St.meld. nr. 14 (2003-2004)

Om opplæringstilbod for hørselshemma

Til innhaldsliste

6 Departementet si vurdering av det samla framtidige opplæringstilbodet og butilbodet for heiltidselevar

6.1 Framtidig organisering av førskoletilbodet i Oslo-regionen

Omsynet til dei barna som nyttar teiknspråk, taler for at ein bør samle barnehagetilbodet på éin stad. Dette vil gi eit breitt og godt språkleg og sosialt miljø for barna. Barnehagetilbodet er eit kommunalt ansvar, og det kunne vore naturleg å samle tilbodet ved ein kommunal barnehage.

Voldsløkka barnehage, som er ått av Oslo kommune, ville vore den naturlege barnehagen å samle tilbodet ved.

I dag har ikkje Voldsløkka barnehage kapasitet til å inkludere barna ved Skådalen og til å gi eit godt tilbod.

Dette inneber at førskolen blir verande ved Skådalen kompetansesenter. Senteret bør likevel på lengre sikt arbeide for å få i stand samarbeid med Oslo kommune, slik at ein oppnå eit samspel mellom hørselshemma og hørande førskolebarn.

6.2 Framtidig organisering av grunnskoletilbodet i Oslo-regionen

Det minkande elevtalet ved skolane for hørselshemma gjer det vanskeleg å få til eit stimulerande teiknspråkmiljø og læringsmiljø. Eit felles skoletilbod i Oslo vil betre tilhøva. Oslo har lang tradisjon med å gi gode opplæringstilbod til hørselshemma grunnskolebarn ved Vetland skole. Ei kommunal løysing gir også elevane frå Skådalen utbytte av dei fordelane som tvillingskolemodellen gir. Å flytte elevane ved Vetland til Skådalen, eller at Skådalen skole blir ein statleg skole lokalisert på tomta til Vetland, vil ikkje gi den same gevinsten.

Departementet meiner at staten bør innleie forhandlingar om ein langsiktig avtale med Oslo kommune om overføring av skoletilbodet ved Skådalen til Vetland skole.

Elevar frå Skådalen som blir overførte til Vetland skole, og som treng eit tilrettelagt butilbod, må framleis få det ved Skådalen kompetansesenter. Dermed sikrar ein at deltidselevar som bur på Skådalen, får vere i eit teiknspråkmiljø på kveldstid.

Skolen for døvblinde elevar ved Skådalen kompetansesenter blir ikkje flytta til Vetland skole, men blir verande som ein del av Skådalen. Denne skolen er også i dag ein eigen skole.

Skoleåret 2002-2003 og prognosen for skoleåret 2003-2004 viser eit elevtal på om lag 40 elevar ved Skådalen skole. Dette elevtalet, saman med ein prognose for talet på deltidselevar, vil vere eit utgangspunkt for dimensjonering av rombehova ved Vetland skole.

Det er ein føresetnad at staten får ein langsiktig forpliktande avtale med Oslo kommune, som sikrar at elevar frå andre kommunar i Skådalen sin region kan få plass ved skolen. Heimkommunane til elevane skal betale direkte til Oslo kommune for opplæringstilbodet.

Avtalen må også omfatte eit skolefritidstilbod.

Vetland skole må også ha plass til deltidselevar som kjem frå regionen til Skådalen.

6.3 Grunnskoletilbod ved dei tre andre statlege kompetansesentra

Organiseringa av opplæringstilboda ved hørselssentra må utviklast slik at elevane ved senterskolane kan halde oppe kontakten med heimeskolen. Det må leggjast til rette for at elevar som ønskjer det, i delar av veka kan få opplæring ved heimeskolen og resten av veka vere elevar ved senterskolen.

Kvar av skolane ved kompetansesentra må lokaliserast saman med ein kommunal grunnskole for å kunne utnytte dei moglegheitene samlokaliseringa og tvillingskolemodellen gir.

