St.meld. nr. 17 (2006-2007)

Eit informasjonssamfunn for alle

Til innhaldsliste

10 Økonomiske og administrative konsekvensar

Framtidige tiltak på dei områda som er tekne opp i meldinga, vil bli vurderte i samband med dei årlege forslaga til statsbudsjett. Som generelt prinsipp gjeld òg at kommunesektoren skal kompenserast for meirutgifter i den grad det blir fremja statlege krav som føreset auka kommunal aktivitet. Dette kapitlet drøftar dei økonomiske og administrative konsekvensane av føreslåtte tiltak, med sikte på både utgifts- og inntektsforhold for dei det gjeld.

Tiltak som underbyggjer det offentleges rolle som tilretteleggar, tilbydar og pådrivar for utvikling og bruk av IKT, vil kunne føre til gevinstar for ei rekkje aktørar i privat og offentleg sektor. Samtidig må kostnadene ved tiltaka vurderast opp mot gevinstane, både på kort sikt og lang sikt. Gevinstar frå investeringar i IKT oppstår ofte andre stader enn der investeringa skjer, og gjerne nokre år seinare. Det er derfor utfordrande å estimere effektar, og konsekvensvurderingane bør tolkast i lys av dette.

Tiltaka som er omtalte her er berre dei tiltaka som kan vurderast til å kunne ha monalege konsekvensar. Det er ikkje gjort noka vurdering av saker som i førse omgang berre skal utgreiast eller vurderast, eller saker med mindre økonomiske og administrative konsekvensar. Vurderingane følgjer kapittelinndelinga.

10.1 Konsekvensar av tiltak i kapittel 4 – digital inkludering

Breibandstilgang for alle

Arbeidet med å sikre eit breibandstilbod til dei siste fire til fem prosentane av befolkninga er godt i gang med løyvingane på 2007-budsjettet. FAD vil i byrjinga av 2007 utarbeide nye overslag for kor store statlege tilskott som trengst for å sikre eit tilbod om breiband til heile landet. Eventuelle behov utover det som no ligg av midlar i 2007 budsjettet, vil bli vurderte i samband med budsjettframlegga.

Tilgang til utstyr og tenester

Forslaga om publikumsterminalar ved alle relevante offentlege kontor, ei styrkt rolle for biblioteka som formidlar og identitetsforvaltning i grunnopplæringa skal følgjast opp innanfor dei økonomiske rammene som gjeld. Forslaga er ei oppfordring til verksemdene, og ikkje absolutte krav. I NAV er installering av publikumsterminalar allereie planlagd. Det er gitt auka løyvingar til digitale læremiddel i utdanningssektoren.

Tilgang til digitalt innhald

Det finst ikkje noka samla oversikt over kostnadene knytte til ei fullstendig digitalisering av kulturarven. Ei arbeidsgruppe i ABM-sektoren har ei tilråding om ekstra løyvingar på 135 – 170 millionar kroner per år over ein 5 – 10 års periode for å sikre ei digitalisering av sentrale verk og ein infrastruktur for tilgang. Ein plan frå Nasjonalbiblioteket for digitalisering av deira samlingar, aviser, tidsskrift, bøker, handskrifter, noter, bilete, kart, plakatar, film, fjernsyn, musikk og radio syner ein samla kostnad på 140 millionar kroner for perioden 2006 – 2010. Dei reknar at det trengst «friske» midlar på totalt 62 millionar kroner for perioden 2007 – 2010.

Frikjøp av opphavsrettsleg verna materiale er det i stortingsmeldinga føreslått å utgreie nærmare. I dette arbeidet vil ein sjå på eit eventuelt omfang av ei slik ordning, og i samband med dette også dei økonomiske konsekvensane. Storleiken er nokre titals millionar. Til dømes har Kunnskapsdepartementet grovt berekna at kostnader ved å kjøpe fri NRK sitt arkivmateriale til bruk i utdanningssektoren vil utgjere om lag 10 millionar kroner.

Universelt uforma løysingar

Det blir sett i gang utgreiingsarbeid knytt til arbeidet med ein ny diskriminerings- og tilgjengelegheitslov, med sikte på få fram dei økonomiske og administrative konsekvensane av universelt utforma IKT-løysingar. På dette området finst det noko erfaringsgrunnlag frå andre land. Krav om tilgjengelegheit for teknologiske løysingar vart mellom anna etablert i amerikansk lov 1 allereie i 1998.

