St.meld. nr. 16 (2005-2006)

Om samarbeidet i NATO i 2005

Til innhaldsliste

2 Transatlantisk samkvem og samarbeid med andre organisasjonar

2.1 USA og Europa

Det uformelle toppmøtet i Brussel 22. februar 2005 stadfeste den transatlantiske verdi- og interessefellesskapen i alliansen. I tråd med dei forsikringane president George W. Bush gav på toppmøtet, viste USA i 2005 auka vilje til å bruke NATO som dialogforum og ramme for internasjonale operasjonar og tryggingspolitisk samarbeid. Desse forsikringane blei positivt mottekne av dei europeiske allianselanda. Dette har skapt ny vitalitet i NATO-arbeidet og vore sterkt medverkande til å hjelpe alliansen gjennom ein vanskeleg og til dels konfliktprega periode etter invasjonen av Irak. Støtta frå NATO etter orkanen Katrina i september vart høgt verdsett av USA trass i det avgrensa omfanget.

Til grunn for den amerikanske NATO-politikken låg eit ønske om å utvikle alliansen til eit tryggingspolitisk instrument til støtte for amerikanske utanriks- og tryggingspolitiske prioriteringar. USA tok til orde for å vidareutvikle NATO som arena for politisk dialog og operativt samarbeid, også med ikkje-medlemsland. USA ønskte dessutan å utvide spekteret av operasjonar og oppgåver som alliansen kan ta på seg i ulike delar av verda. Sentralt i dette stod etter kvart tankar om forsterka innsats i samband med trening og opplæring av dei militære styrkane i partnarstatane.

Dei amerikanske ambisjonane vekte ulike reaksjonar på europeisk hald. Mens dei fleste allierte delte ønsket om ein breiare politisk dialog i alliansen, var nokre europeiske allierte meir skeptiske. Dei la vekt på at NATO primært må vere ein militær organisasjon med eit regionalt mandat. Dei ønskte ikkje at alliansen skulle ha ei politisk rolle å snakke om eller engasjere seg operasjonelt på så breitt grunnlag som USA tok til orde for. Dette synet sprang m.a. ut frå eit ønske om å styrkje EU som internasjonal aktør, også i handteringa av tryggingspolitiske utfordringar utanfor Europa. Frankrike var den fremste talsmannen for dette, støtta i ulik grad av land som Belgia og Tyskland.

Semja som dei allierte kom fram til på toppmøtet i Istanbul i 2004 om ei NATO-treningsrolle i Irak, medverka til å skuve dei sterke motsetningane etter den amerikanskleidde invasjonen av Irak til side. Samtidig var USA og mange av dei allierte grunnleggjande usamde i sentrale spørsmål, mellom anna kor viktig FN og folkeretten skulle vere som grunnlag for militær maktbruk. Ulike syn på kor vidt militær makt burde og kunne brukast for å løyse nye tryggingsutfordringar, gjorde seg gjeldande i ei rekkje saker i løpet av året. Dette illustrerer at NATO-samarbeidet er gått inn i ein ny fase der ein må rekne med meir usemje og debatt mellom dei allierte enn det som har vore vanleg.

Signala frå USA om vilje til å auke bidraga til NRF og til NATO-operasjonar elles, blei godt mottekne på europeisk side, der slike signal vart oppfatta som uttrykk for eit ønske om å prioritere NATO.

Noreg har lagt stor vekt på eit godt transatlantisk samarbeid og eit sterkt amerikansk engasjement i NATO. Frå norsk side vart det understreka at NATO må brukast både som politisk forum og som effektivt militært instrument, samtidig som ein oppmoda andre allierte til å unngå å byggje ut konkurrerande strukturar eller å søkje løysingar utanfor alliansen. For Noreg har det særleg vore viktig å arbeide for å bevare NATO som det sentrale konsultasjonsforumet i spørsmål som rører ved tryggleiken til dei allierte.

2.2 Samarbeidet mellom NATO og EU

Dialogen mellom NATO og EU var i 2005 avgrensa til uregelmessige møte etter dei såkalla «Berlin Pluss»-ordningane, med informasjonsutveksling om tilhøve ved NATO- og EU-engasjementet i Bosnia-Hercegovina og tekniske konsultasjonar om utvikling av militære kapasitetar. Det lukkast ikkje å få i stand regelmessige diskusjonar om terrorisme eller andre felles utfordringar. Sjølv der ein arbeidde side om side, til dømes når det gjaldt å yte støtte til AU-operasjonen i Darfur (AMIS), var samarbeidet lite ope og prega av mangel på samkøyring.

NATO og EU vart i oktober 2005 samde om å etablere permanente militære liaisonordningar mellom dei to organisasjonane. Desse kom i hovudsak til å omfatte ei EU-celle ved det militære NATO-hovudkvarteret (SHAPE) og ein permanent NATO-liaison ved militærstaben i EU (EUMS). Ein nordmann blei den første offiseren frå eit land utanfor EU til å gjere teneste i det permanente NATO-liaisonelementet ved EUMS.

