St.meld. nr. 16 (2005-2006)

Om samarbeidet i NATO i 2005

Til innhaldsliste

4 Partnarsamarbeidet

Samarbeidet med partnarlanda utgjorde også i 2005 eit sentralt og integrert element i den samla NATO-verksemda. Alliansen styrkte dialogen med både partnarlanda og land utanfor partnarskapsrammene. Utviklinga har vist at partnarlanda ofte har svært ulike interesser og behov. Dette førte til ein diskusjon om kor vidt dagens partnarskapsstrukturar er tilpassa dei nye tryggingspolitiske utfordringane. Ein gjennomgang av partnarsamarbeidet vart difor innleidd i 2005, og vil vare ved fram mot NATO-toppmøtet i Riga. Denne gjennomgangen omfattar både dei breiare partnarskapsordningane og dei individuelle samarbeidsordningane med Russland og Ukraina.

4.1 Russland

Samarbeidet mellom NATO og Russland utvikla seg i positiv retning i 2005. NATO/Russland-rådet (NRC) stod fram som eit viktig politisk og praktisk samarbeidsinstrument mellom tidlegare motpartar.

Førebuingane til russisk deltaking med marinefartøy i den maritime overvakingsoperasjonen NATO driv i Middelhavet (OAE), heldt fram gjennom 2005. Det er venta at Russland vil slutte seg til operasjonen i siste halvdel av 2006. Dette vil gje NRC ein ny operativ dimensjon, og vonleg stimulere til ytterlegare operasjonelt samarbeid gjennom auka evne til militært samvirke mellom russiske styrkar og NATO-styrkar. Som eit ledd i denne prosessen godkjende den russiske forsvarsministeren og NATO-forsvarsministrane retningslinjene for interoperabilitet mellom militære styrkar frå NATO og Russland på forsvarsmininistermøtet i NRC 9. juni 2005.

Manglande russisk ratifikasjon av det juridiske rammeverket for partnaroperasjonar (den såkalla PFP Status of Forces Agreement – PFP SOFA) var likevel framleis ein hemsko for den vidare utviklinga av det praktiske militære samarbeidet.

Ei rekkje andre samarbeidsprosjekt og øvingar vart vidareutvikla i løpet av 2005, mellom anna eit felles samarbeidsprosjekt for luftovervaking og gjennomføring av ei ubåtredningsøving. Øvinga fann stad berre ein månad før den russiske miniubåten Pritz forliste utanfor Kamtsjatka-halvøya i august 2005. Ein omfattande redningsaksjon med alliert hjelp var medverkande til at alle om bord kom frå ulukka i live.

NRC-handlingsplanen mot terrorisme vart i 2005 utvida til òg å omfatte arbeid knytt til førebygging og kamp mot terroråtak og til handtering av konsekvensane av eventuelle åtak.

På det sivile området vart det på utanriksministermøtet i NRC i desember 2005 lansert eit pilotprosjekt i opplæring av afghansk og sentralasiatisk personell i kampen mot narkotika. Prosjektet reflekterte ei klar felles interesse i kampen mot narkotikatrafikken frå Afghanistan. Noreg er ein av dei største bidragsytarane til prosjektet, som etter planen skal setjast i gang sommaren 2006 i samarbeid med FN-kontoret for arbeid mot narkotika og kriminalitet (UNODC).

Mens det praktiske samarbeidet i NRC utvikla seg positivt i 2005, stilte det seg annleis med dei politiske konsultasjonane. Afghanistan og situasjonen i Kaukasus og på Balkan vart diskutert ved fleire høve. Debattane reflekterte i stor grad kjende synspunkt, og det viste seg vanskeleg å utvikle ein open og konstruktiv diskusjon i saker der Russland og dei allierte står lengre frå kvarandre, slik som konvensjonell rustingskontroll og situasjonen i Kaukasus og Sentral-Asia. Men eit nærare praktisk og operasjonelt samarbeid i NRC vil òg kunne stimulere den politiske dialogen.

Også på alliert side var det ulike syn på samarbeidet i NRC. Særleg nokre av dei nyare allierte stilte seg meir skeptisk til samarbeidet med Russland, og viste i denne samanhengen til negative utviklingstrekk i det russiske samfunnet. Andre allierte, deriblant Noreg, streka under at det var viktig å bruke NRC til å skape eit nærare og meir tillitsfullt samarbeid med Russland, sjølv om utviklinga ikkje gjekk i rett retning på alle område.

