St.meld. nr. 16 (2005-2006)

Om samarbeidet i NATO i 2005

Til innhaldsliste

5 Fråsegn, Brussel, 9. juni 2005 Møte i NATO/Ukraina-kommisjonen ved forsvarsministrane

  1. Vi, forsvarsministrane i NATO/Ukaina-kommisjonen, møttest i Brussel 9. juni. Vi diskuterte framgangen Ukraina har gjort i gjennomføringa av reformer i forsvars- og tryggingssektoren, og likeins det direkte bidraget Ukraina yter til tryggleik og stabilitet i det euroatlantiske området gjennom si støtte til NATO-leidde operasjonar. Vi er fast bestemte på arbeide saman, på grunnlag av den omfattande samarbeidsinnsatsen vi har gjort til i dag, for å styrkje demokratiske institusjonar, fremje respekten for felles euroatlantiske verdiar og få i stand vidtfemnande reformer i heile forsvars- og tryggingssektoren. Vi forpliktar oss til dette for å støtte Ukraina i det vidare arbeidet med å nå reformmålsetjingane og å bli integrert i dei euroatlantiske strukturane.

  2. Vi sa oss svært nøgde med at det er sett i gang «ein intensivert dialog (ID) om Ukrainas ambisjonar om medlemskap og relevante reformer, utan føringar for eit framtidig alliansevedtak». Vi stadfeste òg at vi er forplikta til å gjennomføre tiltakspakken for auka samarbeid som vart annonsert på møtet mellom utanriksministrane i NUC i Vilnius. Vi understreka samrøystes det kritisk viktige i reformer i forsvars- og tryggingssektoren, som må vere i samsvar med NATO/Ukraina-handlingsplanen og ta omsyn til vedtaket om å setje i gang ein intensivert dialog, og var samde om å intensivere det praktiske samarbeidet til støtte for gjennomføringa av det ambisiøse reformprogrammet i Ukraina.

  3. Vi såg positivt på at det ukrainske forsvarsministeriet har forplikta seg til å halde fram med djuptgripande forsvarsreformer, mellom anna gjennom utarbeidinga av «Det statlege utviklingsprogrammet for dei væpna styrkane i Ukraina fram til 2011». Vi ser behovet for effektive reformer i forsvarssektoren i Ukraina, men streka samtidig under at det er viktig å setje reformene i tryggingssektoren inn i ein vidare samanheng og å sikre at alle nødvendige reformer kviler på tilstrekkelege ressursar.

  4. Vi gjekk gjennom samarbeidsprogrammet for 2005-2006, og stadfeste at den felles arbeidsgruppa for forsvarsreform (JWGDR) som er oppretta mellom NATO og Ukraina, framleis vil vere ein avgjerande mekanisme for samarbeidet oss imellom, også til støtte for forsvars- og tryggingssektorrelaterte sider ved den intensiverte dialogen. I samband med dette var vi samde om å bruke gruppa til å ta opp ei rekkje prioriterte spørsmål, mellom anna om personell, institusjonsbygging, sivil og demokratisk kontroll og styring, og likeins planar, ressursar og gjennomføring. Vi var òg samde om å arbeide saman for å hjelpe Ukraina med å utføre ein omfattande nasjonal gjennomgang av tryggingssektoren for å få til systematiske endringar i alle ukrainske tryggingsstrukturar og -mekanismar i samsvar med euroatlantiske standardar. Med sikte på dette skal Ukraina føre vidtfemnande samtalar og samråd med NATO der relevante ekspertar og tenestemenn òg skal delta. Vi var dessutan samde om å halde fram med å hjelpe Ukraina å utvikle eit nasjonalt forsvarsplanleggingssystem og å arbeide vidare for å styrkje synergien mellom initiativ frå NATO-hald og frå ukrainsk side, mellom anna ved å arbeide for harmonisering av det bilaterale samarbeidet mellom Ukraina og individuelle allianseland.

  5. Vi stadfeste at det framleis er viktig å handtere konsekvensane av reformer i forsvars- og tryggingssektoren i Ukraina, og sa oss nøgde med at det er etablert eit prosjekt gjennom PFP-fondet med sikte på forsvarleg destruksjon av overskotslager av forsvarsmateriell, handvåpen, lette våpen og berbare luftforsvarssystem (MANPADS), og merkte oss at prosjektet var inne i ein siste førebuande fase før iverksetjing. Vi minte òg om at vi står fast på å utvide og d­ifferensiere omskoleringsprogrammet for dimittert militærpersonell. Vi vil dessutan halde fram med å drøfte forbetringar i den ukrainske eksportkontrollen.

  6. Vi tok for oss den sterke ukrainske deltakinga i NATO-leidde operasjonar. Vi verdsette Ukrainas praktiske bidrag til fred og stabilitet, mellom anna det aktive engasjementet på Balkan. Vi såg òg positivt på at ei noteveksling vart underteikna i Vilnius om støtte til NATO-operasjonen Active Endeavour, som skal vere med på å avskrekke, stanse og forsvare mot terrorisme gjennom maritime operasjonar i Middelhavet, og var samde om å arbeide for ei snarleg gjennomføring av det ukrainske bidraget. Vidare såg vi positivt på at den ukrainske regjeringa nyleg har gjort vedtak om å vurdere korleis landet kan medverke til NATO-innsatsen for å støtte opplæringa av tryggingsstyrkar i Irak, og at dei ukrainske styresmaktene er villige til å vurdere å hjelpe NATO i arbeidet med å yte logistikkstøtte til Den afrikanske unionen, som er i ferd med å utvide oppdraget sitt i Darfur.

  7. Vi merkte oss òg at forsvarsministeren i Litauen under møtet inviterte oss til å vere til stades under høgnivåkonsultasjonane for forsvarsministrane i NATO og Ukraina for 2005, som skal haldast i Vilnius 28. oktober.

Til forsida