St.meld. nr. 15 (2000-2001)

Nasjonale minoritetar i Noreg - Om statleg politikk overfor jødar, kvener, rom, romanifolket og skogfinnar

Til innhaldsliste

1 Oppsummering

1.1 Innleiing

Denne stortingsmeldinga er ei oppfølging av at Noreg i 1999 ratifiserte Europarådets rammekonvensjon om vern av nasjonale minoritetar. Ho er også ei oppfølging av Handlingsplan for menneskerettar, der ein gjennomgang av politikken overfor nasjonale minoritetar er eit av tiltaka.

Det finst i dag ikkje noko samla oversikt over politikken som gjeld eller er særlig relevant for nasjonale minoritetar, dvs. minoritetar med langvarig tilknyting til landet. Stortingsmeldinga er såleis den første heilskaplege gjennomgangen av prinsippa som skal liggje til grunn for statens politikk overfor jødar, kvener, rom (sigøynarar), romanifolket (taterane/dei reisande) og skogfinnar.

Meldinga drøfter ikkje politikken overfor samane, og ho tek heller ikkje opp politikken overfor nyare innvandrargrupper eller innvandringspolitikken. Ho tek likevel opp ein del generelle minoritetspolitiske spørsmål og får såleis konsekvensar for heile det feltet vi kallar politikk for eit kulturelt mangfaldig samfunn.

Regjeringa vil gjennom denne meldinga be om orsaking for dei grove overgrepa romanifolket har vore utsett for av eller med aktiv støtte frå legale norske styresmakter.

1.2 Politisk grunnlag for eit kulturelt mangfaldig Noreg

Regjeringas politikk har som utgangspunkt:

  • Kulturelt mangfald er ein rikdom for fellesskapet.

  • Alle, uansett bakgrunn, skal ha like høve, rettar og plikter til å delta i samfunnet og bruke sine ressursar.

  • Rasisme og diskriminering er i strid med dei grunnleggjande verdiane våre og må motarbeidast aktivt.

  • Det må leggjast til rette for openskap og tverrkulturell dialog.

  • Nokre verdiar og premissar, som respekten for menneskerettane og grunnleggjande demokratiske prinsipp, må vere felles for alle i Noreg.

  • Alle har rett til å skape sin eigen identitet, og alle med tilknyting til ein minoritet skal sjølve få avgjere å bli behandla som tilhøyrande ein nasjonal minoritet eller ikkje.

  • Gode oppvekstvilkår for barn og unge, og likestilling mellom kjønna, er politiske mål for politikken overfor nasjonale minoritetar på same måten som for resten av samfunnslivet i Noreg.

  • Det er eit mål at behova til dei nasjonale minoritetane, om mogleg, skal møtast innanfor dei generelle ordningane.

  • Særtiltak og tilpassing av generelle ordningar kan vere nødvendig på nokre område for å dekkje særlege behov hos minoritetane.

  • Retten til deltaking i samfunnslivet, og særleg i dei politiske avgjerdsprosessane, er ein grunnleggjande rett.

Regjeringa vil arbeide for eit samfunn som fremmar dei føresetnadene som er nødvendige for at personar som tilhøyrer minoritetar skal kunne uttrykkje, halde oppe og vidareutvikle sin identitet, både innanfor si eiga gruppe og i møte med resten av samfunnet.

Regjeringa tek sterk avstand frå dei overgrepa som har vore gjorde mot romanifolket. For å bøte på denne uretten vil Regjeringa opprette eit senter for dokumentasjon og formidling av kulturen og historia til romanifolket.

Regjeringa seier seg òg lei for den fornorskingspolitikken som har råka alle dei nasjonale minoritetane, og vil på staten sine vegner be om orsaking for den måten minoritetane er blitt behandla på.

1.3 Det internasjonale grunnlaget

Det internasjonale minoritetsvernet byggjer på ikkje-diskrimineringsprinsippet og prinsippet om likebehandling. Statane er forplikta til å arbeide for å sikre at minoritetane blir likestilte med majoritetsbefolkninga, både formelt og i praksis. Prinsippa om likebehandling og ikkje-diskriminering er nedfelte både i dei generelle menneskerettskonvensjonane og i særkonvensjonar som FNs rasediskrimineringskonvensjon og FNs barnekonvensjon.

