heiltidsskole547891010106
Deltidsskole161819
Internat2
Sum heiltidsskole175185184186178171164160141
Sum deltidsskole594959113118128162162175
Sum internat406454504648312728

1 Tabellen viser kor mange elevar i 1.-10. klasse den enkelte skolen har.

Tabellen omfattar ikkje elevar ved skolen for døvblinde ved Skådalen.

Tabellen viser at talet på heiltidselevar har gått ned frå 186 skoleåret 1997-98 til 141 skoleåret 2002-2003. Talet på deltidselevar har stige frå 113 i 1997-98 til 175 skoleåret 2002-2003.

5.2.3 Tilbod i vidaregåande opplæring

Den eldste av dei fylkeskommunale skolane som er tilrettelagd for hørselshemma elevar, er Sandaker vidaregåande skole i Oslo. Skolen har ei eiga avdeling for dei teiknspråklege elevane, og dei fleste lærarane underviser på teiknspråk. Studieretningane ved skolen er allmenne, økonomiske og administrative fag, helse- og sosialfag og formgiving. Skolen har organisert grunnkursklassar og somme av dei vidaregåande kursa som eigne klassar for dei teiknspråklege elevane. Elles er elevane integrerte i vanlege klassar og bruker tolk. Talet på døve elevar ved skolen har dei siste åra vore om lag 30, skoleåret 2002-03 hadde skolen 27 hørselshemma elevar. Oslo kommune har også døve elevar som vel andre studieretningar ved andre skolar.

Etter 1996 har det komme to andre fylkeskommunale skolar med tilrettelagde tilbod for døve og sterkt tunghørte elevar. Til desse skolane kan hørselshemma elevar frå heile landet søkje. Dette er Sandefjord vidaregåande skole i Vestfold, og Heimdal vidaregåande skole i Sør-Trøndelag. Skolane har eit breitt tilbod: Sandefjord har 10 studieretningar, Heimdal 7. Talet på hørselshemma elevar var skoleåret 2002-03 for Sandefjord 24 døve og tunghørte. Heimdal hadde 19 døve elevar.

Desse tre vidaregåande skolane blir kalla knutepunktskolar.

Statlege tilbod om vidaregåande opplæring har ein ved Vestlandet kompetansesenter, ved AKS, og ved Briskeby skole og kompetansesenter.

Vestlandet kompetansesenter har to vidaregåande skolar: Bjørkåsen i Bergen og Kongstein i Stavanger.

Frå skoleåret 2000-2001 har det ikkje vore undervisning ved Kongstein vidaregåande skole. Bjørkåsen vidaregåande skole, som har vore den største av dei to skolane, gir opplæringstilbod i grunnkursa innan studieretningane allmenne, økonomiske og administrative fag, idrettsfag, helse- og sosialfag, mekaniske fag, hotell- og næringsmiddelfag og trearbeidsfag. Skolen tilbyr også VKI og VKII i allmenne, økonomiske og administrative fag, og VKI i somme av dei andre studieretningane. Ein føresetnad for at opplæringa i dei enkelte kursa kan bli sett i gang, har vore at det er nok søkjarar. Styret har vedteke at det skal vere minst 4 søkjarar for at kurset kan setjast i gang. For å ta vare på lærarkompetansen har skolen likevel fått dispensasjon til å drive kurs med berre 3 elevar. For å få større elevgrupper i enkelte fag samlar skolen elevane frå fleire kurs til felles undervisning i faga.

AKS gir tilrettelagd vidaregåande opplæring til døvblinde elevar og døve elevar med store funksjonsvanskar. Dette er ei krevjande elevgruppe som ein ikkje kan forvente at andre skolemiljø kan gi tilfredsstillande opplæringstilbod.

Det er tunghørte elevar som ikkje nyttar teikn som er målgruppa for Briskeby. Skolen er tilrettelagd med godt teknisk utstyr. Skolen baserer seg på talespråkleg opplæring og tilbyr også opplæring i munnavlesing, som er til stor hjelp for den tunghørte. Skolen samarbeider med nærliggjande fylkeskommunale skolar, slik at elevane får opplæring i felles allmenne fag ved Briskeby og i dei fleste studieretningsfaga ved dei fylkeskommunale skolane.

Tabell 5.2 Elevstatistikk, vidaregåande elevar ved hørselssentra

Senter94-9595-9696-9797-9898-9999-0000-0101-0202-03
Møller
Heiltidsskole054000000
Internat *254345
Vestlandet
Kongstein1512272925151300
Bjørkåsen394957625239413941
Heiltidsskole546184917754543941
Internat322440433827281813
Briskeby
Heiltidsskole434236242631311227
Internat
AKS
Heiltidsskole547101013101012
Internat7
Sum heiltidsskole10211213112511398956180
Sum internat322445454331312225

* Internattilbodet ved Møller er til elevar som får opplæring ved Heimdal vidaregåande skole.