Før utanriksministermøtet i NATO/Russland-rådet 8. desember 2005 la utanriksminister Lavrov fram eit forslag om å gå gjennom samarbeidet i NRC med sikte på å styrkje forumet både operativt og som politisk konsultasjonsorgan. Siktemålet med dette initiativet var å gjere opp status for samarbeidet og skissere forslag til korleis det kan utviklast vidare.

Sett i eit norsk perspektiv har ein generelt vore tilfreds med utviklinga i tilhøvet mellom NATO og Russland. Heilt sidan NRC vart oppretta, har Noreg lagt vekt på den tillitsskapande funksjonen til samarbeidet, og vil leggje vekt på dette også i tida framover. Samtidig vil vi medverke til å fylle samarbeidet med mest mogeleg konkret innhald.

4.2 Ukraina

Valet i Ukraina i desember 2004 og det påfølgjande regimeskiftet i byrjinga av 2005 løfta samarbeidet med NATO opp på eit nytt nivå. Utanriksministrane frå Ukraina og NATO vedtok 21. april 2005 å innleie ein «intensivert dialog». Ukrainske styresmakter gav uttrykk for ønske om deltaking i det medlemskapsførebuande programmet (MAP) i løpet av 2006, med sikte på full medlemskap saman med dei noverande tre MAP-landa, helst allereie i 2008. NATO krev at MAP-status skal vere prestasjonsbasert, og Ukraina må difor oppfylle ei rekkje krav til m.a. omstillingar i forsvaret før nasjonen kan innlemmast i MAP.

Fleire konkrete samarbeidsprosjekt vart sette i gang som ledd i den intensiverte dialogen. Ukraina forplikta seg til å forsterke arbeidet med å gjennomføre reformer på viktige område, mellom anna omstillingar i forsvaret og i politiske og juridiske institusjonar og intensivering av arbeidet mot korrupsjon. Eit samla NATO understreka at medlemskap i alliansen vil vere avhengig av at Ukraina kan vise til konkrete resultat i reformarbeidet. Det vart understreka at dialogen ikkje er nokon snarveg til medlemskap, men eit hjelpemiddel på vegen mot MAP-status og ei eventuell seinare innmelding i alliansen.

Ukraina intensiverte i 2005 arbeidet med å omstille forsvaret og tryggingsstyrkane. Mens det ved årsskiftet 2004/2005 var president Viktor Justsjenko og regjeringa som var pådrivarar for reformene, er framdrifta etter kvart flytta meir over til institusjonane der reformene skal gjennomførast. Både i forsvaret og i dei hemmelege tenestene, som tidlegare var sterkt medverkande til menneskerettsbrot, har det i løpet av året utvikla seg ei aukande forståing for behovet for omfattande reformer.

Hovudoppgåva for Ukraina i 2005 var å følgje opp planlegging og kartlegging av utfordringane med konkret handling. Men ressurssituasjonen på ukrainsk side var vanskeleg, og landet hadde lite rom for nyinvesteringar. NATO hjelpte Ukraina på ei rekkje område, mellom anna gjennom samarbeidet i arbeidsgruppa for forsvarsreform ( Joint Working Group on Defence Reform ) og gjennom diverse konkrete prosjekt. Noreg signaliserte i 2005 støtte til eit nytt prosjekt for auka kompetanse hos sivilt tilsette i det ukrainske forsvarsdepartementet og i ukrainske tryggingsstrukturar. Noreg vil medverke med både økonomisk midlar og opplæringstilbod innanfor ramma av dette prosjektet i 2006. Noreg bidrog òg til eit NATO-støttefond for destruksjon av handvåpen, ammunisjon og luftvernmissil. Denne støtta vil bli vidareført i 2006. Noreg vil styrkje forsvarssamarbeidet med Ukraina i 2006 for å støtte opp om arbeidet med viktige reformer i det ukrainske forsvaret.

