St.meld. nr. 16 (2005-2006)

Om samarbeidet i NATO i 2005

Til innhaldsliste

2 Sluttkommuniké, Brussel, 9. juni 2005 Ministermøte i Forsvarsplanleggingskomiteen og Kjernefysisk planleggingsgruppe

  1. Forsvarsplanleggingskomiteen og Kjernefysisk planleggingsgruppe var samla til ministermøte den 9. juni 2005.

  2. Diskusjonane var konsentrerte om resultata etter gjennomgangen av nasjonale forsvarsplanar for 2004/5, og i kva grad nasjonane vil oppfylle styrkemåla som vi i fellesskap har avtala. Vi gav òg rettleiing til ei oppdatering av NATO-styrkemåla neste år, og såg fram til å få desse til godkjenning på møtet vi skal ha i juni 2006.

  3. Kollektivt held nasjonane fram med å gjere styrkane og kapasitetane sine betre skikka til oppfylle alle aktuelle allianseoppdrag og til å stette dagens ambisjonsnivå i NATO. Men desse styrkane og kapasitetane er ikkje likeleg fordelte mellom allianselanda, og kvaliteten varierer sterkt: Ikkje alle er eigna eller har rette strukturen til å ta seg av alle typar oppdrag. Vidare skortar det på mange sentrale nettverks- og støttekapasitetar, eller det er berre nokre få nasjonar som har dei. Difor må vi både samla og kvar for oss auke innsatsen for sikre at dei styrkane alliansen treng, er tilgjengelege på nødvendig beredskapsnivå, i tilstrekkeleg tal og med dei evner som skal til for å utføre avtala oppgåver der det måtte vere behov for det.

  4. Alliansestyrkar er framleis tungt engasjerte i operasjonar for å tryggje og stabilisere situasjonen på mange ulike krigsskodeplassar. På same tid arbeider vi med å setje NATO-reaksjonsstyrken (NRF) i fullt operativ stand. Krava til styrkane blir ikkje mindre etter kvart, men heller større. Difor må vi prøve å sikre at både NRF og dei styrkane som trengst til operasjonar, er tilgjengelege og i stand til å oppfylle dei oppgåvene dei måtte bli bedne om å ta på seg. Dette er framleis gjennomgangstemaet i den pågåande omforminga av NATO-kapasitetane, noko som talar for at styrkeplanlegginga framleis må fokusere på både kvalitet og kvantitet i deployerbare og uthaldande felles ekspedisjonsstyrkar. Vi stadfester at vi samla og kvar for oss aktar å rette på dei manglane som framleis gjer seg gjeldande på kritiske område.

  5. Dei fleste allierte er no i ferd med å utvikle styrkar som er mindre i omfang, men meir effektive og allsidige. For første gong på fleire år ventar over halvparten av nasjonane ein auke i forsvarsløyvingane, og dei fleste andre reknar med at forbruket reelt vil halde seg på minst same nivå som no. Men med aukande driftskostnader er forsvarsbudsjetta i mange tilfelle framleis for små til å dekkje dei behova den gjennomgripande omstruktureringa og moderniseringa inneber. Dei fleste allierte har hatt framgang i arbeidet med å tilpasse styrkestrukturane etter moderne krav, men potensialet for omstrukturering og reinvestering av forsvarsmidlar i robuste, allsidige ekspedisjonsstyrkar er framleis stort.

  6. Trass i at det er framgang å spore, gjer manglar på sentrale nettverkskapasitetar og ubalanse mellom deployerbare kamp- og støttestyrkar at mange nasjonar har avgrensa evne til å stille einingar og halde dei ved like i krevjande operasjonar langt borte frå NATO-territorium. Vi oppmoda alle nasjonar til å fornye sitt engasjement for å utvikle dei styrkane og kapasitetane som trengst for å oppfylle operasjons- og omdanningsmåla våre.

  7. På det første møtet i Kjernefysisk planleggingsgruppe med nye medlemmer til stades, gjekk vi gjennom status for kjernevåpenstyrkane i NATO og arbeidet til høgnivågruppa, og stadfeste på ny at grunnprinsippa for kjernevåpenpolitikken og styrkeoppsettet i NATO framleis gjeld slik dei er nedfelte i det strategiske konseptet, som stadfester det grunnleggjande politiske formålet med kjernevåpenstyrkane i NATO: å bevare freden og hindre tvang. I denne samanhengen har det lenge vore ei forpliktande målsetjing for alliansen å auke tryggleiken og stabiliteten med eit lågast mogeleg styrkenivå som samtidig tilfredsstiller krava til kollektivt forsvar og avskrekking, ei målsetjinga som framleis står ved lag.

  8. Dei NATO-forplikta kjernevåpenstyrkane med base i Europa er framleis eit sentralt politisk og militært bindeledd mellom dei europeiske og nordamerikanske medlemmene av alliansen. Vi merkte oss med glede at dei uavhengige britiske kjernevåpenstyrkane framleis medverkar til avskrekking og til den samla tryggleiken for dei allierte, og stadfeste verdien av denne kapasiteten.

  9. Dei NATO-allierte har lenge stått fast på kjernefysisk rustingskontroll, nedrusting og ikkje-spreiing som ein integrert del av tryggingspolitikken. Vi streka under det viktige i å etterleve og styrkje eksisterande multilaterale regime for ikkje-spreiing og eksportkontroll og internasjonale rustingskontroll- og nedrustingsavtalar.

  10. På møtet i Kjernefysisk planleggingsgruppe fokuserte vi på hovudspørsmåla som vart tekne opp under tilsynskonferansen for avtalen om ikkje-spreiing av kjernefysiske våpen (NPT) i New York. Vi stadfeste at vi heilt og fullt er forplikta til NPT og målsetjinga om universell etterleving av avtalen. Vi stadfeste at vi framleis er forplikta til å oppfylle alle våre tilsegner etter avtalen. Vidare understreka vi at vi er forplikta til å forsterke avtalen og å sikre at alle partsstatar fullt ut oppfyller han.

  11. Vi såg positivt på det vedtaket Libya gjorde i desember 2003 om å gje avkall på det hemmelege kjernevåpenprogrammet og å oppfylle sine tilsegner etter NPT, og på framgangen landet seinare har gjort på dette punktet. Vi diskuterte farane ved spreiing av kjernevåpen, og sa oss djupt uroa over dei alvorlege utfordringane NPT har stått overfor den seinare tida som følgje av at somme statar har brote avtalen, noko som kan ha negative konsekvensar for stabiliteten og tryggleiken på regionalt plan. Vi tek sterkt til orde for at alle nasjonar må samarbeide om å stanse spreiinga av kjernevåpen.

  12. Vi stadfeste det viktige i at kjernevåpenekspertar fører materielle og produktive samtalar i regi av NATO/Russland-rådet med sikte på å oppnå større gjensidig forståing og tillit og dermed auka tryggleik. Vi er oppmuntra over framgangen i desse konsultasjonane, og ser fram til aktivt samarbeid for å oppnå ytterlegare framgang i tillitsbygginga. Som eit ledd i dette ser vi fram til meiningsutvekslingar på framtidige møte og til dei planlagde feltdemonstrasjonane i samband med ulike tryggleiksspørsmål i tilknyting til kjernevåpen.

Til forsida