Det er berre AKS som har deltidstilbod til elevar i vidaregåande opplæring. Det har berre vore éin elev som nytta dette tilbodet.

Skoletilbodet til døvblinde elevar er ikkje med i tabellen. Dei siste to åra har to døvblinde elevar fått vidaregåande opplæring ved Skådalen.

Det statlege spesialpedagogiske støttesystemet gir kvart år ut ein katalog med oversikt over dei opplæringstilboda som er tilrettelagde for hørselshemma, og som elevar frå heile landet kan søkje. I samband med inntaket samlast representantar frå dei fylkeskommunane som har knutepunktskolar og Statped til eit koordinerande inntaksmøte, der ein orienterer kvarandre om søkinga. Dersom ein av skolane ikkje kan gi tilbod til alle søkjarane, kan ein i fellesskap finne eit høveleg alternativ som ein kan tilby søkjaren. Til no har dette ikkje vore aktuelt.

Nordland fylkeskommune la frå skoleåret 2001-02 til rette for at Bodin vidaregåande skole i Bodø skal vere ein kompetanseskole for hørselshemma elevar. Skolen skal i tillegg til å vere tilrettelagd for å ha kompetanse for tunghørte, ha ansvar for å gi rettleiing til andre vidaregåande skolar som har hørselshemma elevar. Dette skjer i samarbeid med Spesialpedagogisk senter i Nordland, som er ein del av Statped.

I Rogaland byggjer fylkeskommunen opp kompetansen for undervisning av hørselshemma på Hetland vidaregåande skole. Denne skolen, som har allmennfagleg studieretning, har dei siste åra hatt ein del hørselshemma elevar. Elevar som ønskjer andre studieretningar, vil få tilbod ved andre skolar i fylket. Hetland vidaregåande skole skal fungere som rettleiar for andre vidaregåande skolar i fylket.

5.3 Tilbodet til hørselshemma frå det samiske miljøet

I Nordnorsk spesialpedagogisk nettverk er det ein samisktalande audiopedagog i 50 % stilling som skal ivareta behova til hørselshemma frå det samiske miljøet i Nord-Noreg. Det er også ei eiga eining i det Nordnorske nettverket som skal gi spesialpedagogisk støtte til samisktalande barn og unge.

Tilbodet frå Statped til dei tunghørte er som for norsktalande tunghørte. Barna, elevane og personalet får rettleiing frå nettverket, og dei får tilbod om kurs.

I alt er det årleg om lag 3-5 samiske elevar i grunnskolealder som nyttar teiknspråk. Teiknspråklege elevar som ønskjer opplæring i eit større teiknspråkleg miljø får tilbod om skoleplass ved A C Møller skole i Trondheim. Bur eleven på Austlandet, kan han eller ho få opplæring ved Vetland skole eller Skådalen skole.

Desse elevane lærer norsk teiknspråk. I samarbeid med Sametinget blir det utvikla enkelte spesialteikn som det er behov for i det samiske miljøet.

5.4 Tilbodet til døve og sterkt tunghørte elevar med minoritetsspråkleg bakgrunn

Ein veksande del av elevane ved skolane for hørselshemma er elevar som har framandspråkleg bakgrunn. Ved Vetland skole i Oslo er 27 av i alt 74 hørselshemma elevar framandspråklege.

Desse elevane får opplæring i norsk teiknspråk på lik linje med dei andre elevane. Dei får også opplæring i norsk.

Foreldra får også tilbod om opplæring i teiknspråk.

5.5 Samarbeid med hjelpemiddelsentralane

Rikstrygdeverket og Statped har hausten 2003 inngått ein Rammeavtale for samarbeid mellom fylkestrygdekontora v/hjelpemiddelsentralane og einingar i Statleg spesialpedagogisk støttesystem.

Avtalen legg opp til at Statped, sentra og fylkesledda, kan ha eit utval av hjelpemiddel som det kan vere aktuelt for brukaren å få tilpassa når vedkommande får rettleiing. Enkelte hjelpemiddelsentralar har hatt eit slikt samarbeid ei tid. Rammeavtalen skal sikre at dette blir tilfelle i alle fylka.

Hjelpemiddelsentralen utfører mellom anna målingar av akustikken i barnehagar og skolar som har hørselshemma elevar, og gir råd om korleis ein kan betre han. Hjelpemiddelsentralen installerer også teleslynge der det er behov for slikt utstyr.

Til forsida