Ved nyutvikling eller omfattande vidareutvikling av offentlege nettstader blir offentlege verksemder oppfordra til å følgje WAI-standarden, noko som òg gjeld ved tildeling av offentleg stønad til andre nettstader. Sidan det er snakk om ei oppmoding og ikkje absolutte krav, kan tiltaket gjennomførast innanfor eksisterande budsjettrammer. Det finst lite internasjonalt materiale om kostnader knytte til dette. Årsakene er blant anna at nettstader ikkje er einsarta, slik at utgangspunktet for eit slikt arbeid vil vere forskjellig. Den internasjonale standardiseringsorganisasjonen World Wide Web Consortium (W3C) seier på eit generelt grunnlag at innarbeiding av WAI-kriteria vil innebere startkostnader knytte til kompetansebygging, i tillegg til noko auka tid med omsyn til utvikling og testing. 2

Gevinstane ved universell utforming vil hovudsakeleg vere auka nytte for alle. Brukarar med behov for tilpassa løysningar kan bli meir sjølvgåande og trenge mindre hjelp, noko som vil medføre mindre behov for personleg rettleiing frå det offentleges side og dermed lågare kostnader. Ved utvikling av nettstader som følgjer WAI-kriteria vil ein òg minske behovet for å utvikle og vedlikehalde ulike versjonar av ein nettstad for forskjellige plattformer og nettlesarar og brukarutstyr då eitt av kriteria er at innhaldet på nettstaden skal kunne visast på fleire plattformer.

Digital kompetanse

Arbeidet med å betre IKT-kompetansen i befolkninga skjer i verksemdene ved rettleiing i bibliotek og på offentlege kontor gjennom kontinuerleg samarbeid mellom offentlege og private aktørar, innanfor dei løyvingar som finst. Etablering av publikumsterminalar er allereie ein del av planane i NAV. Andre offentlege kontor med publikumstenester blir oppfordra til å setje opp publikumsterminalar. Det skjer innanfor institusjonane sine budsjettrammer. Arbeidet med auka digital kompetanse i skulen skjer i hovudsak innanfor lokale budsjettrammer. I tillegg kjem særlege løyvingar til bl.a. IKT i utdanninga under Kunnskapsdepartementet sitt budsjett. For 2007 er løyvinga ca 105 mill kr som går til tiltak som program for digital kompetanse, Feide (elektronisk identifikasjon), ITU (Forskings- og kompetansenettverk for IT i utdanning), og lærande nettverk (program for vidareutdanning innan IKT for lærarar). I tillegg kjem eit omfattande arbeid med kompetanseutvikling i verksemdene.

Når det gjeld arbeid med trygg bruk av Internett for barn og unge, så er dette allereie i dag inne på budsjettet til aktuelle departement (BLD, KKD).

Enklare lisenshandtering i tilknyting til produksjon av lydbøker for blinde, svaksynte og lesehemma må avklarast juridisk. I ein del EU-land betaler ein ikkje noko ekstra til opphavsrettseigarane for denne type formidling, i andre land betaler ein mindre beløp. Disse forholda må avklarast nærmare og dei økonomiske konsekvensane må avklarast i den samanheng. Arbeidet med digital allmenning vil bli vurdert i samband med dei årlege forslaga til statsbudsjett.

10.2 Konsekvensar av tiltak i kapittel 5 – forsking og utvikling

Alle tiltak som krev nye pengar, vil bli behandla i dei ordinære budsjettprosessane. Styrking av IKT-forskinga er det føresett skal finne stad ved ei omprioritering innanfor gjeldande budsjettrammer for forsking. Dette gjeld IKT-forsking generelt, så vel som prioriteringa av IKT-forsking i satsinga på nordområda.

10.3 Konsekvensar av tiltak i kapittel 6 – IKT og næringspolitikk

Verkemiddelapparatet som består av Innovasjon Noreg, SIVA og Noregs Forskingsråd er regjeringas hovudreiskapar for å bidra til å styrkje konkurranseposisjonen til IKT-næringane, og næringslivets bruk av IKT. Regjeringa ønskjer gjennom bruken av verkemiddelapparatet å stimulere til innovasjon i eksisterande og nytt kunnskapsbasert næringsliv i heile landet. Dette skal skje bl.a. gjennom bruk av forskings- og utviklingskontraktar, etablerarstipend og inkubatorstipend.

