St.meld. nr. 14 (2003-2004)

Om opplæringstilbod for hørselshemma

Til innhaldsliste

7 Flytting av Skådalen kompetansesenter til Huseby

Huseby kompetansesenter for synshemma vart for nokre år sidan ombygd og renovert. Senteret fekk meir funksjonelle lokale til aktivitetane. Det førte til at det vart ledige lokale, som styret har valt å halde på for å gjere det mogleg å samlokalisere Huseby og Skådalen kompetansesenter. I ventetida har bygningane delvis vore utleigde.

Huseby ligg sentralt til for tilreisande. Det er gode overnattingstilhøve, kursrom, symjehall og nærleik til grunnskole og vidaregåande skole.

Departementet tek sikte på at Skådalen kompetansesenter skal halde fram som eige senter, men blir flytt til dei ledige lokala ved Huseby kompetansesenter. Det vil seie at alle avdelingane utanom skolen for dei hørselshemma flytter til Huseby. Dersom ein ikkje får tilfredsstillande avtalar med Oslo kommune, flytter også skolen til Husebyområdet.

Når samlokaliseringa er gjennomført, vil det ikkje lenger vere behov for lokala på Skådalen, og husleigeavtalen med Statsbygg kan seiast opp.

Til forsida