Den tidlegare tyske utanriksministeren Joschka Fischer føreslo i 2004 at ein skulle halde uformelle møte mellom utanriksministrane i NATO og EU. Dei to møta som vart arrangerte i 2005, forresten også med sveitsisk deltaking, viste seg å vere nyttige for å drøfte dagsaktuelle saker. Det har derimot ikkje lukkast å få i stand tilsvarande uformelle møte på andre nivå.

Frå norsk side vart det lagt vekt på at eit godt samarbeid mellom NATO og EU er viktig både for tryggleiken i Europa og for den samla evna hos dei allierte til å støtte opp om fred og stabilitet utanfor det europeiske kontinentet. Difor var det skuffande å sjå at det trass i store felles utfordringar – mellom anna i Ukraina, Darfur og Kosovo – ikkje lukkast å få til ein breiare politisk dialog og eit nærare samarbeid mellom dei to organisasjonane.

Det var fleire årsaker til at NATO/EU-samarbeidet ikkje utvikla seg slik mange hadde håpa. Mens Noreg og dei fleste andre allierte understreka at det var viktig å få i stand brei dialog og forpliktande samarbeid mellom dei to organisasjonane, ønskte eit fåtal tonegjevande EU-land å avgrense samarbeidet, for det første av omsyn til dei tryggingspolitiske ambisjonane i EU og for å sikre vedtaksautonomien i organisasjonen, for det andre for å redusere den amerikanske innverknaden på europeisk tryggingspolitikk. I tillegg hadde forholdet mellom Tyrkia og EU framleis konsekvensar for samarbeidet mellom NATO og EU, trass i at Tyrkia den 3. oktober 2005 innleidde forhandlingar om medlemskap med EU. Året igjennom sette Tyrkia seg imot formelle møte med Kypros og Malta representerte.

EU sine vedtak i 2004 om å etablere eigne innsatsstyrkar og å innleie eit tettare samarbeid om forsvarsmateriell, var klare uttrykk for europeiske tryggings- og forsvarspolitiske ambisjonar og for eit ønske om å byggje opp ein kapasitet som er uavhengig av støtte frå NATO. Innsatsstyrkane er dessutan viktige for at EU skal kunne støtte FN militært i krisehandteringsoperasjonar. Ønsket om å medverke til og påverke dette nye dynamiske samarbeidet var bakgrunnen for at Noreg vedtok å gå saman med Sverige, Finland og Estland i ein nordisk innsatsstyrke. Styrken skal telje inntil 1 500 personar, av desse ca. 150 frå Noreg, og skal vere klar til innsats frå første halvår 2008. På norsk side blei det òg lagt ned eit omfattande arbeid for å sikre best mogeleg kontakt med EU-organet for samarbeid på forsvarsmateriellområdet ( European Defence Agency – EDA), som tredde i funksjon 1. januar 2005. Ein bilateral avtale mellom Noreg og EDA vart underteikna i samband med det uformelle forsvarsministermøtet i Innsbruck 6.-7. mars 2006.

2.3 Samarbeidet med andre internasjonale organisasjonar

NATO-samarbeidet med andre internasjonale organisasjonar som FN og OSSE utvikla seg positivt i 2005. Den praktiske kontakten mellom NATO og FN fungerte godt i felten, mellom anna i Afghanistan og Kosovo. Jordskjelvskatastrofen i Pakistan og konflikten i Darfur førte til eit nærare samarbeid også på andre og nye område. Dette samarbeidet aksentuerte behovet for å drøfte retningslinjene for bistand frå alliansen i m.a. humanitære operasjonar. For Noreg var det viktig å understreke at NATO måtte reagere på oppmoding frå og til støtte for FN, medrekna underorgana, men at alliansen måtte supplere og styrkje, ikkje fortrengje den innsatsen dei sivile hjelpeorganisasjonane gjer.

Den politiske dialogen og samarbeidet mellom hovudkvartera til dei to organisasjonane utvikla seg derimot lite. Etter kvart som samarbeidet i operasjonar og krisesituasjonar av ulik karakter tiltok, auka behovet for ein meir omfattande dialog. Noreg tok difor til orde for eit utvida samarbeid, og spela ei sentral rolle i arbeidet med å utforme forslag til samarbeidserklæring mellom dei to organisasjonane.

Det nære samarbeidet mellom NATO og OSSE – både på politisk og praktisk plan – heldt fram i 2005. Samarbeidet på Balkan var spesielt nært. Etter kvart har dei to organisasjonane utvikla ein tettare dialog også i andre område der begge er engasjerte. Dette gjeld til dømes land i Sentral-Asia og Sør-Kaukasus, der begge utvikla konkrete prosjekt, ofte innanfor tilsvarande saksfelt. Det frivillige støttefondet for destruksjon av farlege kjemikaliar i Moldova, som Noreg støttar, er eit eksempel på konkret samarbeid mellom dei to organisasjonane.

Våren 2005 innleidde NATO også eit samarbeid med Den afrikanske unionen (AU). Utgangspunktet var at AU i april bad om assistanse til å transportere styrkar frå afrikanske land inn til AU-operasjonen i Darfur (AMIS). President Konaré i AU-kommisjonen gjesta NATO-rådet 4. mai 2005. Besøket markerte innleiinga til eit NATO-engasjement på det afrikanske kontinent.

Til forsida