Minoritetsrettane er i utgangspunktet formulert som rettar som individa har, saman med andre i si gruppe. Samtidig er det klart at minoritetsrettar ofte berre kan oppfyllast gjennom tiltak overfor heile gruppa, for eksempel når det gjeld massemedium, utdanning og vern av språk og kultur.

Den mest grunnleggjande føresegna i det internasjonale minoritetsvernet er artikkel 27 i FN-konvensjonen om sivile og politiske rettar. Ho slår fast at personar som høyrer til etniske, religiøse eller språklege minoritetar har rett til, saman med andre medlemmer av si gruppe, å dyrke sin eigen kultur, vedkjenne seg til og utøve sin eigen religion eller bruke sitt eige språk.

Rammekonvensjonen om vern av nasjonale minoritetar inneheld dels minimumsnormer for statane sin politikk overfor nasjonale minoritetar, dels mål som statane forpliktar seg til å arbeide for å nå. Statane skal leggje forholda til rette for at personar som høyrer til nasjonale minoritetar skal kunne gi uttrykk for, halde oppe og utvikle sin eigen identitet, sitt eige språk og sin eigen kultur, samtidig som minoritetane skal ha rett til full og effektiv deltaking i storsamfunnet.

Europarådet har også vedteke Den europeiske pakta for vern av regions- eller minoritetsspråk. Dei statane som har ratifisert pakta, deriblant Noreg, har teke på seg ei plikt til å setje i verk særskilde tiltak for å verne og styrkje minoritetsspråk.

1.4 Historia til dei nasjonale minoritetane i Noreg

Kvenene, romanifolket og skogfinnane kjem til syne i Noregs-historia alt på 1500- og 1600-talet. Alle dei fem minoritetsgruppene har over hundre år lang historie i Noreg.

Fornorskingspolitikken som blei ført overfor gruppene kan kallast for streng. Særleg overfor romanifolket har det vore ført ein hard assimileringspolitikk med verkemiddel vi i dag tek sterkt avstand frå. Historia til kvar enkelt gruppe blir utdjupa nærmare i kapittel 4.

1.5 Situasjonen for dei nasjonale minoritetane i dag

Da rammekonvensjonen om vern av nasjonale minoritetar blei ratifisert, var dei fleste av gruppene positive til det. Blant dei som høyrer til romanifolket var meiningane delte. I dag ser det ut til at konvensjonen i hovudsak blir oppfatta positivt i dei gruppene denne meldinga handlar om.

Dei fleste av jødane i Noreg er medlemmer av dei mosaiske trussamfunna i Oslo og Trondheim, som til saman har omtrent 1 100 medlemmer. Fleirtalet av desse bruker norsk til dagleg. Eit par hundre av jødane i Noreg bruker også hebraisk, mens nokre få eldre forstår jiddisk.

Truleg er det i dag er mellom 10 000 og 15 000 personar som reknar seg som kvener eller som personar av kvensk/finsk ætt i Noreg. Dei fleste bur i Finnmark og Nord-Troms. Kvensk/finsk språk er viktig som kjenneteikn og identitetsskapande faktor for gruppa, men fornorskingsprosessen har gjort at mange ikkje lenger snakkar anna enn norsk. Dei siste tiåra har det skjedd ei etnopolitisk mobilisering blant kvenene.

Den tradisjonelle gruppa av rom (sigøynarar) i Noreg omfattar truleg 300 til 400 personar, som alle er busette i Oslo-området. Språket deira blir kalla romanes. Mange av dei reiser i sommarhalvåret, både i Noreg og i utlandet. Rom i Noreg er organisert på storfamilienivå. International Romani Union har ein representant i Noreg.

Det finst ingen sikre tal på kor mange som tilhøyrer romanifolket (taterane/dei reisande) i Noreg i dag. Det kan vere tale om nokre tusen personar. Språket til romanifolket blir kalla romani. Ein veit ikkje kor mange som fullt ut kan romani. Dei seinare åra er det danna fleire organisasjonar for romanifolket.

Ein reknar med at det finst fleire hundre personar i Noreg som identifiserer seg som skogfinnar. Tidlegare snakka gruppa finsk, og finske ord og uttrykk er framleis i bruk på Finnskogen. Dei seinare åra har det skjedd ei revitalisering av finnekulturen. Det finst no fleire regionale og lokale organisasjonar som arbeider med den skogsfinske kulturen, dessutan organiserte nettverk med kontaktar over landegrensene.

