St.meld. nr. 16 (2005-2006)

Om samarbeidet i NATO i 2005

Til innhaldsliste

4 Fråsegn, Brussel, 9. juni 2005 Møte i NATO/Russland-rådet på forsvarsministernivå

  1. Som forsvarsministrar i NATO/Russland-rådet møttest vi i Brussel 9. juni 2005. Vi gledde oss over oppnådd framgang i forsvars- og militærspørsmål i NRC-samanheng, ein framgang som har medverka til tryggleik og stabilitet i det euroatlantiske området. Vi er fast bestemte på å byggje vidare på desse resultata, og vil vidareutvikle det praktiske samarbeidet oss imellom og evna til å reagere på stadig fleire nye truslar og utfordringar.

  2. I denne samanhengen såg vi positivt på at Russland underteikna styrkestatusavtalen for Partnarskap for fred den 21. april 2005. Når avtalen trer i kraft, blir det betre høve til å få i stand konkret, praktisk samarbeid mellom NATO og Russland, og evna til å arbeide og handle i fellesskap blir styrkt.

  3. Vi sa oss på ny fast bestemte på å styrkje samarbeidet oss imellom for å hindre terrorisme, slå tilbake terroristverksemd og handtere følgjene av terrorhandlingar. Med dette som mål vil vi arbeide mot full gjennomføring av NRC-handlingsplanen mot terrorisme, som vi vart einige om i desember 2004. Vi merkte oss statusrapporten om militært samarbeid i kampen mot terrorisme, og såg positivt på vidare innsats på dette området, mellom anna gjennom øvingar og opplæring. Vi ser fram til NRC-konferansen om erfaringar frå terrorangrep i seinare tid, som skal haldast i slutten av juni.

  4. Vi gjekk gjennom planar og førebuingar til russisk støtte til NATO-operasjonen Active Endeavour i Middelhavet, som har til mål å avskrekke, stanse og verne mot terrorisme. Vi såg positivt på utviklinga av eit omfattande opplæringsprogram der russiske fartøy vil nytte alle høve til samarbeid i 2005.

  5. Vi utveksla synspunkt på aktuelle internasjonale tryggingsspørsmål, og gjekk gjennom situasjonen på Balkan, i Afghanistan og i Irak. Vi diskuterte òg saker som gjeld tryggleik og stabilitet i Sentral-Asia, mellom anna Usbekistan.

  6. Vi slutta oss til den politisk-militære rettleiinga for auka interoperabilitet mellom styrkar frå Russland og NATO-land, som saman med ei snarleg gjennomføring av styrkestatusavtalen vil leggje tilhøva til rette for auka interoperabilitet mellom styrkane våre. Vi gledde oss over framgangen i det fagmilitære samarbeidet, særleg gjennomføringa av arbeidsplanen for militærrepresentantane i NRC for 2005 og vidare, medrekna lista over aktivitetar i samband med det avtala rammeprogrammet for interoperabilitet, og såg positivt på at den 15. motoriserte riflebrigaden og andre militæreiningar deltek i dette programmet, ettersom desse vil kunne ha ei rolle å spele i framtidige operasjonar.

  7. Vi diskuterte samarbeidet om forsvarsreform og utveksla synspunkt på vegen vidare. Vi såg positivt på framgangen som er oppnådd i gjennomføringa av arbeidsprogrammet for 2005 på områda forsvarsreform og utvikling av militærvesenet, forvaltning av menneskelege og økonomiske ressursar, handtering av konsekvensane ved forsvarsreformer og reformer i forsvarsindustrien, særleg aktivitetane i tilknyting til makroøkonomiske, finansielle og budsjettmessige spørsmål, innsatsen på området språkleg interoperabilitet og terminologi, vidareføringa av stipendprogrammet til NATO-forsvarsakademiet for 2005/06 og utviklinga av eit Moskva-basert forsvarsreformkurs for offiserar i det russiske forsvarsministeriet og utvidinga av aktivitetane ved det felles omskoleringssenteret i Moskva når det gjeld omskolering av dimittert militærpersonell.

  8. Vi gjekk gjennom framgangen i logistikksamarbeidet, og ser fram til at avtalar mellom NATO og Russland om konkrete sider av dette samarbeidet snart skal bli fullførte.

  9. Vi såg positivt på den vellukka fullføringa av fase I i forstudien til samarbeidsinitiativet for luftrom (CAI) om gjensidig utveksling av sivile og militære trafikkdata, og oppmuntra til vidareføring av dette viktige prosjektet i samsvar med tilrådingane og arbeidsprogrammet som er vi har slutta oss til, som eit bidrag til å sikre den sivile luftfarten betre mot terroristtruslar.

  10. Vi merkte oss framgangen som er oppnådd i samarbeidet om missilforsvar i operasjonsområde (TMD) med sikte på å finne praktiske løysingar for felles forsvar mot kortdistansemissil i ein krisereaksjonsoperasjon. Særleg såg vi positivt på den vellukka gjennomføringa av den andre kommandopostøvinga for TMD i NRC-regi som Nederland var vertskap for i mars 2005, og det russiske tilbodet om å halde den neste kommandopostøvinga i andre halvår 2006. Vi ser at det felles arbeidet vårt vil vere viktig når nasjonane, individuelt og kollektivt, skal vurdere vegen vidare i utviklinga av TMD.

  11. Vi merkte oss framgangen i den pågåande fellesinnsatsen for å utvide og styrkje samarbeidet om å evaluere og reagere på truslar som følgjer med spreiing av masseøydeleggingsvåpen (WMD) og leveringsmiddel for slike våpen. Vi ser fram til resultata av ekspertdrøftingar om mogelege konkrete, praktiske samarbeidsoppgåver innan vern mot kjernefysiske, biologiske og kjemiske stoff.

  12. Vi stadfeste at det er viktig å skape større gjensidig forståing og auka tillit og tryggleik i kjernevåpenspørsmål, og såg positivt på framgangen som er oppnådd i det praktiske samarbeidet på dette området. Vi ser fram til seminaret om kjernefysisk doktrine og strategi som skal haldast i Tyskland i juli 2005, og til at NRC skal ha ei observatørrolle under øvinga i reaksjon på kjernefysiske ulykker som Storbritannia skal vere vertskap for i september 2005.

Til forsida