St.meld. nr. 21 (2003-2004)

Styringsforhold på utlendingsfeltet

Til innhaldsliste

2 Forslag

Meldinga inneheld forslag frå regjeringa si side til tiltak på fleire saksområde. Forslaga er å finne i konklusjonane under kapittel 4 og 5. Her følgjer ei oppsummering av dei ulike forslaga:

Forslag som gjeld praksis og vedtak i UDI:

  • Departementet skal kunne gi UDI generelle instruksar om lovtolking og skjønnsutøving.

  • UDI må ut frå gitte retningslinjer vurdere kva slags praksis og kva for endringar i praksis departementet bør informerast om.

  • Departementet skal kunne bestemme at eit positivt vedtak gjort i UDI skal vurderast på nytt av UNE. Etter ein gjennomgang av saka vil nemnda kome med ei prinsippfråsegn som får verknad for tilsvarande saker. Vedtaket gjort i UDI i einskildsaka kan ikkje opphevast eller setjast til side, med mindre det viser seg å vere ugyldig.

  • UDI må etter gitte retningslinjer vurdere kva for positive vedtak departementet bør informerast om.

Forslag som gjeld praksis og vedtak i UNE:

  • Moglege tiltak for å auke kontrollen med praksisen og vedtaka i UNE vil bli lagde fram for høyringsinstansane i høyringsbrevet om styringsforhold på utlendingsfeltet. Regjeringa vil presentere si vurdering av spørsmålet i lovproposisjonen om saka.

Forslag som gjeld Kongen i statsråd som klageinstans:

  • Kongen i statsråd skal vere klageinstans for vedtak i UDI i saker som har med den nasjonale tryggleiken og utanrikspolitiske omsyn å gjere.

Forslag som gjeld stornemnd i UNE:

  • Det blir oppretta ei stornemnd i UNE som ei ytterlegare form for behandling av saker, og koordineringsutvalet blir lagt ned.

  • Stornemnda skal vurdere prinsipielle saker, positive vedtak frå UDI og saker der det er tendensar til ulik praksis i UNE og UDI.

  • Vedtak i stornemnda skal vere retningsgivande for UNE og for UDI.

  • Kommunal- og regionaldepartementet, UDI, nemndleiarar i UNE og eventuelt direktøren i UNE skal kunne be om å få ei sak behandla i stornemnda.

  • Stornemnda vil bli sett saman av tre nemndleiarar, eventuelt inkludert direktøren i UNE, og fire lekfolk.

Forslag som gjeld landkunnskap:

  • Det blir etablert ei felles eining for landkunnskap for UDI og UNE.

  • Eininga blir administrativt underlagd UDI.

  • Eininga skal vere fagleg uavhengig. Det vil seie at korkje departementet, direktoratet eller nemnda skal ha instruksjonsmynde, bortsett frå instruksjonar som gjeld administrative forhold og prioritering av saker.

Forslag som gjeld partsinnsyn i utlendingssaker:

  • Regjeringa tek kritikken mot praktiseringa av reglane om partsinnsyn alvorleg. Tiltak for å betre situasjonen vil bli utforma i samarbeid med UDI og UNE.

I kapittel 6 er det gitt ei vurdering av økonomiske og administrative konsekvensar av forslaga. Til saman inneber forslaga i meldinga ein viss auke i ressursbruken, i første rekkje i departementet, i mindre omfang i UDI og UNE. Sett i forhold til den samla ressursbruken i dag, vil auken vere relativt liten. Den auka innsatsen er nødvendig for å få betre politisk styring med praksis og vedtak i utlendingssaker. På sikt kan det gi ei innsparing.

Til forsida