1.6 Tiltak og arbeid frå styresmaktene

Regjeringa stiller seg bak målsettinga om at Noreg ikkje bør nøye seg med å leggje seg opp mot minstekrava i dei internasjonale menneskerettskonvensjonane. Regjeringa legg vekt på å følgje opp dei målsettingane som er nedfelte i Rammekonvensjonen om vern av nasjonale minoritetar og i Den europeiske pakta om regions- eller minoritetsspråk.

1.6.1 Samordningsansvar og sektoransvarsprinsippet

Ansvaret for samordning av politikken overfor nasjonale minoritetar er lagt til Kommunal- og regionaldepartementet. Prinsippet om sektoransvar gjeld framleis på alle fagområde, som kultur, utdanning og helse.

1.6.2 Minoritetane si deltaking i samfunnet

Regjeringa vil oppretthalde og utvikle dialogen med organisasjonane til dei nasjonale minoritetane også i framtida. Tilskotsordninga for nasjonale minoritetar blir ført vidare.

1.6.3 Skadeserstatning og rettferdsvederlag (billighetserstatning)

Personar som har vore utsette for overgrep frå offentlige myndigheiter, kan ha krav på erstatning etter vanlege norske erstatningsreglar. I tilfelle der erstatningskrav mot staten er rettsleg forelda og den skadelidne ville lide eit uforskyldt tap dersom forelding blir gjort gjeldande, vil påstand om forelding nesten utan unntak bli fråfalle. Det skal førast ein liberal praksis i saker der barn og unge har vore utsette for overgrep eller forsømming frå offentlege myndigheter. Fagdepartementa skal avgjere spørsmålet etter ei konkret vurdering av kva som er rimeleg i kvar enkelt sak.

Det blir dessutan i ein del tilfelle gitt rettferdsvederlag (billighetserstatning) til personar som har fått mangelfull skolegang, har vore utsette for feilbehandling i helsevesenet eller har vore utsette for feilvurderingar i samband med omsorgsovertaking av barn. Det er eit krav at søkjaren har kome spesielt dårlig ut. Rettferdsvederlag blir ytt på bakgrunn av konkrete overgrep som søkjarane har vore utsette for, ikkje fordi dei høyrer til ein nasjonal minoritet.

Gjennom jødebuoppgjeret blei det teke eit historisk og moralsk oppgjer med den behandlinga den jødiske minoriteten fekk under andre verdskrigen i Noreg. Den individuelle delen av oppgjeret er venteleg sluttført i 2000.

Regjeringa ber om orsaking for dei grove overgrepa romanifolket har vore utsett for av eller med aktiv støtte frå legale, norske styresmakter. For å bøte på denne uretten vil regjeringa opprette eit senter for dokumentasjon og formidling av kulturen og historia til romanifolket. Senteret blir plassert på Glomdalsmuseet på Elverum med sikte på byggjestart i 2002.

1.6.4 Utdanning og skole

Opplæring i skolen er ikkje alltid tilpassa folkegrupper som har reising som ein del av livsforma si (rom og romanifolket). Regjeringa legg like fullt til grunn at retten og plikta til opplæring gjeld på lik linje for alle barn. Det kan derfor vere behov for å utvikle undervisningsformer som kan praktiserast sjølv om elevane reiser ein del av sommarhalvåret.

Skolen er ein sentral samfunnsarena der dei nasjonale minoritetane bør synast.

Elevar kan i dag få undervisning i finsk som andrespråk i grunnskolen og vidaregåande skole. Det blir arbeidd med utvikling av læremiddel. Kyrkje-, utdannings- og forskingsdepartementet vurderer også ulike tiltak for å få kvalifiserte lærarar til finskopplæringa. Når det gjeld høgare utdanning, har Universitetet i Tromsø og Høgskolen i Finnmark ei viktig rolle i å verne om og føre vidare kvensk kultur og kvensk/finsk språk.

1.6.5 Barn og unge

Oppvekstmiljøet til barn og unge er eit av dei viktigaste satsingsområda til Regjeringa. Barne- og familiedepartementet har ei tilskotsordning for barne- og ungdomsorganisasjonar. Ordninga er utforma slik at ho også omfattar mindre organisasjonar, som for eksempel minoritetsorganisasjonar.