Dette gjeld skolane ved Møller, Nedre Gausen og Vestlandet kompetansesenter. Statped bør vurdere å få i stand samarbeid mellom Nedre Gausen og den interkommunale hørselsavdelinga på Sem skole, som i 2002-2003 hadde 15 hørselshemma elevar. Departementet ser positivt på dei initiativa Statped har teke med sikte på å flytte Hunstad skole til ein kommunal grunnskole i nærleiken av Eikelund. Der er leiinga og utoverretta avdeling ved Vestlandet lokalisert.

Statped vil jamleg måtte vurdere organiseringa av skoletilbodet for døve basert på utviklinga i elevgrunnlaget.

6.4 Vidaregåande opplæringstilbod for hørselshemma

6.4.1 Evalueringa av opplæringstilboda ved knutepunktskolane

Det var frå fleire hald oppmoda om å få ei evaluering av opplæringa ved knutepunktskolane. Departementet gav Læringssenteret i oppdrag å få gjort ei slik evaluering, og Høgskolen i Sør-Trøndelag gjennomførte undersøkinga. Frå samandraget i rapporten kan siterast:

Helhetsinntrykket er at virksomheten ved knutepunktskolene går i riktig retning. Både tunghørte og døve elever synes det er positivt å gå i det ordinære tilbudet, og de fleste er svært fornøyde med det tilbudet de har. Døve elever sier det er viktig at flere tegnspråklige elever går på skolen, slik de kan tilhøre et tegnspråklig miljø. Det ser ut som knutepunktskolene har klart å etablere et slikt miljø, og at det bidrar til sosial trivsel. Elevene opplever også noen utfordringer. Blant annet kommer det frem at manglende tilrettelegging og en kommunikasjon basert på hørendes premisser, fører til at de får problem med å delta. Det nevnes også at enkelte skoler har stor tolkemangel, noe som fører til at de ikke har tolk i alle timene. Det fortelles også at de tror at enkelte lærere føler seg usikre på hvordan de skal forholde seg til dem. Derfor mener elevene det er viktig at lærerne får informasjon om det å undervise hørselshemmede elever. Lærerne er i stor grad enige med elevene.

Lærerne sier at de ønsker mer kompetanse og veiledning på det pedagogiske arbeidet. Flere sier at de er usikre på hvordan de bør tilrettelegge opplæringen. De savner kontakt med andre lærere som har døve elever og tettere samarbeid med kompetansesentrene. De savner også pedagogiske verktøy og læremateriell, og på noen skoler mangler de teknisk utstyr. Ledelsen sier at det brukes mye ressurser i forhold til planlegging av timeplaner og individuell opplæring. De merker også et økende behov for individuelle opplæringsplaner. En sentral posisjon i virksomheten er derfor rådgiveren. For å støtte lærerens arbeidssituasjon, ser det også ut som det er hensiktsmessig å organisere virksomheten med en egen avdelingsleder. Opplæring av døve og tegnspråklige elever i den ordinære virksomheten, forutsetter noen organisatoriske endringer på skolens praksis. En målrettet skoleutvikling, bør også være et fremtidig satsingsområde i knutepunktskolene.

Departementet vurderer det slik at undersøkinga i hovudsak viser at knutepunktskolane er eit positivt tiltak for dei døve elevane, og at dette må vere grunnlaget for den vidare utviklinga av opplæringstilbodet til døve elevar. Det er framleis ein del utfordringar, mellom anna er det fleire område der Statped med sin kompetanse kan bidra til at undervisninga ved knutepunktskolane blir betre.

6.4.2 Vurderingar og initiativ frå departementet

6.4.2.1 Kongstein vidaregåande skole

Søkinga til skolen i Stavanger har minka. Til skoleåra 2001-2002 og 2002-2003 var det berre éin reell søkjar. Derfor vedtok Sektorstyre hørsel å innstille skoledrifta ved Kongstein vidaregåande skole. Sektorstyret vurderte det slik at skolen vart oppretta etter behandling av stortingsmeldingane nr. 54 (1989-90) og nr. 35 (1990-91), og at sektorstyret derfor ikkje kunne leggje ned skolen.