Kunnskapsdepartementet sette i 2006 av 25 millionar kroner for å styrkje basiskompetansen i næringslivet. Dette for å støtte opp om private og offentlege verksemders behov for grunnleggjande ferdigheiter for sine tilsette eller arbeidssøkjarar. I budsjettframlegget for 2007 har regjeringa føreslått å auke denne løyvinga til 35,4 millionar kroner. Regjeringa ønskjer å informere om moglegheita for små og mellomstore bedrifter til å få tilgang til utanlandsk spisskompetanse. Regjeringa har i budsjettframlegget for 2007 sett av 2,5 millionar kroner til styrking av kapasiteten i UDI til behandling av søknader vedrørande faglært arbeidskraft. I budsjettet er det vidare føreslått at Arbeids- og velferdsetaten blir tildelt 7,5 millionar kroner til arbeidet med å styrkje hjelpa til arbeidsgivarar som ønskjer å rekruttere utanlandsk arbeidskraft gjennom EURES (det europeiske formidlingsarbeidet)

10.4 Konsekvensar av tiltak i kapittel 7 – IKT i og med offentleg sektor

Tenester mot brukarane

For brukaren vil det bli ei vesentleg forenkling dersom alle statlege verksemder gjer relevante tenester for næringsliv og innbyggjarar tilgjengelege i høvesvis Altinn og Miside. Dei vil då finne «alle tenester på ein stad», og dei må ikkje halde seg til mange forskjellige typar innlogging.

Ved utgangen av 2005 var det registrert 699 forskjellige skjemavariantar for næringslivet, med ei estimert total arbeidsbelastning på om lag 4930 årsverk. Altinn sine bidrag til lågare arbeidsbelastning har dermed eit monaleg nedslagsfelt.

Konsekvensane for offentlege verksemder avheng bl.a. av korleis dei gjer tenestene sine tilgjengelege i dei to portalane. Verksemdene som skal distribuere sin tenester via desse portalane, må bl.a. gjere nokre tekniske tilpassingar for samkjøring mot tryggings- og autentiseringsløysingane i Altinn og Minside. På sikt vil felles autentiseringsløysingar kunne erstatte verksemdenes ulike løysingar, og i sum medføre innsparing for offentleg sektor (jf. omtale av felleskomponentar).

IKT-arkitektur, felleskomponentar og forvaltningsstandardar/opne standardar

Etablering av overordna arkitekturprinsipp vil gi føringar på korleis sektorar og verksemder i det offentlege bør innrette sine framtidige IKT-løysingar og elektroniske tenester for å samhandle elektronisk med publikum, næringslivet og med andre offentlege verksemder. Arkitekturprinsippa vil gi ei meir samordna IKT-utvikling i offentleg sektor, blant anna auke potensialet for gjenbruk og reduserte kostnader.

Gjennom arkitekturarbeidet skal verksemdene få avklaringar om kva felleskomponentar det er planar om, og dermed kunne sleppe å etablere eigne løysingar. Blant landets 431 kommunar, 19 fylkeskommunar og 341 statlege etatar med sjølvstendig IKT-ansvar, er det truleg behov for ei rekkje funksjonar som kan dekkjast av felleskomponentar. Etablering av slike felleskomponentar kan realisere stordriftsfordelar, og offentleg sektor vil framstå meir einskapleg og mindre fragmentert. 3 Felleskomponentane vil dekkje normalbehovet i offentleg sektor. Sektorar og verksemder som er avhengige av spesiell funksjonalitet kan behalde eksisterande system, eller dekkje sine behov ved ekstra funksjonalitet i felleskomponentane.

Bruk av opne standardar legg grunnlag for velfungerande elektronisk samhandling mellom offentlege verksemder, og mellom offentleg sektor og omgivnadene. Gjennom bruk av opne standardar skal vi motverke at offentlege verksemder og forbrukarane blir låste til spesielle teknologiar og leverandørar. Dette kan bidra til lågare kostnader. FAD har etablert eit standardiseringsråd for offentleg sektor som skal gi tilrådingar om forvaltningsstandardar baserte på opne standardar. Dersom ein forvaltningsstandard skal gjerast obligatorisk, vil det skje ei grundig konsekvensutgreiing der ein òg vil vurdere behovet for regelendringar. Obligatoriske forvaltningsstandardar kan medføre endringar i IKT-systema. Spesielt der tilpassingskostnadene blir store, vil det bli vurdert om forvaltningsstandardane berre skal vere tilrådingar eller at tilpassinga til standardane kan gjerast over tid. Kostnadene vil bli vurderte i samband med dei årlege forslaga til statsbudsjett.