4.3 Euroatlantisk partnarskapsråd (EAPC)

I tillegg til NATO-medlemmene omfattar EAPC i hovudsak fire grupper land: dei tre landa på Balkan (Albania, Kroatia og Makedonia) som deltek i det medlemskapsførebuande programmet ( Membership Action Plan – MAP), dei tre landa i Sør-Kaukasus (Armenia, Aserbajdsjan og Georgia) som har individuelle samarbeidsprogram med NATO, landa i Sentral-Asia (Kasakhstan, Kirgisistan, Tadsjikistan, Turkmenistan og Usbekistan) og dei alliansefrie vesteuropeiske partnarane (Austerrike, Finland, Irland, Sveits og Sverige). Medlemmene av EAPC utgjer såleis ei svært lite homogen gruppe.

Kroatia, Albania og Makedonia er allereie inne i ein prosess i retning av medlemskap gjennom MAP-deltakinga. Arrestasjonen av den krigsforbytartiltala general Gotovina i desember 2005 opna for ytterlegare tilnærming mellom NATO og Kroatia, sjølv om viktige tiltak stod att både med omsyn til forsvarsreformer og til minoritetsrettar. Makedonia gjennomførte ei lang rekkje reformer i samband med NATO-søknaden sin, mens Albania enno hadde mykje ugjort, særleg når det gjaldt justisreform og arbeidet mot korrupsjon.

Noreg arbeidde for at NATO skal leggje til grunn eit perspektiv som gjer det mogeleg å integrere alle landa på Vest-Balkan. Eit slikt heilskapleg, regionalt perspektiv er av stor verdi for å støtte opp om stabilitet og utvikling i heile regionen, medrekna dei to landa som framleis ikkje er med i noka form for formell partnarordning med NATO, nemleg Bosnia-Hercegovina og Serbia og Montenegro.

Noreg støtta Serbia og Montenegro på ei rekkje område i 2005. Eit norsk framlegg om å opprette ei formell ramme for samarbeid innan forsvarsreform, den såkalla Defence Reform Group , vart vedteke i NATO i februar 2006. Noreg var også pådrivar for utarbeidinga av ein langtidsplan for forsvaret, eit arbeid som vart kontinuerleg samordna med NATO-sekretariatet. Vidare var Noreg, ikkje minst gjennom ansvaret for NATO-kontaktambassaden i Beograd, aktivt involvert i dialogen mellom NATO og lokale styresmakter. Noreg tok òg på seg ei leiarrolle i opprettinga av eit NATO-støttefond ( Trust Fund ) for assistanse til militært personell som blir overflødig på grunn av omleggingar i forsvaret. Det norske tilskotet på halvannan million euro utgjer det største enkeltbidraget.

Samarbeidet mellom NATO og Beograd vart såleis monaleg utvida i 2005, i stor grad som følgje av norske initiativ. Likevel kunne verken Serbia og Montenegro eller Bosnia-Hercegovina tilbydast medlemskap i Partnarskap for fred. Det var brei semje blant dei allierte om at fullt samarbeid med ICTY, med utlevering av Ratko Mladic og Radovan Karadzic til domstolen, framleis var ein klar føresetnad for slik medlemskap.

Alle dei tre landa i Sør-Kaukasus gav uttrykk for ønske om breitt samarbeid med NATO. I 2005 var Georgia det landet som var komme lengst i tilnærminga til NATO, men også samarbeidet med Aserbajdsjan og Armenia vart styrkt. Frå georgisk side var målsetjinga å få MAP-status allereie i 2006, for deretter å vere aktuell for medlemskap i neste utvidingsrunde. Frå alliert hald har ein lagt vekt på at eit forsterka samarbeid med NATO – og på sikt medlemskap i alliansen – først og fremst vil vere avhengig av omfattande politiske, juridiske og forsvarsmessige reformer i Georgia, forutan at territoriale stridsspørsmål må vere avklara.

Av dei sentralasiatiske landa hadde Kasakhstan hatt størst framgang i samarbeidet med NATO. NATO-engasjementet overfor Kasakhstan var i første rekkje av praktisk karakter, og fokuserte i 2005 på støtte til forsvarsreformer. Også dei andre landa i regionen, med unntak av Usbekistan, deltok i ulike partnarskapsaktivitetar i løpet av fjoråret.