Departementet vurderer det slik at med opprettinga av og erfaringane med dei nye knutepunktskolane har hørselshemma ungdommar funne tilfredsstillande opplæringstilbod nærmare heimstaden framfor å reise til Stavanger. Når det gjeld vidaregåande opplæringstilbod for dei kommande hørselshemma elevane i Rogaland, har fylkeskommunen i samarbeid med Vestlandet kompetansesenter sett i gang arbeid med å utvikle tilbod i Stavanger.

Departementet vil gå inn for at Kongstein vidaregåande skole blir lagd ned.

6.4.2.2 Bjørkåsen vidaregåande skole

Departementet har hatt kontakt med Hordaland fylkeskommune for å få ei vurdering av om fylkeskommunen er interessert i å overta dei opplæringstilboda som i dag er ved Bjørkåsen, og å etablere ein knutepunktskole. Responsen er positiv.

Departementet vil gå inn for at opplæringstilbodet ved Bjørkåsen vidaregåande skole blir overført til Hordaland fylkeskommune. Ved ei slik overføring vil lærarar frå Bjørkåsen vidaregåande skole følgje med, og den framtidige knutepunktskolen vil vere sikra ein stab av teiknspråkkunnige lærarar.

Knutepunktskolen må også vere tilrettelagd for og få kompetanse på undervisning av tunghørte elevar. Dermed kan skolen vere ein del av eit sikkerheitsnett, slik Briskeby er, for tunghørte elevar som ikkje maktar å fullføre opplæringa ved andre vidaregåande skolar.

Fylkeskommunen ønskjer ikkje å ta ansvaret for butilbod for tilreisande elevar. For elevar ved Sandefjord vidaregåande skole har stiftelsen Signo (Tidlegare Hjemmet for Døve) etablert og driv eit bu- og miljøtilbod. Dette tilbodet viser seg å vere ei god løysing. Signo har lang erfaring og driv mange tilbod til døve og døvblinde, mellom anna stiftelsen AKS.

Departementet vurderer det slik at når sentra ikkje skal gi eit vidaregåande opplæringstilbod, bør dei ikkje drive noko butilbod for elevar i vidaregåande opplæring. Da Sunnanåutvalet fremja sine forslag, var Signo sitt tilbod i den noverande forma enno ikkje utvikla og vart derfor ikkje vurdert.

Ein konsekvens av denne vurderinga er at det butilbodet Møller kompetansesenter gir til elevar ved Heimdal vidaregåande skole, bør overførast til eit bu- og miljøtilbod som er drive av Signo.

Det er ein føresetnad at staten får langsiktige og forpliktande avtalar med Hordaland fylkeskommune som sikrar eit breitt og fagleg godt opplæringstilbod som elevar frå heile landet kan søkje. Skulle ein ikkje få til ein tilfredsstillande avtale, må opplæringa halde fram ved Vestlandet kompetansesenter.

6.4.2.3 Skoletilbod for tunghørte ved Sandefjord vidaregåande skole.

Forslaget frå Sunnanåutvalet var å overføre skolen ved Briskeby til Buskerud fylkeskommune, slik at Buskerud kunne opprette ein knutepunktskole for tunghørte elevar. Tilbakemeldinga frå fylkeskommunen i samband med høringa av rapporten frå Sunnanåutvalet var at fylkeskommunen ønskte å overta heile Briskeby kompetansesenter, ikkje berre skoleavdelinga.

Etter departementet si vurdering var det ønskeleg at kompetansesenterdelen ved Briskeby heldt fram som ein del av Statped. Departementet valde da å undersøkje om Sandefjord vidaregåande skole kunne utvide knutepunktfunksjonen ved skolen til også å gjelde tunghørte elevar. Både skolen og fylkeskommunen er positive til ei slik utviding.

Ei slik overføring av opplæringstilbodet føreset at staten får i stand ein langsiktig avtale med Vestfold fylkeskommune.

Det blir lagt opp til at Statped vil halde fram med å kjøpe tenester til vidaregåande opplæring ved Briskeby enno ei tid. Når opplæringstilboda til tunghørte elevar ved knutepunktskolane fungerer tilfredsstillande, vil staten på nytt vurdere Sunnanåutvalet sitt forslag om at staten ikkje skal gi vidaregåande opplæring ved kompetansesentra.

Til forsida