Ved vurdering av tiltak overfor barn som høyrer til nasjonale minoritetar, skal barnevernet ta omsyn til den etniske, religiøse, kulturelle og språklege bakgrunnen til barnet. Det skal utarbeidast ein nordisk kunnskapsstatus om barn og unge som skal inkludere kunnskap om barnevernet.

Barn som høyrer til nasjonale minoritetar blir omfatta av Barne- og familiedepartementet si tilskotsordning til tospråkleg assistanse i barnehagen. Barne- og familiedepartementet kan gi tilsegn om forsøksmidlar til tiltak i barnehagar som skal medverke til å utvikle kvensk kultur, språk og identitet.

1.6.6 Vern av språk, kultur og identitet

I framtida bør det vere eit hovudprinsipp at kulturelt mangfald skal synast i arkiv-, bibliotek- og museumssamanheng. Det er behov for ekstra satsing for å gi den mangfaldige kulturbakgrunnen i det norske samfunnet ein tydelegare plass på kulturfeltet.

Regjeringa vil opprette eit senter for dokumentasjon og formidling av kulturen og historia til romanifolket ved Glomdalsmuseet og medverke til at Kvæntunet i Porsanger blir gjennomført.

Forholdet mellom personvern og vern av dokumentasjon om overgrep (arkivvern) blir drøfta i tilknyting til «Taterregisteret» og «Åndssvakeregisteret», som er oppbevart i Riksarkivet. Regjeringa understrekar at omsynet til å ta vare på dokumentasjon om overgrep mot minoritetar skal vege tungt i avveginga mellom arkivvern og personvern, i samsvar med synspunkta til Romanifolkets Landsforening.

1.6.7 Minoritetsspråklege namn

Når det gjeld personnamn, sette Justisdepartementet ned ei arbeidsgruppe i 1999, som skal vurdere namnelova. Arbeidsgruppa vil vurdere endringar i namnelova m.a. når det gjeld nasjonale minoritetar.

Lov om stadnamn har blitt evaluert, og Kulturdepartementet vurderer for tida korleis evalueringsrapporten skal følgjast opp. I den samanhengen vil departementet vurdere kravet som Norske Kveners Forbund har sett fram, om bruk av kvenske stadnamn.

Regjeringa har opna for å godkjenne trespråklege kommunenamn på lik linje med tospråklege.

1.6.8 Minoritetane i media

Regjeringa meiner aktiv støtte til ytringsfridom og ytringshøve for minoritetane er eit viktig politisk tiltak i eit kulturelt mangfaldig samfunn.

Den kvenske avisa Ruijan Kaiku får auka det statlege tilskotet frå 250 000 kroner til 350 000 kroner i 2001. NRK Troms har kvar veke ei 12 minutts sending på finsk.

1.6.9 Sosial- og helsepolitikk

Norsk helse- og sosialpolitikk byggjer på at alle brukarar har same rett til å bli møtt med respekt for sin livssituasjon og kulturelle bakgrunn.

1.6.10 Arbeid mot rasisme og diskriminering

Regjeringa understrekar at staten har eit særskilt ansvar for å sikre at det blir sett i verk tiltak for å sikre likebehandling og motverke diskriminering. Eit av tiltaka er opprettinga av Senter mot etnisk diskriminering. Vidare er det sett ned eit utval som skal greie ut korleis vi kan styrkje det rettslege vernet mot etnisk diskriminering. Utvalet skal også leggje fram forslag til lov mot etnisk diskriminering.

1.6.11 Kunnskapsutvikling

Det er behov for meir systematisert forsking kring ulike problemstillingar knytte til dei nasjonale minoritetane og deira situasjon.

Barne- og familiedepartementet vil få utarbeidd ei nordisk kunnskapsoversikt om barn og ungdom frå nasjonale minoritetar.

Sosial- og helsedepartementet vil finansiere forsking og dokumentasjon omkring den ideologien som låg bak helse- og omsorgssektoren si behandling av eit framandt levesett som sjukdom. Departementet vil også kartleggje betre kva praksis som blei følgd i det psykiske helsevernet med omsyn til sjukleggjering av etnisk identitet.

1.7 Økonomiske og administrative konsekvensar

Løyvinga til senteret for dokumentasjon og formidling av kulturen og historia til romanifolket vil bli fremma i dei vanlege budsjettframlegga.

Til forsida