St.meld. nr. 16 (2005-2006)

Om samarbeidet i NATO i 2005

Til innhaldsliste

9 Oppsummering ved formannen etter møtet mellom utanriksministrane i Euroatlantisk partnarskapsråd, Brussel, 8. desember 2005

  1. Utanriksministrane og representantane for medlemslanda i Euroatlantisk partnarskapsråd (EAPC) møttest i Brussel i dag. Diskusjonane var konsentrerte om verdiane som ligg til grunn for den euroatlantiske partnarskapen, og om Afghanistan og Kosovo.

  2. Ministrane diskuterte fellesverdiane si rolle i den euroatlantiske partnarskapen, slik dei kjem til uttrykk i rammedokumentet for PFP og i grunnlagsdokumentet for EAPC. Dei minte om at desse verdiane er relevante for partnarskapen også i dag, og streka under behovet for å fremje respekten for dei i heile det euroatlantiske området. Dei meinte at diskusjonen burde halde fram innanfor EAPC om korleis ein best kan sikre at den politiske dialogen og det praktiske samarbeidet innanfor partnarskapsrammene reflekterer og støttar opp om desse fellesverdiane.

  3. Når det gjeld Afghanistan, såg ministrane med glede på dei positive utviklingstrekka i landet, mellom anna parlaments- og lokalvala. Dei merkte seg den viktige rolla NATO og partnarane våre spelar i Afghanistan, og såg positivt på den vedvarande ISAF-utvidinga. Dei diskuterte òg rolla til NATO i prosessen etter Bonn, og gledde seg over alliansevedtaket om å utvikle eit afghansk samarbeidsprogram; dette som svar på oppmodinga frå president Karzai om eit breitt og langsiktig tilhøve til NATO og i nært samråd med dei afghanske styresmaktene. Ministrane såg fram til London-konferansen og lova vidare støtte til den innsatsen verdssamfunnet gjer for å hjelpe den afghanske regjeringa.

  4. Med omsyn til Kosovo uttrykte ministrane støtte til tryggingsrådsvedtaket om å setje i gang statussamtalar om Kosovo, og såg positivt på utpeikinga av Martti Ahtisaarsi som FNs spesialutsending til å leie den politiske prosessen. Dei streka under at gjennomføringa av standardar i Kosovo må halde fram med uminska styrke og auka engasjement. Dei streka òg under behovet for eit robust KFOR-nærvær også i tida framover, og la vekt på at bidraga frå partnarane er verdifulle og viktige for denne operasjonen.

  5. Ministrane diskuterte dessutan framgangen i gjennomføringa av vedtaka frå Istanbul-toppmøtet om den euroatlantiske partnarskapen, og merkte seg rapporten frå formannen i denne saka. Særleg såg dei positivt på utviklinga av samarbeid med land i Kaukasus og Sentral-Asia, og oppmuntra til vidare framgang i gjennomføringa av program med sikte på å fremje reformer i forsvaret og politiske og institusjonelle reformer i vidare forstand.

Til forsida