Tilhøvet til Usbekistan vart grundig diskutert i NATO etter den brutale framferda til styresmaktene under demonstrasjonane i Andijan i mai 2005. Overgrepa vart sterkt kritiserte av NATO, som oppmoda usbekiske styresmakter til å akseptere ein internasjonal granskingskommisjon. Det praktiske samarbeidet vart deretter «frose», med det til følgje at Usbekistan valde å halde seg borte frå møte i NATO. Denne situasjonen reiste spørsmål om korleis NATO bør reagere mot partnarland som bryt grunnleggjande demokratiske prinsipp. Det var brei semje blant dei allierte om at partnarsamarbeidet må vere eit verdibasert samarbeid, og at NATO har eit politisk og moralsk ansvar for å reagere i slike situasjonar.

Dei vesteuropeiske partnarane, særleg Sverige, Finland og Austerrike, heldt i 2005 fram med å yte viktige bidrag til NATO-operasjonane på Balkan og i Afghanistan. Sverige stilte om lag 400 personar, Austerrike og Finland om lag 500 kvar, i NATO-leidde operasjonar. Det operative NATO-samarbeidet med desse landa auka både i omfang og innhald. Dei vesteuropeiske partnarane har òg engasjert seg sterkt i den politiske dialogen innan EAPC, ikkje minst med omsyn til det verdimessige grunnlaget for samarbeidet. For Noreg var det framleis eit prioritert mål å arbeide for ei styrking av samarbeidet mellom NATO og desse nettobidragsytarane til ulike NATO-aktivitetar. I praksis er det desse landa sjølve som må definere sitt forhold til NATO.

4.4 Middelhavslanda og Midtausten

Arbeidet med å vidareutvikle både den politiske dialogen og det praktiske samarbeidet med land i Nord-Afrika og Midtausten heldt fram i 2005, med utgangspunkt i vedtaka på NATO-toppmøtet i Istanbul i 2004. NATO-engasjementet overfor landa i dei to samarbeidsrammene bygde på eit ønske om å støtte opp om ein reformprosess i retning av meir demokrati og innsyn, og å opprette nye partnarskapar i kampen mot internasjonal terrorisme.

Utanriksministermøtet med dei sju landa i Middelhavsdialogen i desember 2004, og gjestinga av generalsekretæren i dei same landa (Algerie, Egypt, Israel, Jordan, Marokko, Mauritania og Tunisia) i 2005, gav samarbeidet ny styrke. Også forsvarssjefane frå desse landa og frå NATO-landa møttest i 2005. Det første møtet på forsvarsministernivå vart halde i Taormina på Sicilia i februar 2006.

Det praktiske samarbeidet med landa i Middelhavsdialogen vart intensivert i 2005. Særleg vart styrking den militære interoperabiliteten vektlagt som ein føresetnad for å kunne opptre saman i internasjonale operasjonar. Også styrking av samarbeidet mot internasjonal terrorisme vart prioritert. Fleire av desse landa har vist interesse for å delta i OAE i Middelhavet.

Samarbeidet innanfor ramma av Istanbul Cooperation Initative (ICI) var i 2005 framleis i ein innleiande fase. I løpet av året slutta Kuwait, Dei sameinte arabiske emirata, Qatar og Bahrain seg til initiativet. Det var òg kontaktar mellom NATO og Saudi-Arabia og Oman. Det vart utarbeidd eit generelt arbeidsprogram med ICI-landa for 2006 med vekt på praktiske samarbeidsaktivitetar, mellom anna i kampen mot terrorisme, forsvarsreform, ikkjespreiing, sivil beredskap og militært samarbeid.

4.5 Kontaktland

NATO vidareførte i 2005 dialogen med dei såkalla kontaktlanda, ei gruppe som m.a. omfattar Australia, New Zealand, Japan og Sør-Korea, både gjennom møte i hovudkvarteret og ved at NATO-generalsekretæren gjesta fleire av dei. Formålet med samarbeidet er å etablere ein politisk dialog om globale tryggingsutfordringar, og å leggje grunnlaget for støtte til og eventuell deltaking i NATO-leidde operasjonar. Det vart særleg lagt vekt på konsultasjonar med dei av kontaktlanda som deltek eller vurderer å delta i ISAF (Australia og New Zealand).

Fleire sentrale allierte uttrykte i 2005 eit ønske om å leggje til rette for nærare politisk og operativt samarbeid med kontaktlanda. Det er venta at dette spørsmålet vil bli teke opp i drøftingane om innretninga av NATO-partnarskapane i tida fram mot toppmøtet i Riga.

Til forsida