St.meld. nr. 16 (2005-2006)

Om samarbeidet i NATO i 2005

Til innhaldsliste

5 Militær omforming av alliansen

I tillegg til den politiske omforminga av alliansen heldt også den militære omstillinga fram med full styrke i 2005. Denne omfattar både framskaffing av militære kapasitetar, finansieringsspørsmål og praktiske og administrative tilpassingar.

Eit prioritert område i 2005 var arbeidet med å etablere hurtigreaksjonsstyrken ( NATO Response Force – NRF), som etter planen skal ha full operativ kapasitet innan 1. oktober 2006. Styrken skal vere på ca. 25 000 soldatar. Dei strenge krava til trening og samøving av personellet, i tillegg til behovet for restitusjon etter å ha stått i beredskap, inneber at omtrent 75 000 soldatar til kvar tid er bundne opp i NRF. Noreg har delteke i begge NRF-kontingentane i 2005, kvar på 6 månader.

Styrken skal ha svært høg beredskap. Dette stiller krav til dei allierte om å halde sine respektive bidrag på det nivået som trengst når det gjeld kvalitet, utrusting, samtrening og beredskap. Rolla til NRF som sentralt verkemiddel i den pågåande militære omforminga av alliansen har i 2005 hatt ein monaleg positiv effekt på omforminga av nasjonale forsvarsstrukturar.

Eit sentralt element i omformingsarbeidet i alliansen var utviklinga av nye politiske retningslinjer ( Comprehensive Political Guidance – CPG) for kapasitetsutvikling i NATO. I desember 2005 vart det oppnådd semje om CPG. Det vidare arbeidet vil vere knytt til iverksetjinga av desse retningslinjene, med merksemda retta mot kapasitetsutvikling og koordinering mellom dei ulike planleggingsdisiplinane. Dei politiske føringane i CPG legg vekt på alliansen si evne til å utføre stabilisering og gjenoppbygging i samband med allierte operasjonar, og på å handtere konsekvensane av eventuelle angrep med masseøydeleggingsvåpen. Samtidig vert det understreka som viktig å syte for at NATO framleis har evne til å innfri dei kollektive forsvarspliktene sine og til å gjennomføre høgintensive operasjonar.

Arbeidet med å skaffe fram kritiske kapasitetar for NATO innanfor ramma av kapasitetsinitiativet ( Prague Capabilities Commitment – PCC) heldt fram i 2005. Vanskelegast var det å få oppslutnad om dei store prosjekta, spesielt for tilgang på strategiske transport- og tankfly, og om strategisk sjøtransport. Tankflyprosjektet vart førebels innstilt på grunn av manglande vilje til finansiering blant medlemslanda. Som ei mellombels løysing underteikna nokre nasjonar mot slutten av året ein kontrakt på leige av strategiske transportfly. Noreg har vore leiande i prosjektet for tilgang på strategisk sjøtransport. Det har medverka til ei vesentleg forbetring av den samla kapasiteten på dette feltet.

Dei seinare åra har det vore eit aukande problem å skaffe nok styrkar til NATO-operasjonane. For å få full oversikt over behova i samband med NATO-operasjonar og NRF vart det 15.-17. november 2005 halde ein styrkegenereringskonferanse i det militære NATO-hovudkvarteret, SHAPE. Her fekk ein høve til å sjå heile alliansens styrkebehov i eit samla perspektiv, og fekk dermed eit grunnlag for heilskapleg planlegging av bidrag til enkeltoperasjonar og NRF.

For ytterlegare å bøte på mangelen på kritiske felleskapasitetar til NATO-leidde operasjonar, vart det i 2005 oppnådd semje om å utvide kriteria for fellesfinansiering av desse. Det vart òg oppnådd konsensus om ein ny fordelingsnøkkel for nasjonale bidrag til dei felles NATO-budsjetta. Semja i desse spørsmåla var viktig, men representerte ikkje noko gjennombrot i dei grunnleggjande spørsmåla rundt finansieringa av den stadig meir omfattande og mangfaldige verksemda i NATO.

Omstillinga av NATO medførte behov for endringar i organiseringa av arbeidet ved NATO-hovudkvarteret. Etter påtrykk frå fleire allierte vart det våren 2005 innleidd eit arbeid for å modernisere organiseringa og arbeidsprosessane ved hovudkvarteret. Generalsekretæren la i oktober fram si første tilråding, som mellom anna la vekt på ein resultatorientert organisasjon, betre samsvar mellom oppgåver og ressursar, auka bruk av strategiske diskusjonar og nærare samarbeid mellom den sivile og den militære delen av hovudkvarteret. Det blir no arbeidd med oppfølginga av desse framlegga.

Den nye kommandostrukturen i NATO var i 2005 framleis under oppbygging. Ei hovudutfordring var bemanninga av strukturen, både med omsyn til nasjonale bidrag og innsparing av personell. Kommandostrukturen skal etter planen vere fullt operativ først frå sommaren 2006.

Til forsida