Som ansvarleg for IT-politikken har FAD hovudansvaret for det vidare arbeidet med IT-arkitektur, felleskomponentar og forvaltningsstandardar i offentleg sektor. I dette ligg òg ansvar for å utgreie behovet for endringar av verkemiddelapparatet (styring, finansiering og organisering). Over FAD sitt budsjett skal det gjerast nærmare konsekvensvurdering som ledd i det vidare utgreiingsarbeidet.

Open kjeldekode

Løysingar med opne kjeldekode gir eit potensial for lågare kostnader. Løysingar/programvare basert på open kjeldekode vil i overskodeleg framtid leve side ved side med leverandøreigd programvare. For at open-kjeldekodebaserte løysingar skal vere eit reelt alternativ, må ein auke kompetansen om open kjeldekode. Ei kompetanseheving vil bidra til at den einskilde statlege eller kommunale verksemda får eit betre grunnlag til å gjere «rette» val m.o.t. teknologi og IT-løysingar.

10.5 Konsekvensar av tiltak i kapittel 8 – personvern

I kapittel 8 er det føreslått ei rekkje personvernfremjande tiltak. Det er lagt til grunn at analysar og tiltak skjer innanfor budsjetta til dei ansvarlege departementa.

Arbeid med trygg bruk av Internett for barn og unge er allereie i dag inne på budsjetta til dei aktuelle departementa (BLD, KKD). Det er ikkje forventa store aukingar. Datatilsynet har fått ekstra løyvingar til informasjonsarbeid med ungdom som målgruppe. Eit tverrfaglig forskingsprogram vil bli føreslått i samband med budsjettframlegget for 2008.

Generelt er det vanskeleg å måle den økonomiske effekten av å vareta personvern fordi personvern i utgangspunktet kan sjåast som ei ideell interesse eller verdi. Ivaretaking av personvern kan ha stor betydning for økonomiske forhold i samfunnet ved at oppslutninga om nye elektroniske løysingar er avhengig av folks tillit, både i privat og offentlig sektor. Gjennom god ivaretaking av personvernet vil f.eks. folk lettare slutte opp om elektronisk handel og elektronisk forvaltning.

10.6 Konsekvensar av tiltak i kapittel 9 – tryggleik

Regjeringa har gjennomgått ansvarsforholda rundt IKT-tryggleiken. Primæransvaret for sikring av informasjonssystem og nettverk ligg hos eigar eller operatør, og ligg innanfor leiingas linjeansvar. Tryggingsarbeidet må ivaretakast i dagleg oppgåveløysning og finansierast innanfor rammene for finansiering av den ordinære verksemda. Kvart fagdepartement har eit overordna sektoransvar. Tiltak i sektorane skal finansierast innanfor gjeldande budsjettrammer.

Samordningsansvaret Fornyings- og administrasjonsdepartementet har for IKT-tryggleik skal berre gjelde førebyggjande, tverrsektorielt arbeid. I tråd med dette har regjeringa i budsjettframlegget for 2007 føreslått å overføre budsjettansvaret for NorCERT (Norwegian Computer Emergency Response Team) frå Fornyings- og administrasjonsdepartementet til Forsvarsdepartementet. Fornyings- og administrasjonsdepartementet skal framleis ha ansvaret for Norsk senter for informasjonssikring (NorSIS), som arbeider førebyggjande.

Samordningsutvalet for førebyggjande informasjonstryggleik (KIS) har sett i gang eit arbeid med å revidere Nasjonal strategi for informasjonstryggleik. Eit nytt forslag til strategi vil liggje føre medio 2007. Strategien skal vere tilpassa dagens situasjon og dei utfordringar som er omtalte under kapittel 9.3. I påvente av at KIS skal leggje fram eit forslag til ein overordna strategi, er det ikkje lagt fram nokon konkrete forslag til tiltak på IKT-tryggingsfeltet i denne meldinga.

Stortinget vil bli orientert om hovudpunkta i den reviderte informasjonsstrategien i samband med budsjettframlegget for 2008.

Fotnotar

1.

Section 508: http//www.section508.gov

2.

W3C: http//www.w3.org/wai/bcase/fin

3.

Eit eksempel er eID/eSignatur. I dag har kvar einskild innbyggjar eit utal ulike PIN-kodar, passord, brukarnamn, kodekort m.v. som er mottekne frå offentlege etatar (men også frå private verksemder) for å nytte seg av ulike offentlege elektroniske tenester. Med ein felleskomponent for eID/eSignatur vil ein innbyggjar i prinsippet berre måtte bruke éin måte å autentisere seg (logge seg inn) for å nytte seg av dei same elektroniske tenestene.

Til forsida